Jon Sæland. Landbrukstidende s 54, 1934
Av statskonsulent Sæland
I Landbrukstidende nr. 4 iår er det klaga noko på statens sauealsgard på Edøy, - at og det ikkje kjem berre gode dyr der ifrå 2 at salet av alsdyr der ifrå kjem ivegen for private uppalarar som gjerne vil få selja sine dyr.
Men dette siste klagemålet kann det ikkje takast mykje umsyn til. På den årlege auksjonen i Trondheim sel ikkje Edøy år um anna meir enn kring 60-70 smålog. Av desse er berre kring eit sneis vaksne verar som kann setjast inn i sauealslag. Men dette er berre ein ørliten part av dei verane som årleg tarvst i Trøndelag.
Denne landsluten hev truleg ikkje langt ifrå 100,000 tikker um vinteren. Til desse tarvst det (um paringi gjeng fyre seg heime) kring 2000 nye verar kvart år. Staten sel soleis berre hundradeparten av det som til skal. Når staten sel e i n ver er det plass til 99 frå private uppalarar. Her skulde soleis vera arbeidsrom for private uppalarar. Her e r arbeidsrom for dei, for alle som er so dugande, at dei syner framifrå gilde dyr som folk fær hug til å kjøpa. Men dei fleste tek dette med alsverar so endetil, at det ikkje vert noko jag etter verane deira. Dei som skal få selja godt må hava noko verkeleg framifrå, nøko som det ikkje er lett å finna make til. Men kven er det i Trøndelag som hev dette? Det er ikkje mange.
So lågt som sauealet hev stade i Trøndelag til dessar er ikkje dette ventande heller. For millom anna hev det vore lite spurlag etter gilde verar. Saueinteressone hev vore for små til det. Men dette vil koma seg etter kvart som m.a. s a u e s j å i fær læra folk upp til å skyna seg på sau. Lukkast dette vil dei 20 verane som staten årleg sel i Trondheim, ikkje koma dei private uppalarar i vegen, men tvertum bli desse til uppkveik og hjelp. Edøy som sauealsgard hev eg aldri tykt vel um og kjem aldri til å gjera det. Gong på gong hev eg gjort framlegg um å leggja han ned og få ein betre istaden. Men eg hev aldri fenge studnad her, korkje frå Trøndelag eller frå Møre. Nyleg hadde det vore høve ti a fenge ein f r a m i f r å høveleg gard, men det gjekk ikkje. Det var ikkje ein mann som hjelpte til, korkje av stortingsmenn eller andre. Men det var ikkje få som arbeidde i m o t. Møre og Trøndelag er so lite skynuge enno når det gjeld sau, at dei krev ikkje noko likare enn det som er. Og det som er, kjenner dei ikkje, for det ligg burtgøymt på ei utøy som ingen sauealar finn vegen til. Men dei vil hava det soleis. Kvi skal då eg halda på med å slå hovudet mot steinen lenger.
Då er det betre, til solenge, å freista gjera so mykje som mogeleg ut av det som er. Og um Edøygarden ikkje er bra, so er han likevel ikkje radt ubrukeleg. Det hev fram etter åri vore gjort mange freistander på Edøy vedkomande b e i t e k u l t u r i Øygarden og strandbygdene i det heile. I so måte hev sauealsgarden vore ein fyregangar av rang. Og dette hev vore turvande skulde eg meine.
Men det er berre so ille, at det er so få som fær sjå det som er gjort. Gild avlssau av gode ætter hev det vore på Edøy, so um ikkje stødt dyri hev sett so hævt ut når dei er selde, so kann dei gjeva godt etter seg. Staten hev ikkje vore nåme nær so knipen som privatfolk vanleg er når det hev golde å få tak i gilde alsdyr. Innsendaren tek soleis munnen for full når han skriv at "der blir spredt ut over bygdene en hel del skrap som yder mere skade enn gagn". "En hel del" må iminsto takast burt her. Men me kann gå med på, at det ender og då gjeng ut skrap både frå Edøy og frå andre sauealsgardar og frå framståande private uppalarar. Dette er det sers vanskeleg eller rettare sagt umogeleg å koma burt ifrå. For då laut alle dyri me sende ut verta utrøynde som alsdyr innan dei vart selde. Jamvel helst utrøynde på den garden eller i den grendi der dei skal bli ståande. Men kven hev råd til dette? Nokon vågnad må alle taka. Det er ikkje so endetil å få fram sers gilde alsdyr som mange trur. Og det er ikkje so endetil, at det som er høveleg og godt ein stad, er høveleg og godt alle stader.
Eg kjenner meg viss um, at um Edøyauksjonen vart burte og dei private uppalarar skulde yvertaka alt alsdyrsalet, so vilde det ikkje på dette viset verta betre saueal i Trøndelag enn det er. Det vilde verta ringare.
Ein sauealsgard hev Trøndelag på ymse vis gagn av lenge enno. Men etter kvart som interessa for saueal vaknar og veks fram her, og det vert orden i avlen alle stader og det vert flere offentlege sauesjå, vil me få so mange og so dugande private uppalarar at sauealsgarden. vert mindre turvande. Men so lenge staten vil halde han uppe, må folk vera glade til.
Eit samlande stort sauesjå årleg i Trondheim?
Jaha, dette er eg samd i og alt i fleire år hev me freista med å få dette til. Men det hev gjenge smått til dessar. Lite folk og lite dyr hev det møtt på dette sjået. Truleg må det ei vekkjing til kringum i bygdene innan sjået i Trondheim kann verta stort og samlande, ei vekkjing til større saueinteressor.
Ei bygd i Trøndelag hev synt større framgangshug og dug enn alle andre del seinste åri: Soknedal. Difor er det at denne bygdi må få statsstjået i haust. Ein lærer aldri so my_kje som å sjå etter kor langt fyregangarane er komne og korleis dei hev fara åt. Folk skulde soleis taka seg på tak og fara til Soknedal ihaust og sjå kva dei hev greidd a vinna fram til på få år.
Det er større lærdom i dette enn å vera pa eit lite og noko daudskleg sjå i Trondheim. Men so snart som denne staden kann samla folk og sau i storum, skal han få det årlege storsjået kvart år. Han skal det. Og her vil truleg Soknedal skuva på meir enn nokon annan.
S a u e a u k s j o n i samband på sauesjåi? Dette hev eg lite tru på. Det hev vore gjort freistnad med dette mange stader, men stødt hev det gjenge skeis. Prisane hev vorte mindre enn når ein sel underhand.
Gvarv 8. februar 1934
Vyrdsamt
Jon Sæland.