Jon Sæland. Landbrukstidende nr. 6. Side 45-1940

Meir flesk segjer Fjærli

 

Statskonsulent Jon Sæland

Det er i denne tidende nr. 4 han segjer dette, den nye statskonsulenten. "Forbruket av flesk har i løpet av 40-50 år gått ned fra 20 til 13-14 kg. pr. individ, og en slik omlegning i kostholdet kan ikke sies å være naturlig for oss som grenser til det høye nord. Nei vi får nok produsere og få forbruket opp i det gamle nivå." So segjer han.

Men er det sanning dette at flesketingi hev minka noko, rettare mykje, so var det helst ei gledeleg sanning! For her i dette høga nord der me hev so lite grismat, at det meste må kjøpast frå utlandi, var det vel betre alt me heller auka på med del husdyri (t. d. sau) som kann berga seg og jamvel verta søkk feite på berre innanlandske foremne. Var ikkje det betre? Var ikkje dette betre no iminsto, når havet er fårleg å fara og grismaten frå utlandi vert skamdyr?

"Nei", segjer Fjærli, "vi får nok produsere flesk og få forbruket opp i det gamle nivå," Inkje avslag vil han hava, men tvert um storvegjes auking av kraftforkjøpet frå utlandi. Nei segjer du, jau segjer eg fleskavlen ikkje berre haldast uppe, men jamvel aukast med minst fjordeparten av det som er no, so greider ikkje grisalarane dette med jordeple og anna heimefor. Det kann du lite på.

Vyrde felage! Du kjem frå ein av dei skulane i landet som i storum er med, og skuver det utanlandske kraftforet fram (til gris og høne og naut) og me minnest at du som tingmann var med, då saukjøtet vart sett på vetlekrakken av stortinget. Då saukjøtet skulde hava berre tridjeparten so høg verntoll som nautkjøt og 2,7 parten so, høg verntoll som flesket.

Du hev "forkjærlighet" for grisen, segjer du no. Ja, me skynar dette. Me hev skyna dette lenge, at du skuver fram dei dyri som i storum lever av utanlandske foremne, men er med og døyver ned det dyret som meir enn noko anna av husdyri våre lever av innanlandske foremne.

Men det er noko stridvore å sjå at du framleides er med på dette, no då det kanskje for ållvor kann verta litt spursmål um sjølvberging.

Du ottast for "kostholdet", at det ikkje vert "naturleg" utan med 20 kg. flesk til manns um året. Men truleg er fåren liten, mindre enn liten, enda um flesket (maisen) vart minka ned enda noko til. Me kann taka litt lærdorm av folket vårt på Island her. Island må høyra til det høga nord. Men her hev dei i hundradvis av år, i yver 1,000 år, mest ikkje ått griser eller flesk. Men dei hev levd likevel. Dei hev jamvel halde seg meir helsuge enn folket i gamlelandet med allt flesket sitt som i storum er laga av utanlandsske foremne.

Men feitt sau kjøt et dei dei på Island.