Jon Sæland. Landbrukstidende s401, 1936

Sal av feite sugarlamb

 

Av statskonsulenten i saueal, Jon Sæland

I Vinterlamb løner det seg betre å slakta um vinteren eller våren enn um hausten

I dette skriftet for 1. april, 29. april og 19. august iår skreiv eg um feite sugarlamb til sal i ung aldre (1-2 måander) og rådde trønderar som enno fær vinterlamb til å fø upp slike lamb. Det er vel lite ventande at nokon no vil taka framatt desse stykki og lesa del med ettertanke. Men vil nokon taka seg so mykje bry, so vil eg serleg rå til at dei ser på det som stod um dette spursmålet 19. august.

No er det eller vert det s t r a k s aktuelt å gjera noko med dette spursmålet for alle som vil noko her. No kjem snart vinterlambi, og skal dei slaktast ein til tvo månader gamle, må møderne vera feite eller iminsto i god stand når dei lambar. Eller so mjølkar dei for lite. Men skal vinterlambi bli feite og slaktferdige 1-2 månader gamle, må møderne mjølka dugeleg.

Set straks alle tikkor som lagar seg til å hava vinterlamb på kraftig foring. Berre høy og lauv er for skralt. Det må rotvokstrar og kraftfor attåt.

Etter lambingi må dei forast endå sterkare. Då må dei få so mykje kraftfor og rotvokstrar som dei vil eta - attåt høy. Då vert det mjølk. Då veks lambi. Då kann dei nå upp i ei levande vekt på 15-20 kg. når dei er 1-2 månader gamle og ved slakting i denne aldren gjeva 7-10 kg. kjøt.

Dette er det beste og dyraste k j ø t e t som er i landet. Det fyrste som kom på marknaden på etterjulsvinteren ifjor vart det gjeve 4 kronor kiloet for. Seinare sokk det til 3,50 og 3 kronor. Men med desse høge prisane når ein høgre pris for lambi når dei er millom 1 og 2 månader gamle enn um hausten når dei er dubbelt so tunge og meir til. Straks lambi er slakta kann møderne setjast på u v a n l e g billeg foring, (halmhakk, granbar, litt høi) og endå greide seg fram til våren og bli slaktfeit til hausten. For dei som vil lata vinterlambande tikkor gå ut, er det høveleg å slakta dei med det same ein tek lambi eller litt seinare. Då er dei feite og då er enno prisane gode på saukjøt. Skrottane må seljast i Oslo, ikkje i småstadene.

Dei som hev "Ny sauebok" kann lesa meir um sugarlamb-avl der. Ein ting til må nemnast her. Når lambi vert 10 dagar gamle bør dei få k r a f t f o r (t. d. havregrøyp) attåt morsmjølki (litt fint høy og), men dette må dei få for seg sjølv i ein garde ved sida av mor si. Dei må få fred til å eta seint og plukke etter det beste.

I Sør-Trøndelag hev det minka svært av med vinterlambingi. Men ymse stader i Nord-Trøndelag er det reint ille enno.

Her og annan stad der det er vinterlamb, burde desse gjødast og slaktast i vinter eller tidleg på våren.

Jon Sæland