Olav Fjærli. Landbrukstidende nr 7. Sidene 51-53, 1940

Flesk, kraftfor, sau

 

Olav Fjærli, statskonsulent i svineal

Jon Sæland er ute og skriv i Landbrukstidende nr. 6 om at eg "kjem frå ein av dei skulane i landet som i storum er med å skuvar det innførte kraftforet fram", at eg "inkje avslag vil hava, men tvert um storvegjes auking av kraftforkjøpet frå utlande", at eg "skuvar fram dei dyri som i storum lever av utanlandsk foremne, men er med, og døyver det dyret som meir enn noko anna av husdyra våre lever av innenlandsk foremne", at eg "som tingmann var med då sauekjøttet vart sett på vetlekrakken i Stortinget" o.s.f.r.

Då det som hr. Sæland skriv har så mykje med mitt faglige arbeid å gjera, høyrer det til dei ting eg vil svara på.

Eg er og statskonsulent i svineal. I Trøndelag har dei lite griser samenlikna med dei 7 fylka på Austlandet og Rogaland. Eg trur det er rett at grisehaldet vert større i vanlege tider i Trøndelag og at det ikkje vert sett for mykje ned, om det no skulde koma ei rasjonering under ein lang blokadekrig med lite innførsle av kraftfor.

Eg meiner at ein må fora grisen meir på heimavla for serleg koka poteter og heimavla korn. Fleskproduksjonen vert då eit naturleg og lønsamt ledd i gardsdrifta. Dei store industrielle grisehald med bruk av nestan bare innført for, held eg ikkje på.

Eg tykkjer iikkje at omlegninga av kosthaldet frå havregraut, mjølk og flesk o.s.fr. til margarin, sirup, brød, av kjøpemjøl og kaffe har vore bra - korkje for økonomien eller helsa. Derfor meiner eg bøndene skal bruka mindre margarin og meir flesk.

Det er klarlagt at menneskjet må ha meir fett til lenger ein kjem mot nord og til kaldare det vert. Eg held på meir norsk flesk.

Eg prøver ikkje å "døyve det dyret som meir enn noko anna lever av innanlandske foremne". Tvertom, eg har både som bonde, landbrukslærar, fylkesagronom og direktør for Statens Småbrukslærarskule arbeidd for at ein skulde auke sauehaldet i landet, få det meir lønsamt og legge meir vekt på å få kombinera egenskapane mykje, godt kjøtt og mykje av finare ull enn før. Og eg er tenkt på å halda fram (om eg ikkje har noko med dette dyret som statskonsulent).

Også i 15 år som stortingsmann gjorde eg kva eg kunna for saueholdet. Ja, eg var enda den einaste som hadde litt godt å seia om hr. Sæland sine planer om å nytta Hjerkinsætra for å fremja sauealen i fjellbygdene.

Men eg har tvo gonger røysta for handelstraktatane med Island, som gav dette landet brukbare vilkår for å halda fram med å selja salta islandsk sauekjøtt til Noreg. Og eg har og skrive og sagt meg samd i at den noværande regjeringa gav Islandingane rett til å innføra ei avgrensa mengd av salta sauekjøtt.

Dette er ein gamal eksport Island har havt til Noreg, og særleg fiskarar og sjøfolk i Noreg vilde gjerne ha det islandske kjøttet. Til vederlag for at islandingane fekk selje sauekjøtt hjå oss, fekk vi føremonar for norske fiskarar ved Island m.v. Både Noreg og lsland vilde tapa mykje på, at dei ikkje fekk denne avtalen. Særleg vilde det væra till stor skade for den næringa i Noreg som no har det verst av alle - fiskerinæringa. Dette vog so sterkt at dei fleste av oss som var frå sauealsdistrikt røysta for Islandsavtalane. Som stortingsmann må ein titt sette den store samfundsbaten over serbatar. Såg eg berre sau i Noreg, kunde eg røyste imot. Men eg såg litt meir og ser framleis litt meir.

Etter at vi fekk "Kjøtt- og flesksentralen" trur eg at det går an å få selje det islandske salte sauekjøttet utan at det trykkjer prisen noko vidare nedover for ferskt sauekjøtt her i landet - og ikkje so svert mykje for salta heller.

For einsynte og uansvarlege er det lett å agitera. Men ikkje trur eg at noko regjering eller noko Storting vilde ha bråte av den gamle sauehandelen med frendefolket på Island og spildt serrettane for dei norske fiskeria ved Island. Noreg har gjort alt for lite for kulturelt og økonomisk samarbeid med Island. Vi har havt både skam og skade av det. Vi bør ikkje gå iveg og gjera større dumheiter enn vi alt har gjort.

So har eg vore direktør for ein skule "som i storum er med å skuvar det utanlandske kraftforet fram (til gris, høne og naut)." Hr. Sæland kunde gjerne ha teke med geit og sau attåt, for dei dyreslaga har fått kraftfor som dei andre. Eg vedgår at kraftforbruket har vore høgt. Men det galdt å produsera mest mogleg av den mjølk og det flesk som trongst til elevar og funksjonærar.

Særleg når det gjeld grisen, vilde eg gjerne ha gått meir over til foring med norske foremne og forsøk med norske foremne. Men det var vanskelege tilhøve for å få det til. No på slutten heldt det på å bli betre, og eg vilde ha prøva å få gjennomført gamle planer, om eg hadde vorte der lenger. Skulen hadde no fått tvo overlærarar i husdyrbruk istaden for ein. Den nye skulde no greie med dei økonomiske driftsgreiner storfe og griser på garden. Eg trur han hadde same interesser som eg -iallfall noko på veg. Korkje varme eller trykk vert like lett overført gjennom all slags stoff - og heller ikkje gjennom alle slags statsfunksjonærar.

Når det gjeld kraftforbruket til høner, so var det eg som utan oppmodning frå nokon kant gjorde framlegg om å byrja med forsøk med norske foremne. Landbruksdepartementet førte ikkje opp pengar til idet, men eg fekk likevel Stortinget til å gi løyving. Da forsøka, var komne igong, og eg og hadde gjort framlegg om enda større forsøksarbeid med høner, gikk "Bonde og Småbrukar" - organ for Norsk Bonde og Småbrukarlag - til åtak på meg for at eg ikkje gjorde noko for å få igong foringsforsøk med fjørfe på skulen. Og statskonsulent Sæland seier no at skulen "i storum er med, og skuvar det utanlandske kraftforet fram" også for høner.

Det er alt av same slaget, vyrde felage.

Strinda 13/2 1940.
Olav Fjærli.