J. Byrkjeland. Landbrukstidende s347, 1939

Faktorar som verkar på lambetalet

 

J. Byrkjeland

Etter kvart som levekåri betrast for sauene vert det meir um å gjera at lambetalet aukar. Di fleire tviburar, og di færre einburar det er i flokken di betre vert driftsresultatet. I husdyrhaldet er det høve til med skynsame inngrep å hjelpa naturen til ein større avkastning. Røynslone viser at slike inngrep kann setjast inn til tid og stad ein ikkje fyrr visste um. Når det gjeld lambetalet hjå sau, vil alle som hev lite grand røynsla ha den meiningi at driftsleidaren langt på veg kann regulera dette.

Del faktorane ein helst må rekna med, kann ein skilja i 4 greiner:1) arv, 2) alder og utvikling hjå sauen, 3) holdet kring paringstidi og 4) kva tid sauen vert para i blesmetidi.

1) Arv.

Hittil hev me vanleg rekna med at gjevnaden å få tviburar (tvillingar) hev noko med arå å gjera. Mest einfelt er det då å taka det soleis at saue som sjølv er fødd tvibure, anten det no er ver eller søya, nederver same gjevnaden til sitt avkjøme. Tek ein dette bokstaveleg vil ein finna mange undantak. Det er ikkje alle sauer som er fødde tviburar som vert tviburesauer. Soleis hugsar eg vel eit par tvillingsystrar som var fødde i 1929 og som båe vart påsette. Ingen av desse gav tviburar so lenge dei livde. Den eine av dei hadde 4 fødslar, den andre fem fyrr dei vart sette ut.

0. Th. Engdal hev i ein artikkel i N. Landbruk nr. 34 1939 nenint på at det er noko usikkert berre å døma etter um dei påsette lamb sjølve er tviburar. Han held fram at det er betre å setja på lamb etter mødre som hev havt tviburar alt ved fyrste eller andre fødsel. Eg er enig i det. So ein må ikkje sjå burt i frå ervefaktorar. Men ein lyt tru at det som verkar sterkast i denne grein er den gjevnad kvart sauelivande hev fenge til tidleg utvikling. Det som er knurve og knaure og seint i vokster og utvikling, det hev heller ikkje noko lag til å få tviburar. Den sauen som er snarvaksen vil, um kåri tillet det, alt i fyrste fødsel kunna gjevn. tviburar, og er kåri framleidies gode, vil sauen halda fram med å gjeva tviburar eller triburar.

2) Alder og utvikling hjå sauen.

Det er ei kjend sak at sauene dei fyrste fødslane oftast kjem med berre 1 lamb, medan dei ved seinare fødslar kjem med tvo. Dette syner tydeleg at alderen og utviklingi av kroppen spelar inn. Kroppen må i hovudsaki vera utvaksen fyr han maktar ein slik prestasjon som å gjeva tviburar. Det same ser ein med kyr og merr, ja med konor, berre det at tvillingfødslar for desse er meir sjeldsynte. Um dette synet er rett må ein venta fleire tviburar i flokkar med god enn dei med ring foring. Etter det eg hev lagt merke til er det so. I flokkar der saulambi vert fora so godt at dei gjenom vinterhalvåret aukar vekti si med 5-6 kg, og dertil fær gå på gode beite um sumaren, vil i 11/2 års alder vera fullvaksne av dei vanleg haldne rasar. Og slike vil då ved fyrste fødsel i 2 års alder svært ofte få tvo lamb, og held ved med dette um arv for dette er til stades.

I dei fråsegner eg hittil hev set er ikkje dette halde fram klart nok. Og ein kjem då til å festa seg altfor sterkt ved holdet til sauene fyre og ikring paringstidi. Eg meiner å ha fullgode røynslor for at utviklingi hev like mykje å segja som holdet.

3) Holdet kring paringstidi.

Det er velkjent at på berre medelgode beite vil lambsauene um hausten, når dei hev lambi med seg heile tidi, ofta vera magre. Og slike magre sauer kjem helst med einburar kva ætt dei so er av. Til å betra dette hev me no gjenom mange år freista bøta på saueholdet i denne tidi med kraftfortilskot. Og under medelgode sauevilkår kann ein, som 0. Th. Engdal hev slege fast gjenom sine forsøk, lyfta lambetalet frå 1,2 til 1,5 pr. sau. Det er alltid noko, og viser at holdet hev sitt å segja, serleg for eldre sauer. Men ein vil kanskje stussa litt ved at slikt kraftfortilskot vanleg er utan verknad på gymbrar, ifall desse enda ikkje er burtimot fullvaksne. Etter mi røynsla skal det ikkje hjelpa stort med litt kraftfortilskot til sheviotgymbrar som berre veg 40-45 kg ved paring. Er kroppsvekti derimot komi upp i 50-55 kg fær dei lett tviburar utan kraftfortilskot. Etter dette vil ein skyna at dei som hev

sysla imed å gjeva forklaring på dette ikkje hev fenge tak på spursmålet. Det er ikkje berre holdet som spelar inn, men ogso utviklingssteget. No kann det elles godt henda, at ein mann som tek til med dette kraftfortilskotet i oktober-november, aukar si interessa for sauene i det heile. Dette vil og syna seg i betre tilsyn og betre foring gjenom vinteren, som atter gjev betre vokster til saulambi. Og i si tid kjem då og gymbrane med tviburar. Ikkje avdi det vert gjeve litt mjøl um hausten, men fordi eigaren no hev fenge interessa for sauene, og er teken til å driva rasjonelt.

Sauene må vera i best mogeleg kondisjon skal dei taka tviburar. Alt som hev innverknad på kondisjonen vil då og ha innverknad på lambetalet. Det hev soleis noko å segja at lambi vert tidleg avvande. Sauene bør gjerne gå ein månad gjelde fyrr dei atter vert para. Det synest og ha noko å segja kva tid ein klypper. Å klyppa like innunder paringstidi er ikkje bra, i minste ikkje um veret er surt og kaldt og sauene gjeng ute. Å gå ute i ruskever snaudklypte gjer at dei lid vondt, og dette gjeng og ut over kondisjonen, og dermed lambetalet.

4) Kva tid sauen vert para i blesingstidi.

I vårt land er dei fleste saueflokkar små vanleg millom 5 og 30 lambsauer. Der no sumarbeiti er gode og vinterforingi samstundes er bra ligg lambetalet pr. sau ofte på 1,7-1,9 ja ikkje sjeldan er det 2. I dei nokre større sauehald her finst, synest dette talet liggja lågare. På saueavlsgardane vil det gjerne halda seg millom 1,2 og 1,5. I desse mange mindre saueflokkar er det ikkje berre holdet som spelar inn. Der er sikkert anna og meir ein må festa seg ved. Vanleg vert der sauene para tvo og tri gonger med elt halvt døgers millomrom. Og det er tydeleg at dette aukar lammetalet. Nyttar ein berre ein gongs paring til kvar sau, må denne setjast ut til andre dagen i blesmetidi. Det synest vera mest von til frøing og til tvo lamb når paringi fell i siste helvti av blesmeperioden.