Jon Sæland. Landbrukstidende s59, 1936

Dikt eller sanning

 

Jon Sæland, statskonsulent i saueavl

Eg må svara Engdal litt til, so folk ikkje skal få inn i seg og litt um senn tru på ein ting som han skriv og som er r e i n t g a l t: at dalasauen er rester av B o r d e r-L e i c e s t e r s a u e n. Kvar hev Engdal dette ifrå.

Like eins vil eg ikkje denne venda heller vera med på, at sauealarane er so reint fåvituge som Engdal vil hava det til. Han skriv: "Folk tror i almindelighet, at store og små sauer trenger omlag like meget vinterfor." Kvar bur dei sauealarane som er so barnslege? I mitt lange liv som saumann hev eg tala med m a n g e sauealarar på ymse strok av landet, men aldri hev eg råka denne trui.

Jon Sæland.