Arne Vardehaug. Landbrukstidende sidene 36-37, 1942
Arne Vardehaug, Frol
I jolehelga hadde saueigarar frå Frol og delvis Vinne og Nesset møte på Kaffestova, Levanger. Arne Vardehaug som for sætereigarane i 1941 hadde ordna med saubeite oppå Glonka, meldte om resultatet for året.
Det var frå 38 eigarar slept 392 sau på beite om våren og heimhenta 389 om hausten. Det var då krepert 4 stk., men så hadde det kome til eit lam. Ingen sau var kome bort. Sauene var i år svert uroleg og måtte handgjætast. Veret var heller ikkje laglegt. Først var våren sein, så vart det for turt og varmt med myriader av innsekt, for tilslut å vert riktigt surt, kalt og blaudt. Sauene vart difor noko tynne, serleg dei som ikkje hadde vore på høgfjellet før. Men ellest må ein segja at resultatet var bra, når det var første året. Sauene vart no vant med trakta, og kjenner seg meire heime der sidan.
Møtet skipa så "Glonka saubeitelag" og valgte desse menn i styre: Arne Vardehaug, Fridthjov Munkeby, Odd Amdal, Georg Berg, Buran, og Alv Henning. Styret vart så pålagt: Arbeida ut reglar på grunnlag av mønsterreglar som var lagt fram. Ordna til bruer og trøer som trengs, samt å syrja for midler til det om nødvendig med lån av Fjellbeitefondet. Og å få i gjætarar, om muleg å få hovedgjætar frå Rogaland.
No har styret meldt at alt dette er i serleg godt gjenge (også gjætar frå Rogaland). Dei har og meldt at dei har god von om å få beiterett i Fersvola og Snasa i tilfelle, som dei voner, at det i framtida vart bortimot 2000 sau der oppe.
Møte vart og einige om å få til registrering av øremerker for sau. Alle som skal ha med sau på beite må, for å få sitt øremerke, venda seg til E. B. Heir, som vart valgt til å ordna med registreringa.
Med dette skulde ei stor sak få ei løysing. Sauavlen i bygdene kring Levanger skulle med dette få eit godt puff fram, til gagn for folk og land. Det er om å gjera at folk strakst slutter seg mannjamnt med. Det må ekstra gjæting til nye skokkar som sidan om åra vert med, og det gjer alt dyrare og vandare. I framtida må kanske alle sauer på høgfjellet om sumaren; de skulle det no og.