Jon Sæland. Landbrukstidende nr. 6. Sidene 43-45, 1941
Kva skal ein velja av dette?
Statskonsulent Jon Sæland
Ullnaud og kjøtnaud i landet er åt og friskar upp sauinteressone. Sautalet vil stiga. Men då vert snart beitespursmålet endå meir aktuelt enn det alt er. Sauen må lenger inn i fjellet. Millom anna krev skogsinteressone dette. Dei skogkunnuge vil hava sauen ut or skogsbeite so mykje som rå er.
Ja, det er elles rimeleg at sauen må meir til fjells enn no. Det er ikkje gildt at mykje av han går heimi skogliane. Millom anna vert han ikkje so feit der som inn i snaudfjellet eller iminsto upp i skogbandet (fjellbandet).
Men då slepp ein mange stader ikkje undan ei nyordning med sauen um sumaren. Anten må han sankast ihop i drifter som vert gjætte inn i fjellet eller so må ein skipa til lovfest sams sanking. Nå, eg skal ikkje dylja for at sume stader, mange stader, slepp ein enno både det eine og det andre av desse ting endå um, ein bur der det er sambeitemark berre ein stig utu skigarden (markagarden). Landet er slik at sauen dreg til fjells sjølv eller vert jaga upp og sidan går han i fjellet, på sjølvstyr og utan å verta skadd av udyr eller anna heile sumaren utan å gjera nemnande skade. Haustardag kjem han heimatt sjølv eller vert heimsanka med liten kostnad. Når det fyrste snørusket eller dei fyrste harde kaldnettane kjem i fjellet, so kjem bjøllesauen trekkjande heim med heile slokken etter seg. So står han på tunet ein dag eller uppmed markagard-grindi. Feit og velnøgd og fin! Då vil han innpå og smaka på håen. Er det å undrast på um både husbonden og alt folket hans vert glade og blide på sauen når dei ser slikt noko ? Det er det ikkje. Ingen kann få til ei betre ordning enn dette - når ein har det slik. Og so herleg har dei det mange stader både i fjelldalane og i fjordbygdene.
Men sume stader tek sauen til å bli plagsam. i heimlidene, i markaslåttone, i kubeite eller på annan manns mark soleis at det er vanskeleg å lata han gå på sjølvstyr. Då er det gagnleg å få han sanka ihop i drifter som vert gjætte inn i fjellet. For mange som kann hava sau utan å eiga høveleg sumarsbeite til han, er ogso driftene sers velkomne.
Men sjeldan kann nokon tvingast til å senda sauen åt ei drift. Då er det mange som tenkjer som so: Lat dei andre senda betre i dei gamle løtene. Soleis er det tidt ovundsjuka som hindrar at ein fær sanka all sauen i ei grend eller bygd saman i ei eller fleire drifter. Det er slett ikkje lett å få dette til for det meste - serleg av den grunn ogso at driftesauen er vanskeleg (kostesam) å gjæta dei fyrste åri. Då trår han hardt til sine gamle trakter, der kjenner han seg heime, der vil han vera endå um der tidt er ringare enn i driftbeitbt.
Soleis er det mange upptak med saudrifter til fjells som ryk sund for skuld vanskane dei fyrste åri. Det har vori litt statstilskot, i nokre år, å få til nye upptak her. Men for lite til å hjelpa alle fram til å stå på eigne føter.
Soleis vert det truleg i framtidi ogso. Og soleis kann me ikkje venta at drift-ordningi vil arbeida seg serleg raskt fram i landet. Det er elles for lite røynde driftgjætarar til at dette kann lata seg gjera.
Men sams sausanking er lettare å få til og bør, i mange bygder og grender, veljast istaden for driftgjæting.
Sams sanking kann ein gjera lovfest soleis at alle som beiter saman må vera med og bera utlogone med sinkingi. Etter kapitel 9 i jordlovi kann eit fleirtal eller dei som sit med "overvekt i interesser" få sausankingi inn under lovfeste reglar som alle må halda.
Korleis skal ein gå fram for å få sausankingi lovfest? - Soleis: Ein eller fleire interessera saueigarar skriv brev til Landbruksdirektøren og segjer ifrå um at dei ynskjer å få lovfest sanking i det beitet som vert namngjeve og be um å få den godkjenningi som trengst. Ein bør med det same gjeva upp kven som har beiterett i det stroket det gjeld. Minst helvti av desse eller so mange at dei eig minst halve beiteretten må ein få til å skriva under brevet (søknaden) innan han vert skikka avgarde. Innan Landbruksdirektøren gjer noko med søknaden, skal jordstyret uttala seg um. spursmålet Difor er det rettaste å senda søknaden um dette - for å spara tid.
Når Landbruksdirektøren har teke si avgjerd, vert straks jordstyret varsla. Dette kallar so saman til møte av alle interessera. Og her vert reglane for sankingi sette og nedskrivne. Her vert ogso ein eller fleire styresmenn valde til å greida med alt som kjem sankingi ved. Det er rettast å velja få, men dyktige styresmenn. Ja tidt er det truleg best å hava berre ein mann. Denne (eller styreformannen) vert kalla saubas og han skal hava ansvaret for at sinkingi gjeng fyri seg godt og billegt, til høveleg tid o.s.b.
Saubasen leiger dei sankarar som trengst og har styringi med desse, med skiljingi og alt anna som fylgjer med. Utlogone, som jordstyret set - etter framlegg frå saubasen - kann gjerast like store for all sau som høyrer sanklaget til, men det er elles høve til å gjera skil her soleis at t.d. folk som har svært vrang sau å sanka, lyt betala meir enn andre.
Sankepengane kann krevjast inn ved panting um det trengst. Saubasen bør hava løn for strævet sitt. Løni vert sett på skipingsmøtet (eller av jordstyret). Rekneskapen til saubasen bør kvart år sjåast yver av jordstyret eller best, av ein eller fleire mann som skipingsmøtet eller årsmøtet peikar ut.
Rettleidingsskrift og framlegg til sankereglar kann kven som vil få gratis hjå Landbruksdirektøren eller hjå ovumskrivne.
Kvart sankelag står tolleg fritt når det gjeld reglar for sankingi. Ein kann t. d. gjerne sanka sauen tvo gonger um hausten um dette er av interesse. Fyrste gongi tidleg og då taka ut slakt som skal sendast medan prisane er høge. Siste gongi seint på hausten. Saubasen bør elles hava rett til å taka med i sankeutlogene løn til ein eller fleire tilsynsmenneskje som fyri rette sankedagen eller -dagane vert sett til å halda sauen der han skal vera.
Det er svært viktigt at saubasen fær denne retten. Då kann sauen - gjerne heile sumaren - få litt tilsyn og millom anna verta halden utor heimlidene, utor markaslåttone o.s.b. i det heile verta jaga upp i fjellbandet eller åt høgfjellet der han vert feit og ikkje gjer skade. Dei som fær dette tilsynsarbeidet, bør vera sers velkjende i bygdi og dei må hava lærd buhund til hjelp. Serleg er det um å gjera å hava ein hund som kann fotfylgja husbonden sin og vera lett å få til å g øy. På dette viset kann sauen smått og fint, men likevel sterkt, vendast attende til fjellett der han skal venjast til å vera sumarsdag. Hard hundjaging må tilsynsmannen vera varsam med -- for ikkje å gjera sauen ufreda og vidfarande i beitet.
No straks må dei som i år vil gjera upptak med å få til lovfest sams sanking - eller få saudrift til fjells -gå ivegen med fyrebuingsarbeidet um alt skal vera i orden når våren kjem og sauen skal til fjells. Det er høveleg for jordbrukslagi eller for ordørarane (etter nyordningi) å taka upp dette spursmålet og få det gjenomført. Gjeld det drift i fjellet, so må driftbeite tingast, sau likeso og det må leigast velrøynd gjætar som har god hund. Gjeld det sams sanking, må reglane skipast til og få godkjenning, saubas (ein framifrå flink ein) veljast og alt vera ferdigt når sauen skal åt marki til våren.