BR. Landbrukstidende nr. 7. Sidene 50-52, 1941
Frå dei eldste tider har tare og tang vori brukt som for i kyststroka i Noreg. Dei fleste brukte det berre som naudfor når dei vart forlause om våren. Men det var og mange småbrukarar og fiskarer gom brukte noko av det heile vinterhalvåret og tykte det var bra for.
Diktarpresten Petter Dass har sungi om tare og tang i Nordlands Trompet. Han seier mellom anna:
En Fisker som ude ved Holmer mon bo,
Hans levende Kvæg er en eneste Ko,
Som andet til spisning ej nyder,
End Tang og søvoksende Tararnes Blad
Opvarmet i Grugge, der kaldes Bu-Mad.
Diktarpresten meiner det er riktig framifrå for, for han seier:
Thi bliver de Kjør, som her fødes med Tang
Langt feder end andre, der går i den Vang,
Og Spænerne dobbelt saa trinde.
Det var vel litt for ljose syner diktaren såg her. Kua fekk vel både litt høy og kokt fiskeavfall attåt, og da kunne vel "Spænerne blive trinde". I dei siste år har det vorti aktuelt med tare og tang igjen. Firmaet Algea Produkter A/S har byrja å føra forstoffet Algitt i handelen. Det er laga av tørka tare, som det meste av saltet er teki bort ifrå. Og Chr. J. Steffensen A/S, Ålesund, lagar forstoffet Neptun av tørka tang med saltet i.
Dr. Gulbrand Lunde har teki opp spørsmålet om tang og tare som for til heilt vitenskapeleg gransking ved Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger. Og ved Landbrukshøgskulen går det 1,8 kg. til ei foreining til storfe og sauer og 3 kg. for grisar av Algitt. Av Neptun går det 2 kg. til ei foreining til storfe og sauer og 3 kg. til grisar. I Algitt kan alle næringsstoff nyttast av dei nemnde dyreslag, men i Neptun kan dei ikkje gjera seg nytte av proteinet. Av mineralinnhaldet har det vekt at det er mykje kalsium. At det er jod er og bra i mange strok av landet, der det er struma, men det kan verta for mykje om ein gir riktig mykje av foret. I Neptun er det mykje magnesium. Det verkar avførande om ein gir for mykje av foret. Ein bør derfor sjå på gjødsla og gi foret i høvelege mengder.
Det er sjølvsagt at det vert brukt slike forslag som Algitt og Neptun - serleg i mange innlandsstrok. Det er berre norsk arbeid attom desse forslaga, og vi bør nytta dei litt bedre enn vanleg høy. Men rundt kysten, der ein har tangen i fjæra og taren på skjæra, treng ein slett ikkje tørka tang og tare, kosta frakt til fabrikken, kosta arbeid etter industriløner, og frakt heimatt på mjølet. Det er mykje billegare å ta den friske taren og tangen og fore opp utan kontantkostnad -- slik som kystbuarane har gjort det frå eldgamal tid her i landet.
Næringsinhaldet i tang varierer litt etter årstidene, men ikkje så mykje at ein treng å rekna med det og av den grunn hausta til faste tider av året. Det billegaste er å ta han i fjæra ein eller to gonger for veka, køyra han heim og bruka han frisk. Vanleg finn ein tre slag tang i fjæra, sagtang, grisetang og smelletang eller blæretang. Næringsinnhaldet er omtrent det same i alle tre slag, men smelletangen er halden for å vera noko meir avførande enn dei andre to.
Av tare er det og tre slag som er mest vanleg. Stortaren eller palmetaren veks på litt djupare vatn. Blada er ettårige. Det veks mange blad ut frå toppen av en lang stilk om vinteren og dei skyv dei gamle blada framfor seg. Gamlebladet dett av utpå våren. Denne taren innehald mest næring om hausten. Han kan verta fleire meter lang og står som ein skog langs med kysten.
Sukkertaren er og like stor. På han er det berre eit breitt stort eittårig blad på ein stutt stilk. Den taren som frå gamal tid var brukt til får er butaren. Han veks på Skjær som båra dreg godt på. Han har smalare og tynnare blad. På fjære sjø (lågvatn) i stille ver er det nokonlunde lett å få tak i han. Ein må då helst ha taresigd på langt skaft og jarnriver. Blada er eittårige. Dei byrjar å veksa fram i november-desember og er heilt utvaksne i april-mai. Ut på sumaren dett dei av igjen, og stilken står snau. Frå februar og utover til sumaren kan ein hauste han. Stortaren og sukkertaren innehalder mest næring frå midtsumaren og utover til sein haustes. Ein må helst hausta i den tida, tørka han og mala han til mjøl. Det vert helst butaren ein kan bruka beinveges i frisk tilstand.
Vil ein bruka tang og tare er det best å gi litt heile vinteren. Utover til februar vert det då å bruka tank. Seinare kan ein finna høveleg stor butare.
Før brukte dei tidt å koka tangen og strø på han litt mjøl, eller i alle fall å slå på han kokande vatn i ein stamp eller ei bøtte. Dette vert for mykje arbeid, og det er lite nytte i det. Det greiaste er at ein legg både tang og tare i vatn, så ein vaskar av det salte sjøvatnet. Så hakkar ein desse algene på ei hakkelsmaskin, anten for seg sjølv eller saman med høy og halm. Ein gir så tare- eller tanghakk saman med høyhakk og halmhakk. Ein venjer storfe og småfe på algeforet med å blanda inn lite frå først av, og så litt meir etter kvart.
Kor mykje ein kan gi det er det ikkje mogleg å seia noko visst om. Ein må sjå på gjødsla om foret vert for sterkt avførande, og så gi høveleg. Etter dei røynsler folk har gjort må ein gå ut frå at ein trygt kan gi 10-20 prosent av den næringa dyra skal ha i tang og tare. I gamle dagar har dei vel gått mykje lenger.
Tørt mjøl av tang og tare er vel så næringsrikt som høy, men ein bør helst gå ut frå at rå tang og tare ikkje er fullt så aæringsrikt som rått gras. Men det skulle ikkje verta så mykje som vantar på det,
I forknappe tider som nå bør kystibuarane prøva seg fram med å bruka litt tang og tare i foringa igjen. Det er for ein får gratis i fjæra. Og når det går så bra å bruka tangmjøl og taremjøl, så går det og å bruka tang og tare.
Ein av jordbruksskulane på kysten burde gjera vitenskapelege foringsforsøk med tang og tare til storfe og småfe.