Rasestrid i Trøndelag - En sokndaling prøver å vere overdommer, men har allerede begynt å gå over til Dala. Dette innlegget stod i Landbrukstidende nr 51-1937, side 406
Endre Haugen, Soknedal
Det ordskifte som no går i dette blad fylgjes sjølvsagt med interesse av alle som er interessert i saueal. Å hevda ei meining som strid mot statskonsulenten si meining og røynsle då det gjeld saueal er noko som ikkje kvar mann greier, me har for lita røynsle i saueal her i Trøndelag til det. Det gjekk ikkje for Engdal og det sjer ut til at det går enda kleinare med Alfsen frå Strinda.
Eg hadde ikkje tenkt å blanda meg burti dette ordskifte, hadde ikkje dette stykke frå Vardehaug kome. Han nevner det ynskjelege i ei «nøiaktig kontroll millom dei to ovanfor nevnte saueraser» Kva onnor fasit fær me av det enn den me alt har i det svar statskonsulenten gjev til hr. Brønstad: «Me treng dei båe». Det ligg vel både kontroll og lang røynsle attum det råd.
Då det skal vera tale um ein slik kontroll som av hr. Vardehaug nevnt, so har dei ymse driftstilhøva og dei vilkår ein kann by sin sau mykje å segja. Me kann berre tenkja oss ein tidsbolk attende, umlag eit halvt sekel, hell berre attende til hundreårsskiftet. Eg kann hugsa frå guttedagane alt det slåtteng som då var inngjerdet, her song ljåen alle sumrar. Tusenvis av lass vart heimkjørd på vinterføre berre her i Soknedal. Truleg var det soleis mange andre stader og. I alle fall finn me just dei same prov på liv og rørsle i skogane i dei gamle hølader som no står til nedfalls her som i Kilians bygd: «Der han och hon har risset sine initialer breddvid kvaraandra i holadens lafter».
Hadde det vore att nøko av denne gamle driftsmåte, hadde det ikkje kosta hr. Vardehaug stort å få me overtydd um at sjeviotten har vore den sau som har betalt sitt for best. attåt der det har vore kleinvorne beiter. Men eg kann fortsette å herme jemtlandsskalden Kilian, der han skildrer denne gamle driftsmåte: «nog er det poesi dette; men me ville dog inite bytte bort våre angande kløvervollar i farfars og farmors stormyrar.»
Ja, so er det, me har forkasta ljåen og det fine naturforet finnskjegg og bjørketov. Me har no att berre kløver og timotei og Kilians «skrattande slåttarmaskin». Men sau vil me hava, og no kann eg og tala av elgen røynsla: dette er ikkje for for sjeviotten. Den fyrste sau eg hadde var sjølvsagt ein blanding av mange raser, so vart dei blanda med sjeviot,. då eg so skaffa meg rein dalasau frå Voss, skuva dei den gamle blanding meir og meir burt frå mathekka, so eg måtte deila dei i to bingar. Då fekk eg fyrst sjå kor ålædt dalasauen er, dei åt jamvl uppatt mykje av det sjeviot og dalasaublandingen drog ned på talle. Og det er dette som har gjort dalasauen so populær no. Men alle må leggja vinn på å halda han rein. Statskonsulenten segjer i sitt svar til hr. Brønstad: «Dei flinke uppalarar som møtar på sjåi må sjølvsagt :halda seg til reine raser.»
No siste haust gjekk eg frå gard til gard på Vossestrand og studera og fritta um dalasauen, og fekk då høyra den røynsla at det er den som kann føra ætta si attende til den sau som først vart påverka av Leichestersmalen, sorn no er den rådande i dalasauen. Dei som seinare vart uppblanda med denne Leichesterkryssiingen, har etterkvart måttet bukke under i den harde tevlinga som Vossasjået gir.
Soknedal 15/12 1937
Endre Haugen