Jon Sæland. Landbrukstidende nr 7. Side 51, 1940
Statskonsulent Jon Sæland
Age Hagerup, Frosta, spør um dette (i nr. 6). Han ottast det går den vegen, men tykkjer det er gale. Og han gjev meg skuldi. Tautersauen hev "ikkje funne nåde for statskonsulent Sælands augo eller lune" og "når ikkje statskonsulenten gjer noko for å framhjelpa rasen, blir den gåande for lut og kaldt vatn".
Til dette må eg få svara, at eg i dei 22 åri eg hev vore statskonsulent, hev eg gjeve tautersauen radt same framgangs veg som alle dei andre sauslagi i landet. Aldri hev eg stengt han ute frå noko sausjå, hev vore med på å gjeva han rom på alsgarden Edøy og der ifrå på statens auksjon i Trondheim ropa upp og selt som alsdyr mange sneis av dette sauslaget, framleides lokka dugande saualarar i ymse landisluter til, å røyna det ut, kjøpt inn dyr åt dei og rådd til, at Frosta skulde få undantak for verlovi for tautersauen. Alt dette og meir til er gjort for å lata han få tevla fritt for ikkje å segja få ymse fyremuner for andre sauslag.
Då staten laut setja tautersauen ut frå Edøy, tok Nord-Trøndelag Landbruksselskap hand um han. Det sette upp ein alsstasjon av utblædde fine dyr hjå Åge Hagerup i Overhalla. Bra stell, bra dyr. Men mest ingen kjøpte alsdyr der heller.
Korleis er fruktene av alt arbeidet for tautersauen? Dei er små og knurvelege! Mest alle som hev røynt han ut hev vorte leid av han og lete han få kniven. Jamvel i heimbygdi hans er det gjenge denne vegen etter som Åge Hagerup sa meg sisst me råkast. Då spurde eg korleis det gjekk med tautersauen i heimbygdi hans, Frosta. Det gjekk berre tufs, sa han. Han gjekk raskt attende til kvart år, so no var det lite att av han.
Men alt i alt er han vel då mogen til å døy? Når det syner seg klårt at han inkje er tevlefør!