Jon Sæland. Landbrukstidende s35, 1939
Av statskonsulent Sæland
Eg skreiv um dette ifjor og fyrre året og enda tidlegare, men det går smått med å få folk til å lyda.
Vinterlambing er for det meste ein uting som må burt. Men endå er det ikkje att radt lite vinterlamb i Trøndelag, Nord-Trøndelag. Desse bor gjødast og slaktast um v å r e n, ikkje um hausten. Gjøda nyfødde lamb? Ja, det er ingen ting som er so lett å gjøda som slike lamb, dvs. um so er at dei hev ei god mor -som m j ø l k a r godt. Då vert lambi slaktande når dei er 1-2 månader gamle. Då veg dei levande 15---18kg. og gjev kring 8 kg. k j ø t. Når lambi er so tunge og verkeleg f e i t e, då er det høveleg slakttid. Dei sugarlambi som kjem fyrst på marknaden (Oslo) - i mars eller so, fær ein heilt upp til 5 kronor kiloet for.
På eigen gard slakta eg 40 sugarlamb ifjor, medelvekti på kjøtet var 8 kg. og nettoprisen for kjøtet vart kr. 29,23 i medel for kvart lamb. Skinn og innmat gjekk upp i 6 kronor. Nettoprisen for kvart lamb vart soleis kr. 35,23. Lambi vart slakta millom 19. mars og 15. mai. Då var prisen berre 2,50 pr. kg. medan han i mars og april var frå 3,50 til 5 kronor pr. kg. Lambi var millom 30 og 55 dagar gamle då dei vart slakta.
Når nyfødde lamb skal gjødast må møderne hava grisforing. Dei må få mjøl og kokte jordepla eller gode rotvekstrar alt med dei vinn eta - attåt godt høy. Då vert det mjølk. Då vert lambi feite.