Jon Sæland, Landbrukstidende nr 30, 1923. Sidene 324-325
Jakob Høyem i Malvika har havt Merinosau i mange aar og ikkje so faae dyr har han selt, men me høyrer ikkje meir til dei. Venteleg vert dei utblanda og avdanka utan at ein einaste mann tek seg planmessig av det som er etter dei. Snart har venteleg ikkje Høyem heller att meir rein merino og dermed er merinoen sin saga ute att i landet for denne gongo ogso. Det kan kanskje ikkje vera so stort aa halde paa heller den reine merinoen. Men det har ofte undra meg, at ikkje ein eller annan interessera saueman vilde nytte merinoen til aa lage ein sers finulla sau. For me har bruk for det, um ikkje for anna, so for det koselege heimearbeidet si skuld. Merino-cheviot er ein baade triveleg og fram i fraa finulla sau. Og tauter-merino er ein overlag finulla og koseleg sau. Paa Edøy fekk me for tri aar sidan para tvo tautersauer med merino-ver hjaa Høyem. Det vart tri gilde lamb med uvanleg fin ull. Eit verlamb vart seld og har seinare gjenge til.
Ein risbitver vart ifjor haust seld til Johansson paa Ski, men han tenkjer berre paa kjøtet og har i sumar slakta den fine veren. No er det berre att ei-tvo og eit halvt aars-søye paa Edøy. Men ho er triveleg og vakker og har uvanleg fin ull. Ho er vakrare skapt enn rein tauter og like triveleg, ser det ut til.
At ikkje ei eller annor kone som er glad i fint garn el seg til ein saueflokk av tautermerino. Det var lett aa faa til i Trøndelag. Og det kunde snart bli fleire som vilde ha av desse smaalaatne koselege sauene. Det kunde ratt koma til aa løne seg med ein slik flokk.
Men det er vel lite gagn i aa nemne dette. Folk vil helst blande, prøve alt og ikkje halde paa noko. Men paa det viset kjem dei aldrig til aa lage noko fram i fraa.
Gvarv 1. september 1923.
Jon Sæland.