Aage Hagerup. Landbrukstidende nr6. S43 1940.

Skal tautersauen døy?

 

Aage Hagerup, Frosta

Ja slik står det på prent i "Nationen" for 22/1-40.

Sakkyndige sless i blada om ullspørsmålet, serleg da om fin ull - for det er det lite av i landet no til dags. I denne bladstriden dregest "tautersauen" fram som den rase som har finaste ulla i landet.

Men dessverre har ikkje "tautersauen" funne nåde for statsk. Sælands augo og lune. Den er omtrent sett på porten som ubrukande. Det er velkjend at "tautersauen" er sers roleg av lynne og gjev mykje og fin ull. Den er heller ikkje slaktlett under gode oppalingsforhold. Raseområdet er svert lite med dårlege beiter, og når ikkje sauekonsulenten gjer noko for å framhjelpa rasen, blir den gåande for lut og kaldt vatn.

Men det spørs om landet har råd til å missa denne rases gode eigenskaper? Kvenn veit. Ein god dag kjem ein ny sauekonsulent som tar til å samla restane av det gamle tauterslaget for å byggja opp ein ny rase på. Kanskje kann det bli tale om å tilføre rasen nytt blod av dei finulla saueslag som tekstiling. Bergersen nemner i "Adressa" under "Sauraser og ullpriser".

Kunne trønderane vera like heldig med ei slik innikryssing som i si tid millom gl. trønder + ayrshire i feavlen, vilde ein ny dag for trøndersk sauavl, renna opp. Eit er sikkert. Rasen høver godt der kor ein krev mykje og fin ull, og attåt sett pris på å samla dei heim om hausten utan byrse og bikkje.

Frosta 1-2-40