Rasestrid i Trøndelag avsluttes. Hentet fra Landbrukstidende nr 8-1938 sidene 57-58.

Vyrdnad for sanningi eller renning med sotbosten

 

Jon Sæland

Alfsen held fram med å sota norsk sauavl. Han skriv um "den forfalne saueavl i Norge". Men når ein påviser at det ikkje er forfall, men stor framgang tross i ei vanskeleg yvergangstid for sauen med etter måten lite hjelp frå det offentlege og katastrofal nedgang i grannelandi, då svarar han ikkje. Han skriv um "den dårlege kvalitet på slaktelam" og talar på møte um at "I England sa man, at vårt sauekjøt var det dårligste i verden". Men um ein påviser at alt dette er usanning, so svarar han ikkje. Berre renner vidare med sotbosten. Han gjorde eit stort nummer at, at sautalet hadde minka litt i 1937 (kring 1/2 %) og "statskonsulenten får bære skylden for dette forhold", men når han påviste den store framgangen som hev vore i hans arbeidstid, då vende bladet seg straks. Då vart "den forholdsmessige økning i sauavlen ærelaus med en gang." Statskonsulenten "kom dettende midt op i en kraftig opgangsbølge i sauavlen." Men "Denne opgang stoppet imidlertid like brått som den kom". Og her er statskonsulenten syndaren. Alt v o n d t er hans skuld, men ikkje det gode hev han noko med. Korleis er det no med den store uppgangsbylja frå 1917-18 som slutta like brått som ho kom?

For å få dette til samanliknar Alfsen sautalet 31. d e s e m b e r 1917 (då det er minst) med sautalet 20. i u n i 1918 (då det er mest). Men på det viset er det lett å få uppgangsbylje, "for det vert vel slakta ned litt sau i Noreg på ettersumaren og hausten.

Uppgangen stoppa brått 1923? Nei dette er og usanning. Når me set sautalet i 1918 til 100 var det i 1925 auka til 109, (desimalar tek eg ikkje med) og for kvart seinare (1926 til 1936) var det: 114, 115, 118, 110, 114, 121, 124, 126, 12,2, 124 og 125. Tali er tekne frå den offisielle statistikken. Det fakiske er soleis at det er j a m n, a u k i n g frå 1918 til og med 1936. Og når me til dette tek umsyn til aukingi i avdråtti denne tidi, er det grunn til å undrast på at det kann hava gjenge so godt i ei sers vanskeleg yvergangstid for sauen og like etter den fælslege nedgangsbylgja som vara heilt frå 1870 åri til 1918, i femti år.

Når det gjeld ulli, skriv Alfsen at "Å redusere avdråtten av ull med 10 % for kvaIitetsforringelse er vel for lite." Dette er skyn av Alfsen frå Strinda. Då kann me kanskje tru på det? Men ein og annan hadde kanskje lika betre å høyrt kva ullvarefabrikkar som kjøper hundradtusundvis kg. norsk ull um året segjer, nemleg at framgangen i kvalitet er stor i seinare år.

Landestyringi slepper inn det islandske saukjøtet for ein ørliten toll mot det som gjeld for nautkjøt og flesk for på dette viset å vinna fyremuner på Island for del norske f i s k a r a n e. Dette kjenner ikkje Alfsen til. Men han er ikkje i beit for å finna grunnen likevel: "Stortinget må gi tillatelse til nesten tollfri innførsel av islandsk saukjøtt i den lange tid tilførselen er for knap", skriv han. Men korleis kann det då hava seg at det islandske saukjøtet netupp hev sluppe inn i den tdi me sjølv hev storslakting elles?

Korleis er det til slutt med oxford downsauen og reinavlen - som Alfsen byrja denne vesle striden for? Hev han alt mist trui på båe delar avdi han no i siste stykket sitt lek ordet for innføring frå England av e n d å eit nytt sauslag (Southdown) til "k r y s s n i n g" både med "norsksauen, sjeviot og andre". Ja, men ikkje med dalasau vel?

"De forsøker Dem på å bevise at den norske bastardsau fullt upp held mål med del høgt foredla slag i England". Nei, dette hev ikkje eg gjort. Det var nok A I f s e n som forde elt sovore prov då han i fyrre stykket sitt skreiv om "de høit foredlede raser som kan gi modne slakteskrotter på 4-5 mndr. med en vekt på 13 kg. og under". Når ikkje kravi var større enn dette skreiv eg, at "paa dette viset kjem Alfsen til å føra prov for at den norske "bastardsauen" som han lastar så hardt, fullt upp held mål med "de høit foredlede" slag i England. Alle som hev drive litegrand med sauavl i Noreg vil veta at det ikkje er m i n s t e vanskeleg med blackface eller sjeviot eller stuttrova eller blandingssau å få lamb som i 4-5 månaders alderen gjev skrottar på 13 kg. og under. Ja me er ikkje verre stellt enn at me gjerne kann byta trettan med femtan her."

Vil han ikkje stå ved lenger det han skreiv? Og soleis taka "enfoldigheten" til seg sjølv.

 

Hermed anser vi denne diskusjon for avsluttet. Red