Av statskonsulent Sæland, Landbrukstidende s324, 1927
På gården min i Nes, Telemark, sette eg inn 50 lamb til gøding den 6. november 1925. Det var 12 søyelamb og 38 grade verlamb. Lambi var fødde i april og mai 1925. Eit verlamb (335) vart so sjukt ("grus" i migen) at det måtte slaktast den 3. januar. For dei andre byrja slaktingi 4. februar, men alle vart ikkje tekne med ein gong. Fyrst i mars vart 17 av lambi sende levande til Oslo (kjøtsjået). Resten vart slakta heime, og berre tri eller fire kvar viku. På dette viset kunde innmaten nyttast sers godt og ein fekk fast levering av kjøtet til cit hotell i Oslo. Dei siste lambi vart slakta 6. april.
Dei femti lambi var delt i fire flokkar. Det fall soleis 12 og 13 lamb i kvar flokk. Sers vektreknskap er ført for 13 cheviotlamb av eigen flokk (tab. 1), like eins for 13 karakulblandingar - tab. 2 - (derav 7 halvblods, Resten 3/4 cheviot, 1/4 karakul), 12 søyelamb - tab. 3 - (noko sonær rein cheviot) innkjøpte frå Vinje, Telemark, og 12 verlamb tab. 4 - av same slag frå same stad.
Som ein ser av tabel 5 hadde alle femti lambi i medel. den 6. november (då forsøket tok til) ei rund vekt på 28.9 kg., ei kjøtvekt på 13 kg. etter 45 % slaktevekt (snaudklyppte) og eit verd av kr. 32.58. Kjøtprisen er då rekna til kr. 2.50 pr. kg. og skinn og innmat teke som betaling for slakting og frakt på kjøtet (um lambi hadde vorte slakta då).
Den dagen lambi vart slakta vog dei i medel (runde) 40.1 kg. og gav 18.9 kg. kjøt, det vert 47.1 % slaktevekt. Lambi vart atter snaudklyppte straks fyre slakting. Aukingi i rund vekt vert soleis 11.2 kg. og i slaktevekt (kjøt) 5.9 kg. Hertil kjem ulli som dei gav i gjødingstidi: 0.65 kg. for kvart lamb.
Når ein so veit prisane på avdråtten ved den tid lambi vart slakta kann ein finne kor mykje dei var verde når gjødingi slutta.
Småtarmane i kvart lamb vart seld for 1 krone, innmaten vart nytta heime og er godt verd halvonnor krone og dei snaudklyppte skinni ei krone. Dette vert tilsaman kr. 3.50 og vært, noko sonær jamnt med slakting, sending og frakt til Oslo. Dette kan soleis gange upp i upp.
Ulli er rekna til kr. 3.00 pr. kg. Kjøtet av lamb nr. 335 vart seld for kr. 3.00, nr. 5 (tab. 1) for kr. 2.50, nr. 385 for 3.10, og nr. 4, 5 og 12 (tab. 2) for kr. 2.20 pr. kg. Alle dei andre lambi (slakta heime) vart selde etter kr. 3.50 pr. kg. fritt i Oslo.
Etter dette hadde alle femti lambi då gjødingi slutta eit verd av kr. 67.11. Dei var soleis kr. 34.53 meir (yver dubbelt so mykje) verde no enn då gjødingi tok til.
På alle fire flokkane fell det tilsaman 5942 foringsdagar. Gjødingstidi hev soleis i medel for alle lambi vara i 118.8 dagar eller fire månader. Det fell 0.73 foreiningar på kvar foringsdag. På denne foringi hev alle femti lambi auku 559 kg. + 32.55 kg. ull, ialt 591.6 kg. Aukingi for kvar i foringsdag vert soleis 0.099 kg. På kvar foreining fell det i auking i rund vekt av 0.136 kg. Eller: det hev gjenge med 7.1 f.e. til 1 kg. vektauke.
Etter dei prisar som er rekna med for foret fell det 18.2 øyre på kvar foringsdag (dag og dyr) eller kr. 21.57 i medel for kvart lamb. Denne summen attåt det eit lamb vert verdt då gjødingi tok til kr. 32.58 gjev kr. 54.15. Um lambi hadde nådd denne prisen ved salet hadde dei betala foret med dei priser som sett er.
Lambi hev nådd høgare: kr. 67.11. Attåt dei prisane som sett er for foret hev det vorte eit yverskot på kr. 12.96 for kvart lamb.
Alt foret er vege og lambi er - som tabellen syner - vegne kvar 10de dag. Resultatet er i det heile ikkje ille. Når det kunde gange so pass i denne vinteren med etter måten dyrt kraftfor og ikkje so stor skilnad i kjøtprisen haust og vår som me hev vore vane med no i mange år, så ma me hava grunn til å tru at slik gjøding for det meste vil svara seg godt under dei pristilhove me vanleg hev.
Mange av lambi var elles so utrivelege og auka so seint, at dei drog resultatet mykje ned. Ved påsetjing av gjødlamb er det visseleg mykje um å gjera å finne lamb som er friske og hev trivnad.
Som nemnt var 12 verlamb kjøpte frå øvre Telemark. Desse vog (runde) den 4. november i medel 28.6 (frå 20.6-36.5 kg.) kg. og ved slaktingi 38.2 (frå 26--48) kg. Aukingi var i medel berre 9.6 kg. fra 5.4 ti1 14.5 kg. Fleire av desse lambi auka berre 5--6 kg. i heile gjødingstidi som vara kring fire månader. Det beit soleis lite gjøding på deim. Det som auka minst av alle synte seg ved slaktingi å hava bendelorm (massevis av vassbløror på netja). Venteleg var det grunnen til at det auka so lite. Men det stura aldri og såg soleis ikke "sjukt" ut. Eit par andre der imot hadde litt hoste av og til, var motlause og klene til å halde seg fram i matfatet. Dette tyktest elles i nokon mun å gjelde dei fleste av verlambi frå Ø. Telemark. Elles var det eit og anna lamb i alle fire flokkane som iminsto turevis hadde liten trivnad. Alle lambi vart voge 10de kvar dag. Alt foret vart voge. Lambi stod i varmt timberhus.
Når dei ymse forslagi som hev vore nytta vert deila med fordagane (5942) so finn ein, at i medel hev kvart lamb kvar dag fenge tilsaman 2469 gram eller 2.469 kg. = 0.72 foreiningar, som kosta 18 øyre.
Det første kraftforet dei fekk var letthavre. Denne åt dei fleste med ein gong. Der etter fekk dei ruggris, men dei lika ikkje dette og åt lite, vilde helst hava høy, og rotvokstrar. Linkakemjølet lika dei ikkje heller dei fyrste 8 dagane, men seinare vart dei sers glade i dette og no tok dei ogso til å auke munadleg i vekt. Maisen lika dei ikkje noko vidare.
Som det syner seg av tabellen auka lambi sers lite dei tvo fyrste månader. Fyrst i tredje og fjorde månad tok aukingi fart.