Aage Hagerup. Landbrukstidende nr. 8. Side 60, 1940
Aage Hagerup, Frosta
Fylkesagronom Næsgård er ute i nr. 7 av Landbrukstidende og skal forsvara statskonsulent Sæland, og attåt hjelpa til å tyna tautersauen.
Næsgård skriv: "Alle vil ha fin ull, men ingen vil betale noe ekstra for den. Den kan skaffes billigere fra andre verdensdeler og dermed er den sak i orden."
Ja tru det, herr Næsgård? Har ikkje Noreg vilkor for å produsera denne fine ulla sjølv på dei rike fjellbeitene? Og har ikkje dei som styrer saueavlsarbeidet plikt på seg til å ta vare på saueraser innan landet som gjev fin ull?
Noreg vert vel ikkje sjølvhjelpen med fin ull berre med å vise ullkjøparen til utlandet. Prøv å halda dette saman med kornproduksjonen i landet. Korn kan skaffes billlegare frå andre verdensdeler.
Dette å byggja jordbruksproduksjonen på skipskjølen er vel ei for gamal glose.
Næsgård skriv vidare: "sellv om det i den nåværende situasjon ville være særdeles ønskelig om vi også hadde mye mer fin norsk ull, lar den seg ikke fremtrylle i en fart, for vi har bokstavelig levd etter ordet: sørg ikke for den dag i morgen osv."
Ja, det er nettopp dette eg har prøvd å hevda med at den ca. 200 år gl. sauerasen på Tautra vert gåande for lut og kaildt vatn. Den dag kan koma at fin ull kjem i gruppe for seg sjølv. Ein praktisk saueavlsleidar vilde gjort forsøk med innkrysing av nytt blod i den gamle finulla rasen.
Til statskonsulent Sæland kan eg svara: Av og til spør eg sauefolk frå andre strøk i landet om sauekonsulenten er redd fin ull? "Ja, det ser slik ut," får eg til svar. Han krev mykje kjøtt, og dette kan vel ikkje i alle høve foreinas med fin ull.
Etter eit slikt svar finn eg det rimeleg at tautersauen kjem med på dødslista.
Sælands referat av vår samtale om tautersauen for ca. 10 år sidan, kjenner eg ikkje att. Kan trøysta statskonsulenten med at enno held "Frostingan" Tautersau dei som har sau. Men hamningane her rekk ikkje til storfe eingong, så sauholdet går attabak av den grunn.
Statskonsulenten skriv dette til slut: "Men alt i alt er han vel då mogen til å døy." Der fekk vi det! Kvinnfolka vill ha fin ull, og sauekonsulenten byd finaste ullsauen i Noreg kniven.
Frosta 18/2 40