Jon Sæland, Landbrukstidende nr 7-8, 1945. S 33-34
Av statskonsulenten i saual Jon Sæland
Alle ynskjer å få tunge lamb med mykje ull, men det er helst få som fær dette, iminsto no i dei forknappe tidene som er. Store og ullrike lamb vert det når søyone mjølkar godt og dette gjer dei berre når dei er i god stand og attpå til fær god foring eller godt beite.
Serleg er det um å gjera at foringi er god etter at søyone har lamba. Då skal dei gjeva so stor avdrått kvar dag, at de i burde hava kraftfor og rotvokstrar eller silo åttåt godt berga og tidleg slege høy. Men no er det ingen som har kraftfor. Då er det verre. Men ein kjem langt med god silo eller romsamt med rotvokstrar attåt godt høy og lauv. I alle fall er det so um søyone lambar seint, som dei bør i krisetider som no. Dei bør ikkje lamba fyrr i mai, helst i seinste helvti av denne månaden eller jamvel fyrste dagane av juni. Nå, det skil seg korleis beite er. Er det lang veg til fjells, mange dagsreisor og beitet er fullt av stride småbekkjer og elles ulendt, då er det ikkje godt å hava so seinfødde lamb. Men elles går det bra og etter tidene no det beste.
Jamnt yver lyt me venta berre lette lamb til hausten avdi kraftforet er burte og avdi få har rotvokstrar eller silo nog til at søyone kan få so mykje dei kann eta av dette etter lambingi. Mange har ikkje anne enn høy å bjoda jamvel tvillingsøyone etter lambinga. Men dette er mykje for ringt endå um høyet er godt. Er det ikkje godt, men kanhenda berre halvringt markahøy vert det mannlegt gali. Då kjem lambi i knott alt fyrste månaden dei lever og vert lette til hausten endå um dei kjem på godt beite når det vert grønt på bakken.
Alle som ikkje har det so romsamt med rotvokstrar eller silo attåt godt frauhøy, at søyone kann få alt dei kann eta av dette etter lambingi, må endeleg lata søyone lamba so seint, at dei kann koma ut på nygroren få dagar etter lambingi og sidan få koma ut og metta seg på nygrodd gras kvar dag til ein jagar til fjells og det er godt beite der. Då vert det tunge og ullrike lamb. Soleis er det at eit feitt kulturbeite i ei sudhalling er so uvanleg gagnleg å hava til lambsøyone um våren. Har ein ikkje dette, er det ingen annan utveg enn å sleppa inn på so snart det vert grønt um våren - um so er at ein vil hava tunge lamb til hausten. Fælt å beita jordet? Ja, det kann so vera, men det er endå fælare å sjå at lambi um hausten kjem att jamvel frå feite fjellbeite som lette knytingar. Nygrodd gras um våren er godt som beste slag kraftfor til lambsøyone.
Du undrast på kor mykje rotvokstrar søyone et upp når dei fær so mykje som dei vil hava. Då et medels tunge søyor etter lambingi minst 6-8 kg um dag, men det er få som har so mykje til kyrne eingong, heile vinteren. Sjølvsagt er det ikkje berre fyrste levemånaden som avgjer um lambi skal verta tunge og ullrike eller ikkje. Markabeitet eller fjellbeitet har og mykje å segja og soleis lyt nog alle iår, då avdråtten er so gjær, gjera alt dei kann for å få sauflokken sin på gode beite. Alle som på noko vis har tid til det, burde vega kvar søye og kvart lamb dagen fyri dei vert sende på beite og dagen etter att dei kjem heimatt til haustar. Då kann ein sjå um beitet har vori godt eller ringt. Eller um beitesumaren har vori god eller ring. Det er gange ganlege røynslor ein kann få av denne vegingi m.a. syner det seg då kva det er for søyor, som mjølkar godt og soleis kjem med store lamb år etter år.
Lamb som kann vera smitta med innvollsmakk av eit eller anna slag eller med lungmakk, vert aldri tunge. Tidt ser me at slike kjem att av jamvel gode beite um hausten og på vekta ikkje kann vera stort tyngre enn dei var um våren då dei gjekk på beite. Syndlegdom.
Ottast ein makksmitta, må ein taka ein lortprøve og senda inn til veterinærinstitutet, Oslo, og beda um rådgjerder um det skulde syna seg, at lambi er smitta. Elles er det veterinæren Nærland, Stavanger, som i fyrste hand skal gjeva råder mot makkplåga no.