Jon Sæland. Landbrukstidende s404-405, 1938
Statskonsulent Jon Sæland
For eit lønsamt sauehald gjeld det først og framst å rasjonalisera på arbeidet med det. Dette er vel og i stor mun, gjort etter at det no har gått fram med avlen att. Dertil må ein halda so gode og fruktbare dyr som mogleg og korkje overfora eller sveltefora. Ulla må og nyttast på beste måten. Den utgjør omlag 25 pct. av heile avkastinga av sauehaldet vårt.
Sauetalet var på sitt høgste her i landet i 1865 med 1,7 mill. sau eller 107 sauer for kvar innbyggjarar. Talet minka til 1 mill. sauer i 1900. 1 1929 hadde me 1,53 mill. att, men då var folketalet gått fram slik at det var ber 55 sauer for kvar 100 innbyggjarar.
Når sauehaldet ikkje er større no, so kjem det mykje av at storfehaldet har gått sterkt fram og teke det meste av interessa, og i mange høve har dette vore til skade både for den einskilde jordbrukar og for heile landet. No vil vel mange tru at det me har tapt med mindre sauehald, har me vunne att gjenom meieridrifta. Det kan vera mykje sant i dette, men det som kanskje har gjort mest til at sauehaldet har gått attende er at det ofte har hatt ord på seg for å vera ei primitiv form for jordbruk, og dette ordet vil ingen ha på seg. Men det er ikkje moten me skal sjå på, me skal sjå etter det som "svarar seg best". Og ser me slik på tingen, vil me finne at alt for mange av våre gamle driftsgreiner er kasta på hylla. Mange av deim har me alt teke att, og fleire vert det nok.
Sauehaldet er under dei rette tilhøve svert lønsamt her i landet. Til dette kjem at sauen er eit triveleg dyr å stelle, han veks fort og gjev både ull, kjøt og feitt. For å skaffe feitt er sauen eit godt dyr. Slik som det no er, skaffer han oss omlag 11,5 pct. av kjøtforbruket.
Det er serleg våre dal- og fjellbygder som har høve til å halda meir sau enn dei no gjer. Bruka her er jamt over små, og arbeidskrafta er i regelen stor. På slike stader vil det ofte svara seg å samla lauv o.l. åt sauen. Mange meiner vel at det er simpelt å drive med slikt som lauvsanking, men har ein høve til det, so er det simplare å la det vera. Hald me fram med å auke mjølkeproduksjonen uten å passe på dei andre greiner ved husdyrhaldet, vil det heile snart bli ulønsamt.
Ein mann frå ei av våre fjellbygder fortalte for ei tid sidan at han av ein flokk på 5 søyer og 8 lam hadde selt slakt, revemat og skinn for 260 kr. Han hadde att 4 vaksne og 1 lam. Sauene var ikkje premiert dalasau, men pen sau likevel. Dette døme er det sikkert fleire som har maken til, kanskje og betre. Og når me ser dei fine fjellbeitene som me har om sumaren, er det stygt å ikkje nytta dei. Desse beitene er det reine paradis for sauen. Han blir feit og fin, og gjev ei god ull attåt. På somme stader er dei redde for reinsbeitene sine andre for storfehamn. Men dei likaste sauebeitene våre ligg midt millom storfebeitene og reinsbeitene. Rein likar seg høgre til fjells og storfeet lågare.
Det er titt og ofte sagt at sauen er eit nasjonalt dyr, og det skal vera sikkert han er. Ingen kjøtproduksjon kan i større mun byggjast på norske planteprodukter. Dersom det vart ført rekneskap for sauehaldet i større mun enn no utover bygdene, vilde han nok snart bli like lønsam som nasjonal. Får me krig att -som det så ofte ser ut til -så er det godt å finna dyr som ikkje treng utanlandsk kraftfor. Godt høy, litt salt og sildemjøl er omtrent alt han treng. 1,5 kg godt høy pr. dyr og dag skulde vera nok til dei største søyene våre om vinteren, for sauen skal ikkje gå gjødd. Me skal utnytte den evna den har til å feitne om sumaren. Mange forar sikkert sauen sin for sterkt, til skade for avlen. God foring om hausten under brunsten er derimot å tilråda. Lamminga må retta seg meir etter staden. Helst må ein sjå til at det blir så lite inneforing etter lamminga som mogleg, for då er sauen dyr i matkrubba.