Jon Hjelde. Landbrukstidende nr8. S59 1940

Auking eller minking av grisehaldet i krisetider

 

Jon Hjelde

Da det ser ut til at dette emne tek til å verta aktuelt, skal ogso eg få lov å koma med eit lite innlegg.

Grisen, svinet, har frå gamalt vore halde høgt og i ære i dette land. Den høyrde jo etter dei gamle si tru med til gudane sitt følgje, og flesk var for dei gamle nordmenn noko som del sette isamband med den himmelske sæla. Det var kanhende den gongen ein sjeldan vare her på jorda. Flesk og mjød. Juleflesk, fest og varme. Jau, det høyrdest bra ut for dei som sat svoltne i vinterkalden. Og gris måtte det vera når ein berre kunde sjå seg råd til det.

Og det er rett nok at flesk er eit smakeleg og godt matemne som i salta stand held seg godt so lengje, og er so luggumt å frakta med seg i niste - bomma anten ein skal på tømmerhogst og ligge bort i vikevis eller -dra på ei lang sjøferd eller fiske. Spikeflesk og flatbrød har metta mang ein svolten mage. Og det var ikkje å undrast at dei inne i landet der dei hadde mindre tilgang på fisk, kom til å eta mykje flesk. Men det er ikkje sagt at dei gamle sitt syn på flesket som på matstellet i det heile, var so rett og riktig. Tilhøva har jo endra seg på mange vis. No er det mykje lettare å få tak i mange slag matemne til å gi avveksling i kosten. Og den nyare gransking har snudd mykje på vårt syn på matstellet. Vi veit no millom anna at det ikkje er so om å gjera å ha mykje feit mat. Med nok av kolhydratemne kan ein under vanlege tilhøve greie seg utan det som vi nemner for suvl -herunder ogso da flesk, som mange gonger er eit dyrt matemne.

Og især i krisetider med knapp tilgong på mjøl og anna kolhydrantemne bør ein tenkje seg om før ein bruker diisse emne til grisefor ifall dei kan vera nyttbare til menneskjemat. Ein må jo koma ihug at av dei mange kaloriar som grisen sluker, går mykje bort til å halde varme i griseskrotten og til å laga produkt som vi ikkje kan nytta - bein og bust, tarmar m.m. Og vi får på det mindre mat enn om vi sjølv hadde brukt dei nyttbare kolhydratemne. Under vanlege tilhøve har jo dette mindre å seie for han som driv med fleskeproduksjon. Da vert det berre spørsmål om kva som løner seg. Men den som alar til flesk berre for sitt eige bruk, skulde støtt tenkje på dette, so ein ikkje brukte for mykje nyttbar menneskjemat til grisefor. Og i krisetider skulde alle som har med gris å gjera, tenkje på dette, so det ikkje vart søla bort til grisene dei emner som vi sjølv kunde ha brukt, og soleis gjort oss mest mogleg gagn av.

I Samband med det som ovan er sagt, skal eg få lov å nernne nokre døme på ymse syn på grisehaldet under siste storkrigen. I Danmark livde ein dr. Hindhede som gjennom lengre tid hadde drive med kosthaldsspørsmål og funne at ein kunde greie seg med mykje mindre av feitt enn dei tidlegare hadde tenkt, og han fikk dei danske myndigheter til å redusere svinehaldet so sterkt at det ved slutten av krigen var nede i berre 1/7 part av kva det var i 1914. Men tyskarane såg onnorleis på flesket og feittet. Dei prøvde halde oppe so stort svinehald som mogeleg. Autoritetane der var nok ikkje heillt einige, og Hinhede prøvde gjera deim merksame på at dei ikkje berre hadde å slåss mot stormakter, men ogso mot sine eigne svin. Etterpå måtte dei sanne at Hindhede hadde rett, og at dei burde ha innskrenka sitt svinehald i dei dagar og dermed fått meire mjølmat til folkeføde.

Her i landet såg dei visst på dette spørsmål som i Tyskland. Eg minnest at frå eit av dei større møte som da vart halde for å finne rådbøter mot matvanskane, var det største foredraget om grisehald. Eg vil vona at myndigheitene ogso i dette land no likesom i Tyskland er kome til eit anna syn på dette spørsmål.

No må ingen få den tanke at eg helst såg alle griser slege ihel snarast. Nei, dertil er grisen ein altfor luggum skapning til å gjera seg nytte av mange slags avfall, som ein ellest ikkje kunde få gjera seg gagn av, men som han lagar om til god og verdfull mat for oss. Eit dyr som truleg burde finnast ved fleire heimar der tilhøva ligg soleis til, og del ikkje kan nytte avfallet på anna vis. Ja, grisen er da ei god sparebørse, men det gjeld om å handsame denne sparebørsa på rette vis so ho vert til vinning og ikkje til svinning for matbua vår. Gjerne for meg mykje med griser når dei kan liva på avfall og ikkje et opp god brukbar menneskjeføde. Og da er eg redd for at talet på griser no må noko ned, og eg er overtydd om at stordriften av grisehaldet under krisetider ikkje er på sin plass - allerminst hos oss.