Av statskonsulent Jon Sæland
Små drifter er best, berre utlogene ikkje vert etter måten for høge. Det skal noko til å få grasleiga låg når ein har berre 5-600 sau i drifti. Er t.d. grasleiga 4 kronor sauen, so vert heile innkoma berre 2000 kronor eller velso det. Dette skal då vera til gjætarløn og drivarløn, vegpengar og beiteleige. Men då er det rådlaust å løna meir enn ein gjætar med so liti drift. Ein gjætar greider ikkje 5-600 sau utan at lendet er sers lagleg med vatsdrag, fjelldrag eller gard som møter på ein eller fleire kantar. Er beitet ope til alle kantar er det vonlaust for ein mann å gjæta 5-600 sau utan at denne er so godt inngjætt i vedkomande beite at han lite tilsyn treng. Då kann det gå med ein gjætar og då er det godt å hava liti drift.
Men vanleg er det so, at store drifter på 2-3000 sau eller meir, er best alle stader der det er høve til å hava dei so store. Um ein reknar 4 kronor sauen i grasleige, vert innkomone 8-12.000 kronor. Då har ein noko å gjera med soleis at ein kann hava både tri og fire gjætarar, gode gjætarar.
Fire kronor sauen i grasleige? Ja, det er ikkje lite, men ein lyt vera glad til um ein kann få sauen gjætt og få han feitt for dette dei fyrste åri han er med i drifti. Då er vanskane store imot seinare når sauen er inngjætt og veit kvar han høyrer til og vil vera. Då minkar grasleiga.
Alle som vil ivegen med nye upptak med saudrifter må vera klåre yver at det er so. Difor er det og at staten gjev tilskot til driftene dei fyrste vanskelege åri. Men då burde alle som treng å få sauen sin åt drifti gjeva seg med no medan det er hjelp å få. Sidan vert det verre, når statshjelpi vert burte - som ho visseleg vert når det lid på litt.
Gode gjætarar? Det er radt for få slike. Soleis vert det, iår med, gjeve løn (300 plus kost og fri reis) til vonfulle ungdomar som vil verta driftgjætarar og alt i sumar ynskjer å koma ut som lærlingar. Men no må dei melda seg snart, alle som vil hava von um å få plass.
Gjerde kring driftbeite? Gjerde noko på veg, det er mun i. Staten gjev tilskot til dette og, men no er det ikkje netting å få. Med gjerdestubbar millom vatn, elvar, fjell o. a. kann ein stundom få til driftbeite som det er billegt å gjæta i. Men kjøp ikkje "saugjerde", det er fjask. Det må vera netting med krampeknutar.