Rasestrid i Trøndelag - Dette innlegget stod i Landbrukstidende nr 1-1938, side 3
Jon Sæland, statskonsulent i saueal
I siste nr. (22. des.) av Landbrukstidende er det eit stykke um «Pavedømmet» i sauavlen. Det hev ingi underskrift. Redaksjonelt? Det kann det ikkje vera, for det hev mykje reint v r ø v l som t.d. den ting at eg hev som «mål å få bare en saurase å arbeide med i landet». Det må vera fyregangaren for oxforddownsauen på Strinda (Alfsen) som er vorten so vond, at han ikkje kann styra seg lenger, som hev skrive stykket. «Dalasauen greier sig bedre. «Han gjer det» og dermed basta» skriv han, og vil hava dette inn på meg. Men eg kann diverre ikkje skriva under det som Alfsen legg meg i munnen. Um han eller andre vil sjå mine meiningar um dei ulike sauslag i landet, so kann eg visa til Ny sauebok som er å få i alle bokbuer.
Eg nemnde som sant er at dalasauen på 10-15 år hev greidd å vinna seg minst 100 gonger so stor plass i landsens sauavl som oxforddownsauen hev greidd på 80 år. Dette skynar ikkje Alfsen. Men «såfremt interessen for saueholdert har øket «100 ganger» og sauetallet i landet har øket «100 ganger» så kan han forstå den store ekspangsjonstrang», skriv han. Dette er kanskje klårt og skyneleg. Men eg skynar det ikkje.
Han hadde havt interesse av eit samanliknande «forsøk» millom dala og oxforddown t.d. i Oppdal eller på Hjerkinn i 10 år. Jaja, um han kunde få dei tusund som trongst till dette, so var han endå like vis um desse tvo sauslagi for S t r i nd a, der tilhøvi for sau er mykje onnorleis enn i Oppdal eller på Dovrefjellet.
Han hev svær tru på dei innførde oxforddyri m.a. avdi dei er kome frå mr. Templeton som i 17 år hev halde uppe champion for sau. Det er truleg Templeton på Sandyknowe, Kelso. Eg hev vore hjå han og set dyri hans og beite og stellet. Det er ørlite grand onnorleis enn det er på Strinda eller jamvel i Opdal eller på Dovrefjell. Det er born i sauavl og saustell som kann tru, at dei med det stellet som er på dei nemnde stadene kann halda uppe sau frå mr. Templeton på Sandyknowe. Men er det pengar nok å rulla med, så lat rullan gå til dei med e i g n e røynslor når fram til det som den 80 årige soga åt oxforddownsauen hev lært oss med hard hand: At folket i Noreg i k k j e fær det til å gå med dette sauslaget. Det er iminsto ikkje grunn for det offentlege til å kasta burt endå meir pengar på «forsøk» med oxforddown.
At driftsleidar B æ r ø e på Ås framleides held gode minor til ringt spel og at sume andre og som held seg uppe med sal av alsdyr til gode prisar kann kyta av oxforddown det er eit alt for veikt prov for at dette sauslaget hev framtid fyre seg i landet. Ein må tru mykje meir på den slitande bonden som no i 80 år hev røynt ut dette sauslaget og kasta det frå seg so å seia alle stader. Dette veg iminsto tyngre for meg enn mange «forsøk» endå um, dei både var samanliknande og kostesame og vara i 10 år.
«Vi (Hjerkinn) har ofte trillinglam og søia klarer alle 3 uten kluss og lammene blir like store som tvillinglam». Slik skriving som det siste her er ikkje berre vrøvl, det er humbug.
Alfsen vil hava det til, at eg hev arbeidt so imot oxfordsauen. Kvar hev han det ifrå? Skulde eg hava drege fram og narra innpå folk det skramlet som under oxforddownnavnet stundom hev møtt på sjået i Trondheim? Eg hev ikkje minste vondt av at eg skulde hava gjort for l i t e for å gjeva dette sauslaget framgangs veg. Aldri hev eg stengt det ute frå sauesjåi eller dømt det hardare enn annan sau, tidt hev eg tilrådd statstilskot til lag med oxfordver, tidt hev eg kjøpt dyr åt folk i inn og utland og for statens rekning hev eg kjøpt ein stor, fin flokk (1919) oxforddown i Skottland og halde hand um den som alsistasjon i mange år, og mangt anna. Men korleis er fruktene? Knurvelege, knurvelege.
Det gjekk litt onnorleis med dalasauen. Denne vart skipa til på restane av ein stor, daudlyndt sau som sume landslutar hadde halde på i seksti år utan minste hjelp og trass i sterk m o t b ø r frå det offentlege. Denne hev vunne seg so raskt fram utan store utlegg for det offentlege, at ikkje radt lite av mitt arbeid her hev gjenge ut på å s t a g g a folk, so dei ikkje gjeng raskare fram enn rett er når berre gode dyr av gode ætter skal nyttast i avlen.
Alfsen skreiv at eg «vil ødelegge hele sauebestanden i landet med en helt ukjent blandingssau» (dalasau). So bad eg han « peika på sume landsluter som øydeleggjingi alt er fråseggjort». Han svarar på dette med, at «kyststrøket er blitt velsignet med en iherdig innblanding av s j e v i o t». Dette finn han er gale, og d a l a s a u e n er den skuldige. Er det ikkje skarptenkt?
«Videre skulde vel utstillingen pa Steinkjer være en pekepind på forholdet i Nord Trøndelag» der som «bare 5 av 20 fremviste risbitværer smatt igjennem til 3dje premie». Han hev ikkje vore på sjået i Nord Trøndelag iår og kanskje ikkje tidlegare heller til samanlikning. Men denne hendingi i eit strok der dei sovidt hev b y r j a med dalasau er nok for han. Nord Trøndelag er øydelagt og kyststroket er øydelagt med «sjeviot».
«Hvad ønsker De mere av ødeleggelse hr. statskonsulent?» Nei eg er velnøgd når det likevel ikkje var meir enn dette, for då vil truleg «sauebestanden i landet» klare seg likevel.