Arne Vardehaug. Landbrukstidende s61, 1939
Arne Vardehaug, Levanger
Når ein skal velja plassen for saubeite, må ein strakst tenka på høgder, der sauen så å segja får gå som i ein stor sirkel kring høgste nuten. I eit slikt landskap trivs sauen best, og vert lettast å gjæta. Sjølv om graset der er smått og lite, så er det av dette graset sauen vert feit. I skoglier (bjørkelier), kan det vera bra når det er turr jordbotn. Men ikkje så godt som i høgfjellet, sjølv om graset i lierne er som eit slåtteng. Myrlendet er uheldig for sau.
Når ein har valgt plassen, må ein ordna seg med el dugeleg samletrø på ein lagleg plass. Det må vera slik at sauen er lett å driva dit. Ei slik trø må ein ha for å driva sauene inn i nokre gonger første to åra. Ja, første året kanskje dei fleste netter. Sauen får då som ein heim, og vert dei sidan skremd eller kjem frå kvarandre, søkar dei til trøa.
Så må ein ha ein d u g a n d e g j æ t a r. Og dei veks ikkje på kvar busk. Gjætaren skal sjå til at sauen ikkje kjem bort, men likevel veit feit. Desse to ting er ikkje alltid god å sameina, men eg kan segja av røynsle: "Det går"- - Det er ikkje vondt å beholda ein saueskokk når ein hardgjætar dei, men feit vert dei ikkje då. Så eg vil segja når de skal velga gjætar: "Velg etter dugleiken, og ikkje etter den biligste!" -Gjætaren må vera merksam på at det vert ikkje ein lysttur til fjells med fisking og bærplukking. Men det er arbeid, strengt arbeid og, i allefall første året.
Ein god hund er umissande. Det er diverre slik at her i Trøndelag finst det ikkje folk som kan dressera og bruka buhunden endå, serleg på sau då. Ikkje finst det nokon som kan gjeva fullgod rettleiding om det heller. Men litt er det då freista. Eg har funne ut at ein kan nytta hunden mykje, ja han er heilt umissande. Men ein må studera hunden sin, - ingen er heilt like. Og buhunden må ein fara fint med,. Eg trur for den uvante er det best å ta til med ein 4-6 mnd. gamal kvelp. Ein vaksen hund som er udressert, eller endå verre halvdressert, er det svert vanskelig å ta til med for ein som ikkje kan. Ein kvelp venner seg fortare til sin nye herre, og går og vagtar på kvart ving frå herren sin. Gode, heilt dresserte buhundar er nesten urå å få i. Forresten skal ikkje hunden brukast i tide og utide, men berre når det trengs. Ein ung kvelp må ikkje gå kvar dag, då kan ein ta motet av den. Med ein eller to brukande hundar skulde ein flink kar fint greida gjæta ein 400-500 sau.
Ein må og ordna sauen til fjellopphaldet. Det er ingen fåre om lamma er ung og små. Er dei g a m a l og små er det verre. Sauen må og vera klypt i god tid, så det får gro til litt ull før han vert dreve opp på høgfjellet. Det kan vera litt ruskut på fjellet først på sumaren, og sauen skal opp så snart det er mat åt dei. Så må ein merka del med namnklave eller øremerke, - best begge deler. Er det fleire sauer enn drifta i nærleiken, brukar ein eit driftsmerke på sauen, ein X eller ein stor bokstav mala med tjøra på ei sida. Då kan gjætaren kjenna sauene sine heile sumaren. Ei god bjølle for kvar eigar er ein sjølvsagt ting. At sauene må gå ute ei tid før ein reiser tilfjells, skulde og vera uturvande og nemna.
Når ein så skal driva sauene opp p å f j e l l e t, så er det likast at kvar eigar tar sine sauer og reiser heilt opp med første året, kanskje andre året og. Det er noko av det verste eg har vore borti å driva opp store skokkar av ukjend sau, serleg opp gjennom skog og ulende. Både sauen og endå meire små lam lid vondt med det. Er snaufjellet langt, så er det ein fordel å ha el mottakingstrø der skogen sluttar. Sidan kan ein driva heile flokken ilag, for då ser ein om nokon stikk ut. Men det må gå ein forstandig mann i brodden for å halda att. Slitast drifta av, vert det eit fårlegt strev å få med enden. Men best for dyra er det no, om kvar skokk får gå for seg.
Anten folk får levera i samletrøa på hamnestaden eller i kviletrøa ved skogkanten, så må gjætaren ta i mot sauene av kvar eigar, før dei får sleppa dyra i trøa. Gjætaren må sjå over skokkane, og skriva opp talet av vaksne og lam, av tvillingsauer og gjellsauer, av saulam og verlam, korleis bjølla er og alt ellest som kan hjelpa han å halda greide på dyra. Dette vert det synda svert mykje i mot, og sidan om sumaren veit gjætaren ikkje dusta om kva sauer han har eller ikkje, og det vert rot av det heile.
Når ein så skal g j æ t a er det to måtar å gjæra det på. Det eine er å gjæta og driva i trøa kvar kvell, som eg trur ein må gjæra for å byrja med, i slike fjell som vi har. Den andre er å gå rundt skokken m i n s t to gonger i døgnet og merka seg kor ein har "klikkane", og så driva inn dei som har teke ut. Då nyttar ein hunden, og lett han gå på litt hart og. - Den siste måten er den vandaste, og det er eit spørsmål om ein i allefal det første året må halda seg til første måten, sjølv om sauen ikkje då vert så feite og fine. Dette er eit spørsmål som den dugande gjætar må avgjera i kvart einskild høve. Det er berre han som kan døma rett der. Når sauene har vore der eit par år og kjenner trakta og veit av samletrøa, må ein gjæta med "å gå kanten", - er ikkje udyra alt for slemme då.
Når ein så skal d r i v a n e d om hausten kan alle dyr gå ilag. Dei er greid å ha med å gjera, då, og ein treng ikkje mange mann.
Dette er i stutte drag noko av det viktugaste eg meiner ein må merka seg når ein skal ta til med samdrift av sau. Og eg vil ynskja at det vert på tusunvis med sau oppi fjella våre om sumaren. Der er plassar nok. Og vi treng å nytta ut dei ubrukte, gode vilkår vi har i landet vårt.