Sæland svinger pisken over Trønderne. En annen insender er lei av synsing og etterlyser forsøk. Innleggene stod i Landbrukstidende (nr 49-1937, side 386-387).
Jon Sæland
Ein mann på Strinda (C. B. Alfsen) skal nyleg havå ført inn oxforddownsau frå Skottland og no melder denne mannen seg (Landbrukstidende sidé 379) med eit rasande åtak på dalasauen og på blandingsavlen. Men «Vi», skriv han, «som ser mere forretningsmessig (det står verkeleg «forretningsmessig») på sauavlen, finner ingen stor sau som gir penere slaktekropper og penere ull enn oxfordsauen.» Høyr det. No skal det bli andre greidor.
I kring 8 0 år hev denne sauen m. a. havt den finaste staden (Landbrukshøgskulen) som nokon sau kunde få i landet og på mange andre vis og er det gjort kostesame upptak for å halda han uppe og få han fram. Jamvel eg hev vore med på dette noko t. d. kjøpt ein stor fin flokk frå Skottland.
Men alt hev vore til fånyttes. Det er spreidt alsdyr av dette slaget yver helle Noreg gjenom 80 år, men ingen stad hev det bite seg,fast. Etter kvart som folket hev røynt det ut er det vorte nedslakta. Iminsto hev det gjenge so alle stader i landet der folket er verkeleg kunnige i saueal og driv «,forretningsmessig» utan å hava noko Qvamske legat til å halda seg uppe med.
Det er nok ikkje eg som hev gjort oxforddownsauen um inkje i landet. Det hev han gjort sjølv avdi han hev synt seg uhøveleg her. Er det noko me verkeleg er visse um i norsk saueavl, so er det at oxforddownsauen hev spela ei ynkeleg rolle og det burde snart få bli stillt um han. Men det er sume som ikkje tek lærdom av soga. Dei er stad. Og no kjem Alfsen frå Strinda ridande «forretningsmessig» på det Qvamske legat og skal greida upp med det som ingen hev greidd i 80 år.
Velkomen! Men eg kunde kanskje få gjeva han den rådi at han ikkje roper altfor høgt fyrr han er komen ut or stalddøri.
Dalasauen hev ingen sagt er lytelaus. Men likevel hev han då på dei 10--15 åri han hev vore til, greidd å vinna seg minst 100 gonger so stor plass i landsens saueavl som oxforddownsauen hev greidd på 80 år. Dette må vel tyda på, at folk ikkje kann hava funne han rad t rådlaus.
Men fyregangaren for oxforddownsauen tykkjer «det går for vidt» no når «voksne mannfolk for en helt ukjent blandingssau vil ødelegge hele sauebestanden i landet.» Det høyrest ålvorsamt ut dette. Og det er truleg meg og dalasauen som det er mynta på. Men då må eg få spyrja Alfsen: Når han ottast at eg med dalasauen vil øydeleggja heile saueflokken i Noregs land, so må han venteleg kunna peika på sume landslutar som øydeleggjingi alt er fråseggjort. Kann han dette? Kvar er det dalasauen hev øydelagt sauen for folk? Er det i Soknedal eller annan stad i Gauldalen eller Trøndelag i det heile?
Det skal vera so ravgale at dalasauen er ein «blandingssau». Ja, det er like gale dette som at raudt Trønderfe og Målselvfe og raudkollone på Austlandet og raudkollone på Sørlandet og Vestlandet er blandingskyr. Kva er det i det heile av husdyri våre som er feilfrie og «ekte». Kanskje oxforddownsauen? Nei, det er ein blandingssau so god som nokon berre me går attyver nokre år.
Alfsen vil hava «en mere tilfredsstillende ordning ved bedømmelsen av sau på utstillinger». Dette «vilde være tjenlig for hele landet og alle raser», skriv han.
Me høyrer dette. Men kva er det som er gale? Det må «arbeides for at opdretterne får et ord med når sauen skal bedømmes». Nett som dei ikkje skulde hava dette no! Det høyrest ut til at Alfsen ikkje hev minste greide på det han vil finnast åt. Statskonsulenten i saueal skulde hava litt greide på korleis det er på sauesjåi. Men det kann han seia, at det er ikkje berre so, at sauealarane hev «eit ord» med i laget, for det meste hev del det tyngste ordet og tidt hev dei a I t å seia.
Skynar eg Alfsen og Brønstad rett, vil dei hava «reinavl» ikkje berre for dei som møter pa sjåi og når premi, men for kvar og ein utan dei som driv vitskap.
Men dette er me fullt klåre yver ikkje er bra i saueavlen. Det kann elles ikkje gjenomførast i landet utan me alle arbeidde berre med ein rase eller alle var under formyndarskap
Arne Vardehaug
Eg har med stor interesse lese stykkene av Brønstad, Sæland og Byrkjeland om stor og små sau. Desse stykker har styrka min tanke, som eg har hatt i fleire år, at vi skulde hatt nokre nøyaktige og pålitelege forsøk om kven som løner seg best under dei ymse høve av små og stor sau. Eg sjølv har hatt dalasau og sjeviotsau, para del med ekte, premierte verar, kvar etter sin rase. E g har slutta med dalasau. Men det er berre skipperskjøn. E g kan ikkje rå folk til å ta de n eller d e n rase; dertil er mi personlege røynsle for lita og gjeld for få dyr utan nøyaktig kontroll; og eg har den kjensle at fleire har det som meg.
Vi skulde hatt forsøk millom dalasau og sjeviotsau t. d.; der vi vog foret nøyaktig for kvar rase, og der vi fekk vekt på lamma om hausten. Då fekk vi sjå kven som lønte seg best. Men før vi slær noko fast må fleire dyr vera med i forsøka og gå igjenom fleire år. Samstundes må det vera skilde forsøk etter dei ymse beitetyper; då fekk vi og sjå kva rase var best under dei ymse livskår.
Eg vilde gjerne sendt ei uppmoding til våre landbruks og småbruksskular: ta til med slike forsøk. Kostnaden skulde lata seg gjera a bera for dei.
Når det gjeld forsøk millom dyr, har eg fleire på mi ynskjeliste. Diverre vi har mindre sikre forsøk når det gjeld dyr enn plantar. Verre er vel dyreforsøka og å få nøyak tig, men noko meire kunde då gjerast. Det nemnte forsøk skulde då lata seg gjera å få til.