O. Th. Engdal. Landbrukstidende s43, 1939
O. Th. Engdal
Dei utvortes sauesjukdomane er det no so gode og billege råder imot, at alle kan fri sinedyr frå lus, påte, krabb, veit og alt anna utvortes avåt. Det er dlifor syrgjeleg å sjå, at skinnhandlarane lyt klaga over, at skinna er mykje skadd av avåt og vanstell. Her lyt dyreverna gjera ein innsats, so alle vert nøyde til å vaska dyra sine mot avåtet, imindsto kvar haust.
Dei innvortes sjukdomane har det hittill vøre verre a vinna over. Verste sauesjuka, "vassotta" eller "iktesjuka" er det like vel ei god råd imot no. Det er over 10 år, sidan dei første prøvone var gjort med den dyre distolen. Seinare fekk me ymse andre kapslar; men eit eller anna var ivejen med dei. I dei siste året har det berre vore bruka ovinal-kapslar, som no er sopas billege at det løner seg uvanlig godt å bruka dei der sauene er plaga av vassott. Mange stader greier det seg med å kapsla sauene om hausten. Der dei går ute om vinteren kan det verta turvande å kapsla om våren og, eller før. Det er mange no som har prøva dette, og alle let vel.
Men ein må ikkje tru at alle sorger er sløkt med dette. Det syner seg diverre, at det ogso er mange andre makkesjuker på sauene. Distriktsdyrlækjar Lægreid segjer soleis, at han har funne minst 10 slag innvoldsmakk i sauer ute i kyststroka. No er ikkje alle desse fårlege og vel er det, og sume av rundormane vert øydelagde, når det vert bruka ovinal mot vassotta. Er det derimot løypemakk, makk i løypemagen ("løypestrongylier"), so hjelper det ikke med ovinal.
Etter me her på garden har vunne over iktesjuka, har det sume hauster synt seg å vera nokre lam, som ikkje vilde veksa, og dei fekk ovinal. Me har i fleire år prøva den engelske råda med 1 % blåsteinvatn åt dei; men dette har synt seg å vera for veik blanding. Me har i det siste prøva oss fram med sterkare blåsteinvatn og større dosar. Dette har synt god verknad utan å vera nokon fåre, når blandinga ikkje vert for sterk eller dosane for store. Beste verknaden har me fått av 2 % blåsteinvatn. Av dette har me gjeve 40 gram åt kvart lam ein gong eller 2 gonger 12-14 dagar imillom. Ein finknusar t. d. 20 g. blåstein (koparsulfat), og løyser dette op i 1 liter vatn på ei flaske. Lamma vert sett på ende, og so renner ein varsamt i dei 40 g. av dette frå eit langhalsa medicinglas, so dei lyt svelga det.
No ihaust hadde me 10 slike skraplam som ikkje vilde veksa. Me fekk då gjort ei gruppeprøva med desse og ein flokk som hadde god vokster. Dei 10 første fekk blåsteinvatn den 28. oktober, og no vart båe flokkane sett på same slag inneforing. Etter 2 månar synte det merkelege seg, at skraplamma ikkje berre vaks like fort som del andre, men på 2 månar auka i vekt dubbelt so mykje eller 5,4 kg. kvar mot dei andre - 2,7 kg.
Dette er ei so god og billeg råd, at ho bør verta kjent, og so er det so lettvint at alle kan prøva ho.
Til vaksne sauer har me bruka større doser, 60, 80-100 g. etter alder og storleik og med god verknad og uten noko vanheld. Me har og prøva tilsetjing av nikotinsulfat av same slag som vert bruka til frukttresprøyting; men dette er enno so lite utrøynd og so fårleg ei gift, at ein ikkje vil råda til å prova dette. 4-5 gram kan vera nok til å slå ihel ein sau på nokre minut.
Statens sauealsgard, Edøy