0. Th. Engdal. Landbrukstidende nr. 45. Sidene 353-356, 1941

Ymse om vilkor og vanskar for sauhaldet i kystbygdene

 

0. Th. Engdal, styrar Statens sauealsgard, Edøy

Det er ikkje tvil om at dei ytste bygder på de lange norskekysten har dei beste vilkor for eit langt større sauetal enn no, meddi det er so milde vintrar og lite snø at det vert mykje utegang. Medeltemp. i vinterhalvåret er soleis -4 grader på Romsdal- og Mørekysten. Den minkar søretter kysten til -2 på Jæren og like eins til -2 nordetter til Røst. Me må heilt ned til Holland for a finna so milde vintrar som på Mørekysten. Dette er Golfstraumen si skuld, som senner det varme Atlanterhavs-vatnet frå nordpynten av Skotland mot Møre-kysten, der han klyv seg, so det meste går nordetter og noko mindre søretter, der den vert mødt av det kalde vintervatnet frå Østersjøen, som gjev kaldare vintrar på Sørlandet, enn dei er nordetter.

Når sauetalet like vel veks lite eller beintfram minkar som mange stader i kystbygdene sidste vinter, so kjem dette av fleire orsaker. Dei viktigaste er, at søyene har lite tvillinglam, at vinterutegonga mange stader er nytta gale, at lite eller inkje er gjort til å betre beitene, at dyra er plaga av mange slag inn- og utvortes snyltarar, og at det truleg er skort på ymse emner i for og beite.

Før har det vore lite rådebøter mot alt dette. No kan me segja at me har gode råder mot mesta alt saman. Praktiske røynsler og forsøk syner, at der rådbøtene vert bruka, missar dei korkje sauer eller lam, korkje før, unner eller etter lamminga om våren for skuld "vassott" eller annan vantrivnad; men der inkje vert gjort, er sau og lammedaude årviss om vårane, so det har hendt at sume har mista over helvta av heile sau- og lammetalet.

Ein so stor skade er eit nasjonaltap av kjøtt og ull m. m. Styremaktene gjer vel i å prøva bøta dette, om folk ikkje vil gjera skyldnaden sin på annan vis. Å minka denne store sau- og lammedaude er det same som å auke sauetalet storom utan å minka nedslaktinga om haustane, medan annan måte å auke sauetalet på lyt gjerast ved å minka nedslaktinga av hodyr.

Ser me so på den første orsaken, so syner sidste krøterteljinga (20. juni 1939), at dei ytste kystbygder frå og med Rogaland til og med N. Trøndelag har langt mindre lammetal enn sauetal etter lamminga om våren, medan det er omsnudd i fjord- og fjellbygdene i desse landslutane. Like vel vert det for mest alle desse fylka i medeltal eit mindre lammetal enn sauetal. Av 100 % sauer og lam er det berre kring 48,9 % lam i Rogaland, 47,3 i Hordaland, 45,8 i Sogn og Fjordane, 49,3 i Møre og Romsdal, 50,5% i S. Trøndelag og 49 % i N. Trøndelag. Det merkelegaste er, at det vert omsnudd både søretter og nordetter. Vest-agder har soleis 54,3 % lam, Nordland 52,3, Troms 50,6 og Finnmark 50,2 % lam. Dei ytste kystbygder står her ogso jamtover betre enn i dei først nemnde fylka.

Det kan vera fleire grunnar for dette. Det er ikkje utruleg at verlag og jordbotn (fjellgrunnen) kan hava noko å segja, soleis at det vert skort på eit og anna slag emne i for og beite. Er dette noko av orsaken, kan det beintfram vera, at det ikkje løner seg med altfor stort tvillinglamtal, før det vert retta på dette. Me veit like vel, at ein ved arv kan auke tvillingtalet, soleis ved å setja på etter søyer som har havt tvillingar første og andre gongen, dei lamma. Forsøk og røynsle viser at kraftig foring eller rikt haustbeite 2-3 veker før og unner paring ogso aukar lammetalet.

Vinterbeitinga er nytta gale eller driven altfor vidt mange stader. Når sauene seinhaustes har snaugnaga og altfor mykje skadegnaga all innmark, lyt dei taka tiltakke med lyng- og myrbeitene samt tang- og tarestrendene og liggja ute i ufyse ver vinternetene. Varmetapet vert altfor stort dei lange, våte og kalde vinternetene ute. Vinterbeiting skulde difor vore bruka berre om dagen, og dyra vennet til å koma heim til eit ope skur eller fjøs for natta, og der finna noko tilskotfor. I alle høve bør kvar lamsøye setjast inn på heil inneforing sidste månaden før lamminga og verta kløpt, so dei lamsøyene vart noko ullgrodde og kunde tola tidleg vårslepping, utan at mjølka minka for mykje til lamma.

Dei lamtunge søyene treng auke mindst 5-8kg. i vekt sidste månaden før lamminga. Dette greider dei ikkje, men letnar fort vekk den verste vintermånaden (mars), om dei vert gangande ute natt og dag. Det går somtid so vidt i dyrplaging at søyene vert for skinnmagre til å føda levande lam, og om dei greider det, er det små og vissne lamkrokar som ikkje maktar å suga, eller so har mora ikkje mjølkedropen. Både søye og lam kan krepere. Då har ein inkje att for får, beite og for års arbeid. Der dei sett inn lamsøyene på heil inneforing sidste månaden og gjev attåt 0,1 kg. sill- og tangmjøl til einlamsøyer og 0,2 kg. om dag til tvillingsøyer, vert det store og gilde lam som greider seg sjølve, og det vert riktmjølkande søyer med store lam til hausten. Det vert då korkje lam- eller saudaude eller kluss og burthefte med stakkarar av lam. Ein lønsam årsassuranse berre ein månad.

Vinterbeitene er for kleine mange stader. Istaden for rett og rettidig brenning av beitelyngen, vert han anten slett ikkje brendt eller ogso skadebrendt, so det ikkje vert fleire årgangar av frodig nyveksande og frisk beitelyng (Calluna vulgaris). Anna lyng duger ikkje. Det kan enda gå ann der det er gode tang- og tarestrender og sauene vane med å gjera seg gagn av dei. Men det er mange sauer som ikkje vil eta tang og tare, og dei vert då ilde farne. Like eins lyt myrbeitene ogso verta brendte med berre nokre år imillom, so friske og grøne storr og sevartar kan gjeva tidleg beite. Like vel kan ein ikkje rekna med stort meir enn halv vedlikehaldsforing på vinterbeitene, og der inkje er gjort, vert dei enddå kleinare.

Dei ymse sausjukdomar får oftast skulda for all skaden. Dei er både inn- og utvortes. Dei utvortes snyltarar et lette å sjå og no lette å vinna over Like vel let folk sauene sine ganga heile året fengde med lus, krabb eller veitr. Desse syg blod, so dyra treng meire mat og vert uroa natt og dag.

Billegaste og bedste råda er no laug eller vasking med råkresol. Berre ein gongs vasking drep både levande oty og puppor og egg. Før krigen kosta råkresolen kring kr. 0,50 pr. kg. hjå jarnvarehandlarane, og dette vert nokk til over 25 snaukløpte sauer. Ein løyser først op 1 1/2 kg. grønsåpe i 100 1. vatn (1 1/2%). I dette såpevatnet blandar ein so 1 1/2-2 kg. råkresol og rører godt om, so det vert velso 100 1. mjølkellknande blanding. Har ein ikkje ein stor så eller stamp å leggja dyra oppi eller cementera vaskekum nedi jorda, gjer ein vaskinga snøggt og lett berre med å setja sauen på ende og so med ein mjuk kost eller halmvisk bløyta han i haudet, unner hals, buk og opetter sidene, utsida og bak låra. So står sauen, medan det vert gjort like eins frå nakken og heile vegen attover. Det som no renn nedetter sidene, vert gnika inn til det møtest med vasket, då sauen sat på ende eller låg på rygg. Når ein mann held, og ein vaskar, - går det snøggt med snaukløpte sauer. Er det utegangarar med lang ull, gjer ein like eins, men ein lyt då skiljå ulla, so vasket renner godt inn til skinnet og vert gnika godt inn alle stader. Det er no fleire slag vask og pulvere. Dei sidste har den fyremon at dyra ikkje vert våte, men dei er dyrare. Det skulde vore plikt for kvar saueeigar å lusevaska sauene mindst kvar haust.

Dei innvortes snyltarar er det diverre ikkje so lett å verta kvitt. Men me veit no pålitande råd for "vassotta,", eller den verkelege iktesjuka (leveriktar). Alle kjenner denne sotta, og no veit me at kapsling med "Ovinal" er bedste råda. Fleire bør slå seg saman og få recept og greida på bruken hjå dyrlækjar. Det vert stort prisavslag og berre ein recept, om det vert kjøpt hundratal ovinalkapslar i gongen. Får sauene 1-2 kapslar om hausten før eller etter paringa og so etter lamminga om våren, ser det ut til at det skal verta råd med å rydja ut denne landeplaga, og sauene vert billegare å fora. Ovinal skal ogso hjelpa mot ymse slag rundormar i innvoldane. Vert det like vel ikkje verknad av Ovinal, har andre innvoldssnyltarar skulda, t. d. løpestrauggylier, hakeorm, bendelorm ell. a.

I gamle dagar var bedste råda mot ymse magesjukdomar tobakavkok. Ein kvart (15-20 cm.) rulltobak vart karva og opbløydt i 300 g. eller ein pegl vatn. 100 g. av dette 3 morgonar etter kvarandre før foring var bedste råda mot magesjuke o. a. vantrivnad hjå ein sau. I ein almanak frå 1664 står, at man etter jul og utetter skal gjeva "faarene almeløv at æde, hvicke ikke her aff æde ere fordervede paa lever og lunge, og de dør" (før sumaren).

Del fårlege snyltesjukdomar og eller mangelsjuker har soleis gjort mykje skade på sauene ogso i gamle dagar. Noko av det bedste me no veit er 2-3 % blåsteinvatn mot løypeorm, og nikotinsulfat mot anna innvoldsmakk, enddåtil mot bendelmakk som kan verta fleire m lang i sauetarmane. Assistentveterinær Flatla ved Veterinærhøgskolen i Oslo gjev op denne recepten:

20 g. koparsulfat (blåstein)

+ 20 g. nikotinsulfat

+ 600 g. vatn

Av denne blandinga rår han til å bruka 30 com. eller gram til vaksne sauer og 15 g. til lam. Nikotinsulfatet er Black Leav, 40 % eller det same som vert bruka til sprøyting av frukttre

Det er soleis no både billege og letvindte råder mot inn- og utvortes snyltarar, og der desse vert bruka, bergar del sauene sine.

Det har like vel synt seg ein ulækjande vantrivnad på lam, serleg verlam første foringsvinteren. Denne kan ikkjé koma av snyltarar, då slike sjeldan har vore å finna hjå del sjuke. Enddåtil dei største og finaste lamma om hausten tek til å verta slappe og matleide kring jul, og verre vert det utetter heile vinteren. Rikleg kraftforing o. a. godt for hjelper ikkje. Lamma vert magrare og magrare, slappe og bleiksottige (anæmiske) og kreperer som eit beinrangel, om del ikkje kjem på tidleg og godt vårbeite. Det er vandt å få skaplege aledyr av slike til hausten.

Dette slag vantrivnad er truleg meire ålmen enn me veit om. Alle stader i kystbygdene, der ein er kjendt, ser ein desse daudøgde, slappe og magre lamma om vintrane og vårane. Del er ojamne (totta) i ulla og har ofta ei møkkaskorpe eller er blautskitne i bakenden. Denne vantrivna. den er kan henda største skulda til at det er so vandt å få til skaplege aledyr i kystbygdene.

Ved Statens saualsgard på Edøy har det no i 3 vintrar vore prøva ymse mineralemner (sporstoffer) i foret etter forsøksplanar frå professor Breirem og assistent Ulvesli ved Landbrukshøgskolen. Ved sida av bedste sort høy, rotvokstrar og kraftfor er det gjeve tilskot av fosfor, kalium, natrium, kaleium, jarn, mangan, zink, nikkel, kopar og kobolt.

Det har synt seg, at inkje hjelpte mot vantrivnaden, utan at dyra fekk kopar og kobolt i foret. Dei som fekk det, nytta same formengd betre enn del andre. Men det viktigaste var, at dyra fekk meire mathug og greidde eta so mykje meir, at det vart dubbelt so stor tilvekst sidste vinteren hjå den flokken som fekk litegrann kopar og kobolt i foret enn hjå del som ikkje fekk.

Det var ogso gjort ei lita prøve med tangmjøl istaden for kopar og kobolt, og dette synte noko av same verknaden. Denne prøva er like vel for lite til å segja noko visst om tangmjølet. Det er ellest ei gamal folketru, at sauer som et tang og tare, ikkje får denne skrantesjuka eller vantrivnaden.

Vert det stadfest ved nye granskingar at kopar og kobolt har denne verknaden, kan desse emna gjera kystbygdene til dei bedste sauebygder i landet. Det vert truleg mineralblanding med kopar og kobolt å få i handelen, og til so lenge gjer ein rett i å bruka noko tangmjøl i foret til alle søyer og lam heile vinteren. 0,1 kg. pr. sau om dag vert truleg rikleg.

Det er heller ikkje utruleg at desse sporemner ved å kurere den anæmiske veikskapen hjå dyra, ogso gjer dei meire sterke mot innvoldssnyltarar, so desse gjer mindre skade på dei. Det er heller ikkje utruleg, at dette kan gjera noko til å betra vilkora for meire tvillinglam. i kystbygdene. Berre fleire forsøk kan gjeva pålitande- svar på desse spørsmåla, og difor treng forsøka å få halda fram til framhjelp av størst mogeleg sauetal i kystbygdene.

Stutt samandrag:

Kystbygdene har dei bedste vilkor for stort saueal, berre vilkora vart rett nytta og vanskane overvundne.

All sau bør laugast i råkresol om hausten, eller på annan måte verta gjort rein for avåt.

Iktesjuke sauer vert å kapsla med Ovinal haust og vår. Mot andre innvoldssnyltarar vert å gjeva koparsulfat og nikotinsulfat saman ein eller fleire gonger for vinteren, men ikkje oftare enn ein gong for månaden. Ved opal av ungsau skal ein gjeva mineralblanding med kopar og kobolt, eller heile vinteren noko tangmjøl og sillmjøl saman som tilskotfor.

Sidste månaden før lamminga treng lamtunge utegangersøyer heil inneforing og å få noko sill- og tangmjøl saman som tilskotfor.