Rasestrid i Trøndelag - første del er innlegg i debatten. Resten av innlegget handler om Fjellbeite og organisering av beitingen. Hentet fra Landbrukstidende nr 7-1938 sidene 52-54.

Fred i saubingen og millom saualarne

 

Olav 0. Brønstad, Snåsa

Den vetle fjøri eg slengde ut vart til ei stor høne, og flyg ho lengre vert høna snart utan fjør at. Kvar sin smak og kvar sine kjære born. En ting som fyrekjem likso vel i sauavl som i anna husdyravl, er sportsavl ved sia av nytteavl.

Det er stor sjelnad der i kvart fall med inntekti og pengeutlegg. Sportsavl kan folk driva som hev stor pengebok og ikkje fører so nøye tabeller i inntekti. Men mest landsgavnlegt er den vanleg nytteavl som me småbrukara og bønder driv, for kjøttet og ulli til salg, og til bruk i eiget hushalld.

Og soleis blir det likevel dei visaste ori som er sagt i denne striden av statskonsulenten. At hovudsaken er at folk legg seg etter sauavl, og held sau og brukar meir saukjøt i sit hushald. Dette er til gagn både for den einskilde, for samfundet og ditt land. Og kjøttet smakar like godt enten det er av den eine eller den andre rasen, berre sauen er frisk og velstelt.

At kjøttet er betre på svarthovud heller av kvithovud er berre ein gamal dogme frå utlandi, i likheit med at brune egg er betre enn kvite, noko som er meir en mote heller smak. Og like mykje pr. kg. lammekjøt enten sauen er av premierasen eller ikkje. Likesovel som eit sauehovud kostar berre ein 25 øre hjå slaktaren, sjølv um det hev representera ein betrakteleg sum i kroner på premiesauen hjå eigaren.

Det eg egentlig tenkte å skrive um no, var um sauealarane kunde verta sopass enige i kvar bygd at det vart litt betre ordning i sauebeitene. Slik som det no drives er det meir lotteri med vinsten og ikkje forretningsmessig som ein sa.

Um våren jagas all sauen utom markgjerde, små 8-14 dagar gamle lam, alt saman. Upp og upp ber det, yver stokk og stein, yver bekk og elv, ingenting kan stogga sauen i dens hug etter fjellet. Mange av dei små lammi blir at i den fyrste rundevja i elvi, eller på rygg i ein smal myrbekk, eller fast i kvist eller myrgjørme. Mori dreg vidare på ny gransking, litt syrgjande på stakkaren som liggatt og kreperar. Um hausten blir avisane fulle av sut og jammer, so og so mange hev reven teke, og so rnange hev jakthundane drepe, andre hev tofotvargen teke.

Hundradtal av sau feiler ved innsanking, på snesevis går att ville, der brukes rifle som sårar og ikkje drep. Mange går inn i avkrokar i avsides dalar under berghammar, utilgjengeleg omtrent; svelt, frys, frys fast i snøen tilslut for lå lida ein langvarig daue. Dyrplageri! For minst ein månads vatn og brød for eigaren, tap av hundrevis kroner i kjøtt for kvar bygd.

Når det gjeld å få reglar istand for bandtvang og forhøie avgifti pa gardshund og jakthund då er folk snare i vendingen, det er so liketil, uansett nytten dei gjer i det praktiske bruk, som vakt og gjætare og fangare av vilt bufe um hausten.

Det var på tide um me fekk litt tvang og reglar i sauebeitene og, so dei ikkje fær lov å gå heilt på sjølvstyr og herje sætervangar og slåtteteiger som kan nyttas som det beste sauefor um vinteren for dei som rår um dei. No er tida for landbrukslag og småbrukarlag å koma saman og dryfta spursmålet um samvirke i saubeitene med sauesæter og voktar. Her i Snåsa hev me havt en slik sausæter igang i 3 år, og det hev gjenge godt. Alle er velnøgde og kjem att med sine sauer kvart år og fleire kjem til. Mengdi av sau hev enno vore for lågt, berre vel so 100, sau, men ,det må koma langt fleire av saualarne i bygdi og hamna der. Voktarpengane hev vore kr. 2,00 pr. dyr for eigar å ibetala plus 1,00 kr. pr. dyr som studnad frå fjellkassa. Beitetidi var iår frå 8de juni til 4de september, altso 89 dagar. Mange tykkjer kanskje at beitetida var stutt og at desse dagarne vart kostesame, men brukar ein vekt! og sjer at kjøttmengda umtrent fordoblar seg, so vert det ikkje so dyrt. Og so er det so trygt å vita at ein fær sauen heim når ein vil, feit og fin, ritan rift og skramer av varg og anna odyr.

Å finna dei beste beitene er ikkje alltid so liketil. Det er mykje hart fjell, som Gneist og Granitt, det avset lite i jordbotnen og graset blir mineralfatigt, da må sauen hava mineraler ved sia. I Raubeinsætra åt sauene siste sumar 20 kg. saltstein. Var det ruskver med mykje regn som fyrste sumaren då eg gjætte, gjorde eg upp ein dugeleg eld på ein lun beiteplass sauene ibeita rundt varmen trygge og rolege. Men når eg kom for å henta dei til kvelds, var all aske og koll uppeten av sauene, berre ein svart flekk der kor varmen var. Sjølvsagt stoffer dei måtte finna seg utom graset.

Men dette kan vera berre ein dal eller elv som skil millom to forskjellige fjellartar. Er det varg eller odyr i beitet, må ein nok helst gjæta i flokk, men sauene vert ikkje so tilfreds og vert ikkje feite og fine som når del fær dela seg i småflokkar vidt utetter fjelli, men då greier ikkje ein manna berga dei for varg um han finst. Og so ein god voktar er hovudtingen, ein som kjenner sauens krav og lynne, ein som er litt snar både i vending og tankar so han kan gripa inn um noko sers kan henda. Ein slik vert ikkje so snart for kostbar i løni, og hev ein fyrst fenge ein trugen, fær ein freista halda på han i lengsto, iminsto fleire somrar. Siste sumar var det Gollaug eg Ludvik Alstad som gjætte sauen i Raubeinsætra, flinke folk, og her presenterar eg del. Her er det fred og idyl fyre utslepping um morgonen millom både gjætara og dalasau, sjeviot og blandingar. Og like godt som for sauen, er det mest og for dei som eig dei å få koma til fjells ein tur på vitjing, få steika seg i sol, drikka av den reine fjellbekken og bada i tjønnene når ein tek ein rast slik som her ved Stamtjønni.

Ja, ta no straks, landbruks og småbrukarlag, upp dette til dryfting. Få til sausætrar i kvar bygd, so vert det betre forståelse både millom sauene og dei som eig dei, og sauavlen vil koma i tryggare spor til betre inntekt for alarne.

So fram då alle saualarar i fredlege kappsteg.

Snåsa i januar

Olav 0. Brønstad