Ole Th. Engdal. Landbrukstidende s 357, 1930

Sauevask, lauging, (dipp)

 

Frå hausten til jul er rette tida å vaska sau for oty (avåt). Det kan vera sauelus (krabb), veiter, fnatt, flott o. a. oty, som gjev klåe, og som sauene dreg med seg frå beitene, der det har øksla seg heile sumaren. I kystbygdene er det mest den store sauelusa (krabb), melophagus ovinus, som syg blodet av sauene. I innlannsbygder, på skog- og fjellbeite, kan det vera veiter og flott, som er verst. Veiter eller kvitlus er lita og vond å sjå; men krabb og flott er optil 1/2 cm. store brune beist. Når sauene skubbar og gneg seg, og byrjar nappa og riva ulla av seg, er dette godt nok merke på avått. Avåtet gjer at sauene vert dyre å vinterfø. Lett vert dei magre og bleiksottige, avdi avåtet et blodet og holdet av dei. For utegangssau vert det ofte so gale at dei starvar av i lammetida, serleg om flundresjuke (iktesjuke) eller anna makkesykje kjem til. Før sauelusa vert mangemennt på ein sau som ikkje vert vaska. Over hundra store lus på ein sau er ikkje sjeldsynt. Ein kystbonde sa eingong, at det er ikkje berre hundre, men "hundrad tusen" pa ein sau. Dette er sjølvsagt ikkje berre "mild overdrivelse", - men eit grøtelegt døme på kor gale det er og kor stor skade det blodsugande avåtet kan gjera. Det skulde difor vore ein lov med høve til laugetvang i dei bygder der det er verst. So vart det mindre dyrplaging og meire gagn av sauene.

Som no det er, laugar folk flest slett ikkje sauene sine. Difor vert det reinhekla dyrplaging mange stader mest heile året. Etter lamminga vert det ei rid litt mindre avåt på sauene, for da kryp noko av otyget over på dei små lamma, som har tunnare skinn og truleg det mest godsmakande blodet. Om haustane er difor både sauene og lamma mykje fengde. Haustlauginga gjer difor ikkje berre lamsau og ungsau reine for avåt, men og lamma som vert fødde våren etter. Dette er den store fyremunen med haust- til julelauging. Innan julekvelden bør difor heile saueflokken vera lauga minst ein, helst to gonger.

Ein lyt bruka noko som drep alt avåtet, og til dette bruket er det no mange slag, mest for mange. Av utanlandske skal me berre få nemna Biggs, Coopers og Dougalls dipp, i såpeform eller flytande. Me har no to norske sortar som er like gode og like billege. Det er "Munken" og "Eureka". Dei er å få hjå del fleste jarnvarehandlarar og apotek. Bruksråder (rettleiding) fyl med, so det er ingen vanske med å bruka dei. Alle desse sortar vask er kreolinblandingar. Difor vert det bilIegast å bruka rein kreolin nøgda utblanda med vatn. Eller ein kan kjøpa flytande rå lysol på apotek. Billegare vert å kjøpa den hjå ein isenkremmar (jarnvarehandlar) og so blanda ut 2 % lysol i vatn. Dette vert soleis 2 kg. lysol til 1% kg. (liter) vatn, og med det kan ein drepa mest all slags avåt på kring 100 sau. Vasket vert da mindre enn 10 øyre pr. sau. Ein må da gjera lauginga på den måten som sparar mest mogeleg vask. Sauene lyt da vera snaukløpte eller hava lite ull (haustkløppte). 2 mann - ikkje kvinnearbeid å lauga sau - hjelpes åt med lauginga. Ein set sauen på ende, eller legg han på ryggen, medan ein annan gnir inn vasket unner hals og buk med ein mjuk kost eller halmvisk. Etterpå vert sauen sett på fire, medan han vert vaska (gjenombløytt) frå nakke til rompeende og nedover sidene. Vasken må ikkje koma inn i auga og øyre. Har sauen ull, vert det rettare å gjera skil i ulla langsetter hals og rygg og so slå vasket i denne renna og gnida det godt inn etter sidene.

Sauer med noko ull vert ikkje heilt pålitande gjenombløytt av vasket på denne måten. Best er da eit laugekjer, ein stor stamp eller så, ei tett avlang kasse eller aller best eit sementera hol i jorda. Kvar sauegrend skulde laga seg eit sovore laugekjer attmed ein vegg med nokre grinder til gjerde ikring. Hola lyt vera lang, breid og djup, so ein sau går nedi, med ein skrå opgang i eine enden, op til ein sementera platting der sauene står til meste vasket vert klemd av dei eller renner attende i laugekjeret. Dei andre veggene i kjeret skal vera loddbeine. Ein kan og bruka 2 slike tette trekasser, eller 2 stampar, den eine til å lauga i, og den andre åt sauene til meste vasket er runne eller klemd av dei. Ein stamp og ei tett bikkvogn kan gjera same nytta. Frå vaskekjeret vert sauene sett oppi bikkvogna, slik at botnen hallar, so vasket renn attende i laugekjeret. Det er i det heile mange måtar å greida seg på i praksis.

Dei her nemde laugemåtar og laugegreider er pålitande nok til å drepa all slag levande oty, truleg skabb og, som gjer so mykje skade på skinda. Men det er den leide greida med avåtet at sumt legg egg og andre puppor, som ligg i ulla og ikkje vert tynt med denne vaskinga berre ein gong. Det skal likevel segjast at berre ei lauging greider seg godt der det ikkje er altfor ille med avåt og egg. Men er det so, gjer ein rett i å vaska andre gongen omlag 14 dagar etter fyrste vasken. Da er egg og pupper vortne levande avåt, so alt vert drepe, og sauene slepp skubba og klå seg eller eta ull. Dei vert trivelege att, og takkar deg for hjelpa med å halda seg friskare, treng mindre mat, og lell veks ull og skrott, so dei vert holduge og lettfødde.

I det sisste er her prøvd eit sterkt vask (Biggs special M. C. D.), som skal drepa både oty og egg ved ei einaste vasking. Det er enno for tidleg å segja noko visst om dette. I Rogaland har vore prøvd ymse slag sterke vask før; men noko heilt pålitande resultat har dei ikkje synt.

Noko anna er å bruka avåtdrepande pulver istaden for vask. Her er prøvd 2 slag til å dusta inn i ulla. Det eine er revepelspulveret "Pulvex", og det andre er "Bargums kvegrensingspulver". Det fyrste er seld av S. H. Lundh, Nidaros. Og det andre av C. H. Norsted, Oslo. Dei synte seg båe vera drepande for sauelus, og det merkelege var at dei såg ut til å verka over heile ullpelsen, endå det sjølvsagt var umogelegt å få pulveret godt inn i ulla og alle stader på kroppen. Det gjekk ikkje med meir enn eit par fingerklypor til kvar sau. Unner dustinga vart sauen fyrst lagd på ryggen og dusta unner buk og hals, og etterpå dusta etter ryggen medan han stod. Bargum-pulveret var billegast, og det såg ut til at båe verka jamngodt. Denne eine prøvinga er likevel for lite til å segja noko visst. Prøva vert fortsett iår. På Gjærøy har Bargum-pulveret og vore prøva, og styraren let vel om det.

Dustinga har den store fyremunen å vera mykje meire reinsamt arbeid enn vasking, og so slepp ein den stygge lukta, og å bløyta seg sjølv og sauene. Bløytinga gjer og at det vert kalt åt sauen eit samdøger eller meir. Difor kån ein ikkje vaska i altfor kalt ver, eller når det er for kalt i fjøset. Det bør ikkje vera unner + 7-8 C. i fjøset eller ute unner og etter vasking; men det er ikkje turvande å bruka heitt laug, litevetta lunka er ein fyremun.

 

Statens sauealsgard, Edøy.

Ole Th. Engdal.