Meldar, Landbrukstidende nr 1-2 1944. S 5-6

Grå trøndersau?

 

Den flyttbare landbruksskole i Nord-Trøndelag hadde eit av sine vanlege kveldsmøte på Mørseth i Hegra fredag 10. desbr. 1943.

Millom anna var det då foredrag av landbrukskandidat Fritz Loyd Johnsen om gråsau. Og då den gråsauen vi hadde her i Trøndelag var sermerkt, ville han kalla den for Grå trøndersau.

Grå Trøndersau

Etter ymse utrekningar hadde han kome til at vi hadde millom 9000 til 18000 gråsau i Trøndelag år om anna. Og når ein fer i kring noko, så ser ein ikkje så lite av denne ljosegrå sauen, med bra fin og god ull. Som rasemerke ville han sette: Vakker grå ull utan brunt i, fin ull, ljose flekker under auga, rett naserygg og ein ulldott i panna. Det er i grunnen ein ullsau, kanskje ein blandingssau med mykje tauterblod i. Fargen på den grå sauen i Trøndelag er ekte. Han hadde prøver både av ljosare og myrkare ull som var utsett for serleg sterkt ljos ei tid, men det var ikkje å sjå skilnad på det som var ljosbehandla og det som var vara mot ljos.

Det vi no måtte leggja vinn på ved opp-al av grå sau var: Vi må få til rein fin farge, fin ull, god ull, mykje ull, ein middels ulldott i panna og ljose flekkjer under auga. Så må vi få til ein betre kroppsbygnad enn gråsauen jamt over har, og kanskje ein større sau. Og vi må få til ein fruktbar sau som ofte har tvillingar og mjølkar godt. Dette siste er visst ikkje så vanskeleg, det ligg i rasen. Kravet til ulla må gå først. At det enda finst godbygde gråsauer, det viser bilete som er medteke her. Det er diverre lite av slike sauer, men dei som er, må det no takas vare på. Og serleg må ein no til våren ta vare på gilde verlam. Det har ikkje vore drive nokon planfast avl av gråsau, men no må ein gjera det før avlsmatrialet døyr ut. Her i Trøndelag har vi noko godt å byggja på. Og vi treng mykje av god grå eller svart naturfarga ull.

Grunnen til at lærarene ved landbruksskolen fekk Johnsen hit opp til Skjelstadmarka for å tala om grå sau, er at her oppe viste det seg ikkje å vera så lite av god grå sau. Og Johnsen er no av fagfolk den som har studert gråsauen mest, og han kunne leggja ut om emnet. Folk vart interesserte og spørsmåla kom kvikt etter foredraget.

Hausten 1944 må vi freista få til el mønstring av grå sau her oppe. Kanskje kan då Sklielstadmarka verta eit av sentra for avl av Grå trøndersau.