Landbrukstidende nr.50 1937. Sidene 393-394
Av fylkesagronom ARNE BU i Vestlandsk Landbruk
Sauen var alt i fyrhistorisk tid eit av folket sine fornemste og nyttigaste husdyr. Sauen gav kjøtt, ull og mjølk, og han høvde som husdyr for den fastbuande bonde likesovel som for nomaden. Både i sogetidi og lenge etter var husdyrbruket vårt uppbygt, på beitebruk og snaufôring um vinteren. Sauen høvde best til å nytte våre store beitevidder. Jamvel i sogetid hadde ein utegangssmale, villsmale, på øyane på vestlandet, og det er i Erkebiskop Jon's Kristenrett pålagt ulltidend på sau som vart fødde ute i øygarden. Gulatingslovi sette normalpris på vadmål, soleis var 6 alner vadmål likt 1 øre, og 100 alner vadmål var likt eit kyreverd.
Før 1860 var det for det meste berre stuttrumpe sauen og nokre Tautrasauer som me hadde her i landet. Båe gode norske saueslag. Men etter 1860 hev det både offentleg og privat vore innført utanlandske saueslag, serleg cheviotsau. Men i tidi 1820-50 hadde me fenge innført Deshley og Oxforddown. (Me førde inn kyr ogso). Og endå før hadde me fenge innført både Merino og Leicester. Leicester hev vorte kryssa med gamal norsk sau, og er upphavet både til Dala og Ryggjasauen. Skilnaden er berre at det er meir Leicester i Dala enn i Ryggjasauen.
Når det er spursmål om val av racar, må me som engelskmannen nytta den racen som er besst i samhøve med livsvilkåri som ein råder yver. Sauen skal gjeva sin avdrott på beite. Hev ein gode beite og nok vinterfôr, høver det godt med ein stor god mjølkesau, ein sau som kjem med store lamb frå beitet um hausten.
I heimlandet sitt er Cheviotsauen ein lyngsau. Han lever i høglandet i Skottland. Det er ein triveleg, velbygd sau; men er ikkje nokon god mjølkesau. Lambi er jamnaste små um hausten. Sauen veks seint. Men når han fær tid på seg vært det ein nokso stor sau.
Då det er eit kjøttdyr tek han seg ikkje upp att i mjølk. Som kortnhornsfeet hev han og den same givnad at kjem han på simpelt beite um våren med lamb, gjelnar han av, og han tek seg ikkje uppatt i mjølk um han kjem på betre beite seinare; men berre et seg feit og lambi vert små. Der høgfjells-chevioten er innblanda med den gamle låglandschevioten er mjølkeevna større og dei gjev større lamb.
Svartfjessauen er ein smånøgd, triveleg sau; men då ulli er grov, og sauen er svært leid med skogen høver han lite for oss. Av dei gamle norske saueslagi er det stuttrumppesauen som er mest forvitneleg. Det er den sauen som landnåmsmennene hadde med seg. Difor hev ogso sauen vore kalla den geitehornutte steinaldersauen. Den sauen rådde grunnen umlag åleine til midten av 1900. I 1865 hadde med 1,705,000 sau. Ifrå då av minkar sauetalet. Og etter at det offentlege tek til med innførsla av framande saueslag, gjeng sauetalet ned, so ein i 1907 berre hev 992,000 sau. Det hev vore sagt at det var meieridrifti som var skuld i dette; men det er visstnok den minste årsaki. For dei fylke som hadde og hev mest sau (Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre) hadde i 1890 åri berre 22 meieri. Hovudårsaki var skifte av sauerasen. Me tok til med ein meir kravfull sau som skulde dela fôret med kyri, difor måtte sauetalet ogso ned.
Stuttrumpesauen vart øydd; me hev berre nokre restar av han i dag. Og dei er og hev vore vanstelte i lange tider, og sume stader øydelagde ved innblanding av framande sau. Dei er små, både fordi dei hev gjenge pa simple beite, men og fordi saulambi fær lambalamb og lite mat. Det er ein sau som hev givnad til å verta stor med godt stell. På Nord-Island hev renningane etter den norske sauen fenge levevilkår, og der er sauen stor.
Eldre verar kan vera upp i ei slaktevekt på 76 kg. Stuttrumpa hav mange gode givnader som det er verdt å gøyma på. Både kjøtt og feitt er betre, og ulli av den beste, og hev større glans enn på noko anna saueslag som me hev. Dertil er det framifrå gode mjølkesauer, og gode mødre (passar lambi), so lambi er umlag nære, på fulllvaksne ved 7-9 mndr. alderen. Sauen greider seg godt på lyngbeite um vinteren og høver soleis godt til å nytta våre store lyngvidder. Dei beitar i flokk, so dei er lette å gjæta og å finna i beiti. Kjem det snø, samlar sauen seg (likesom reinen) på ein haug, for at dei ikkje skal driva faste. Og so snart det sluttar å snøa går del på leiting etter mat. Dei kan som Merinosauen sparka snøen burt med framføtene, so dei kjem på berr mark. Pungen til handyri ligg um vinteren ofte i ein ullvott, so dei skamfrys ikkje um dei ligg ute i kaldt ver. Sauen er utstyrd i frå naturi si sida som eit framifrå beitedyr. På gode beite um sumaren lagrast det av rundt innvolane store mengder feitt. Det er upplagsnæring til vinteren. Er sauen feit um hausten greider han seg med simple lyngbeite um vinteren.
Stuttrumpa minner mykje um reinen som beitedyr. Reinen legg feittet, (skjeldren) upplagsnæringi, på krossen. Stuttrumpa rundt innvolane. Sauen røyter felden um våren. Felden er i tvo lag, overog underull, tåg og tel. Men ved godt stell og utval er det likesom denne givnaden dett ut. Den lange overulli gjeng ut. Ein er ikkje utsette for å få vintralamb. Veren kan gå med saueflokken vinter og sumar. Del passar paringstida sjølve nett som reinsdyri.
Avlsarbeidet med stuttrumpa er eit av dei mest forvitnelege avlsarbeid som me hev idag; for det er so mange ukjende typer som skjel seg ut. Det som ein merkar seg fyrst er liten på lambi. Dei er svarte, grå, brune, flekkute, gråblåe med svarte toppar på felden, og hendevis raude som liten held seg ikkje. Derimot dyr med den glinsande svarteliten arvar sikkert (er homozygot). Den andre brunsvarte liten er usikker.
Ifrå gamalt til i dag hev avlsarbeidet med sauen vorte drive, på ymist vis. Når dei igamle dagar høyrde gjete, at dei i England og Spania hadde betre sau enn me, tok dei straks til og førde inn framande saueslag. Og det held ein på med endå andre land arbeidar fram sine husdyr i samhøve med livsvilkåri. Sverige og Finnland kjøper jamvel store eigedomar, for å taka vare på restane av den gamle sauen sin. Her hjå oss gløymer ein dette, at racen gjeng gjenom munnen til dyret. Ved å lata stuttrumpesauen vår få nok mat um vinteren og fjellbeite um sumaren, kjem han alt no um hausten heim med større lamb enn cheviotsauen i dei ytre bygder. Då dei i gamle dagar malka sauen, vart det eit stadigt val av dei beste mjølkedyri. Difor er stuttrumpesauen den beste mjølkesauen me hev idag. Det er fortalt um han som arbeidde fram cheviotsauen, at han ,teikna ein fin sau med krit yver sengi, si. Den sauen var idealet han arbeidde mot. Er her nokon i dag som vil taka seg av stuttrumpesauen og arbeida han fram til heiderplassen, som han fortenar?