Jon Sæland. Landbrukstidende s379, 1935

Gjødlamb til kjøtsjået i Trondheim

 

Av statskonsulent Sæland

Selskapet for Norges Vel held kjøtsjå i Trondheim i mars. Då burde det m. a. møta upp mange med fine lamb, fjorlamb. Men skal lambi nå høge premiar, må dei vera feite og fine. Det nyttar lite å møta med skrinne eller halvskrinne lamb. Desse må g j ø d a s t ut etter vinteren skal dei gå i høg pris ut etter på vårsida. Men i Trøndelag er det sers få som kann gjøda lamb. No må sume gjera ein freistnad. So fær dei røynsle for korleis denne drifti svarar seg.

Ein gong til må eg nemna at lambi må vera f e i t e. Men alt med måte, det er so. Gjød lambi kann verta f o r feite og, endå dette hender sjeldan. Når skrottane er kvite mest som eit griseslakt og hev eit "hav" av nyretalg, då er dei for feite. Nyro skal ikkje vera heilt nedgrodde i talg. Ein skal skimta inn på dei bruno nyro so mykje som ein tvoøring på lag, iminsto på det eine nyra. Men ein ser ikkje nyro på eit levande lamb. Kva rettesnor hev ein so? Jau, lambi skal vera so feite som dei feitaste ein ser um hausten frå sers gode beite.

Av dette skynar alle, at dei lambi som skal fram på sjået må hava framifrå fôring i vinter. Dei må no straks setjast for seg sjølv og koma på gjødfor. Dei må få so mykje fint høy som dei vil eta. Men på berre høy vert lambi i k k j e feite. Dei må hava k r a f t f o r attåt, helst ogso rotvokstrar som kålrot, turnips eller jordeple. Og dei må ikkje berre få ein smak av slikt noko. Dei må få m e t t a seg av det kvar dag. Dei som ikkje hev rotvokstrar, må gjeva meir kraftfôr. Kva slag? Ein fær taka det som fell rimeleg i pris og som dyri likar. Inkje kraftfôr likar lamb og sau betre enn heil havre, men havren vert for det meste for dyr til gjødfor. Truleg vert det mest mais i vinter - med soya eller sildemjøl eller linkakemjøl attåt. Grisfôrblanding er elles framifrå - um blandingi ikkje vert for dyr.

Kraftfôret skal gjevast turt i krubba, ikkje som syrpe. Ein kann byrja med ein neve full til kvart lamb um dag og auka på til tvo, tri nevar um det trengst (for å få lambi feite nok). Men dei leitnar ikkje fort skal du sjå. Men dei veks fort på gjødforet.

Kva lamb skal ein gjøda?

I Trøndelag er det mange sauslag. No kann kvar og ein tevla med sine og sjå kven som vert best. No, burde det møta både sjeviot, dala, oxford down, tauter, spelsau og halvblodslamb av mange slag. Og vanlege blandingar. På dette sjået er dei like gode alle berre d e i h e v ein fin kjøttskrott. Verlamb eller tiklamb? Ja det er velso lett å nå fram til høge prisar med tiklamb og gjeldverlamb enn med gralamb. Det er det. Men stor er ikkje skildnaden, her.

Ein bør ikkja taka ut s t o r e lamb til g j ø d i n g. Til gjøding vert lambi a l d r i for små, men dei må vera friske og hava trivnad. Eller so fær ein dei ikkje feite. Når lambbi møter på kjøttmarknaden, bør del helst ikkje vera yver 20 kg. i kjøttvekt Dei som er under 18 kg. sel seg best, i minste i Oslo. Men um dei er 20-22 kg. sel dei seg framifrå godt då med, berre dei er høveleg feite. Sume vil seia at det er vanskeleg å få so små gjødlamb, men det er det ikkje. Det er mykje tvillinglamb og andre som ein kann gjøda alt ein vinn frå no av og til fyrst i mars utan at dei enda kjem nemnande yver 20 kg. Serleg er det so ut i strandbygdene.

Aldri for små? Nei det er so. Berre lambi er feite, so er dei ikkje for små enda um skrottane berre er 10-12 kg. Slike er dei gjævaste av alle i kjøtthallen.

Det er um å gjera at lambi er breidryggja og hev runde, djupe lår. Fine sjeviotlamb gjev for det meste dei finaste skrottane som sel seg best. Men andre kan ogso vera framifrå. No gjeld det um at alle møter med sitt og ser um dei kann bli namnspurde på det.