Arne Vardehaug. Landbrukstidende s380, 1935

Villsauer um hausten

 

Arne Vardehaug, Frol Levanger

Rett som det er ser vi no i avisone melding om at buhundar har fanga inn villsauer. Og meir eller mindre skryter dei av hundane som er so flinke. Det er rett nok, hundane er flinke, når ein først er so uheldig at sauen vert gåande i skog og fjell utover seinhausten. Og til d e t bruket trengs det ikkje nett so serleg flinke hundar. Ikkje ein av dei kvelpar eg har hatt høve til å prøva, har vist seg duglaus. Sjølvsagt er ikkje alle like gode. Sjølv har eg dei siste åra vorte for mykje opteke til å vera ute noko nemnande, i haust berre to turar på villsaujagt. Men hundane går då. I dag tok "Finn" og "Lussi" ut til Sunnan for å få has på villsauer der; og desse hundar som no, er ute 6te hausten, kan sine ting når det gjeld fanging; det hadde vore dårlegt om ikkje so hadde vore og.

Men eg er ikkje nøgd med denne ordning at ein må fara fjell og skog, for å fanga inn sauer, til jol og vel så det. Når det er so at sauene vert gåande, so er det ein greid, kanskje einaste måte, å få buhunden til å taka dei. Det er korkje dyrplageri eller noko anna fælt; sauene veit ikkje ordet av for hundane har dei fast og folk kjem med band og sett på dei. Men om ikkje fanginga er dyrplageri, so veit eg ikkje om eg kan nekta for at det er dyrplageri å lata sauen gå so lenge, i regn og slud i snø og kulde. Isen sett seg som eit hardt lag i ulla, og når sauen legg seg frys han fast, og maktar ikkje so utsvelta som han er å riva seg laus og reisa seg; men må lida ein fæl daude. Det er ikkje fantasi desse skildringar, men verkeleg fakta. Kan hundar fanga inn dyra so tidlegt at dei ikkje lid slik, er det bra. Og det går når ein er ute i rett tid. Men likevel, sauen som vert gåande so lenge som vi er vitna tid, lid fælt vont. 0g einaste boterada er å ta sauen heim i rett t i d! Ta dei heim før jagta og myrke netter kjem, og før dei vert spreidde ein - to og tri her og kvar. D å er det om at buhunden kan sitt arbeid, samla skokkane og ikkje lata e i n sau stikka av, men får alle med heim. Vi har ikkje mange flinke hundar til det bruke her i Trøndelag. Ikkje kan vi, og ikkje har vi vanlegt høve til å dressera hundar til dette. Grunnen for dette er at vi mesta driv sauealet på slump og sleppar sauene i skog og mark om våren uten tilsyn. Når so hausten kjem gå nokre no og nokre då, leitar sauer og j a g a r sauer. Finn sau her og der, jagar dei til dei ser at ikkje deira er der, lett dei so gå til andre kjem å byrjar jaga på dei att. Finn so k a n s k j e ein flokk der -ein ser at nokre av sine er; jagar dei ei tid for å få skokken i hus for å skilja. Her og der stikk det vekk ein og to sauer, men når det ikkje er mine so lett vi dei fara, tenker folk. So får vi villsauene.

For å koma bort frå denne utingen, er det berre ein veg å gå, og det er å organisera sams sausanking i bygdene. Best er det å ordna det frivillig, med at eit lag e.l. vel nokre menn til å tegna deltakarar forsams sanking. Når so våren kjem, so ordnar ein seg med sauebas, som får tall og merker frå kvar saueigar over dyr som er slept på beite. Saubasen sett so fast sams sankedag om hausten, segjer til folk å møta og gjev dei ordre kor dei skal gå, so ein ved manngard kan "kjemba" heile beitefeltet, og driv rubb og rask til skiljeplassane. Hunden er god å ha med til dette. Ti vekes tid etter, skal sauebasen ha fått greida på om det enda er sauer borte. So får han eitpar karar med gode hunda til på akkord å fanga inn resten. Og kostnaden med å få fatt på desse vert då utlikna på a l l e sauer som på beite har vore. Slik omtrent kan ein ordna sams sauesanking. Og vil ikkje alle vera med, kan flertalet etter loven no tvinga dei med. Vil dei ikkje vera med i leitinga (men fylja den gamle måte mange brukar å lata andre gratis ta med sauene), so må dei betala for å få att sauene; og det at andre bygder har same sankedag og delvis på same felter, må det samarbeid til millom bygdene.

Dette vert rette måten med innfanging av sau. Mindre kjem bort, billigare vert sumarforet og dyra lid ikkje vondt. Difor: bondelag landbrukslag, småbrukslag eller jordstyrer! Velga folk no som byrjar organisera dette. Det er no i jola rett tida for å ta op arbeidet for s a m s sauesanking, so det er i orden til neste haust.

Frol, 2. desember.

Arne Vardehaug.