Jon Sæland. Landbrukstidende s 351, 1933
Ein artikkel frå statskonsulent Sæland om Tautersauen på Grande
Tautersauen har ikkje havt vind i segli i mi tid, ikkje på heimstaden sin, Trøndelag, og ikkje annan stad heller.
Staten hev havt ein alsflokk på Edøy og selt av flokken kvar haust på auksjonen i Trondheim. Men prisane hev vore låge. Det hev gjenge med slaktprisen eller endå mindre. Det er klart at folk beint fram vanvyrder Tautersauen. Dette hev eg støtt undrast noko på, for på ymse vis, er det eit godt saueslag. Tautersauen hev betre ull og er spakare enn noko anna saueslag i landet. Og folk likar spak sau og fin ull. Men tautersauen hev vore noko små og hev vakse seint. Dette likar folk ikkje.
Og som utgangar i strandbygdene hev han ikkje synt seg so høveleg som t. d. sjeviot. Han hev vore meir høveleg i innlandsbygdene.
So sette Nord-Trøndelag landbruksselskap for nokre år sidan upp ein alstasjon for Tautersau i Overhalla - soleis i innlandet - på von om det skulde gå betre her enn i strandbygdene. Men det hev ikkje vore pågang etter alsdyr her heller, slett ikkje.
Det møtte ein flokk tauter frå alsstasjonen (Åge Hagerup) i Overhalla på statssjået i Namsos her um dagen. Og jamen var det klart at tautersauen hev gjort eit godt steg fram sidan han kom til Namdalen. Det er på få år gjort eit godt arbeid på denne alsstasjonen. Dyri hadde vorte større enn dei er i strandbygdene. Både gimbrar og risbitverar var ikkje lite større enn t. d. sjeviot. Tri risbitverar var alle yver 70 kg. levande, ein var jamvel yver 80 kg. Han var like tung som ein stor dalarisbit er.
Eg tenkte desse store risbitverar var hardt framdrivne - med mykje mjøl um vinteren og beste fjellbeite um sumaren. Men det skulde ikkje vera so. Dei hadde ikkje fenge kraftfor um vinteren og i sumar hadde dei gjenge på beite ned med Namsen.
Men då må desse dyra eiga evne til å veksa fort under vanlege gode sauekår i innlandsbygdene. Dei er komne fram, til dette på alsstasjonen. Men då burde folk freista denne Tauterætti. Jau eg meiner det. Millom anna skulde då Tauterverar vera sers høvelege til blanding med vanleg sau som sjeviot og dalaslag.
Dei skulde det!
Jon Sæland
.