Jon Sæland. Landbrukstidende s65, 1935
Av statskonsulent Sæland
Ifjor var det krisepengar å få for fjellbygdene til inngjerding og gjødsling av kulturbeite. Truleg vert det pengar å få til dette iår med. Send søknad til skogselskapet. Det er framifrå gagnleg å hava kulturbeite i fjellbygdene endå um desse hev romsamt um beite sumars dag. Serleg til sauen er kulturbeitet gagnleg um våren, so ein slepp å beite for hardt på innmarka. Men kulturbeitet må helst liggja i ein solbakke med god jord. Vert det då godt gjødsla, gjev det sauebeite like tidleg, eller jamvel tidlegare, enn innmarki.
Fyrst må skogen hoggast der det skal bli godt beite; for med skog og s k u g g e vert det aldri gras.
Etter inngjerdinga kann sauen nyttast til å røda beitet, so det på få år vert til sett med smått, fint gras, og kvitkløver. På kulturbeiteanlegget skal ein beite so hard, med sau at han tek tennung, lyngvokstrar, mose og fynne av alle slag. Men då må han vera s v u l t e n ? Ja, det er det han skal vera for å gjera godt rødingsarbeid. Han må vera hol etter fylli, men svelta må han ikkje. Difor må det gjevast k r a f t f o r attåt når sauen skal vera på rødingsarbeid. Men ikke høy eller halm eller anna stråfor.
Det er tidleg um våren og seint um hausten sauen skal vera arbeidskar på kulturbeitet ikkje um sumaren. Då skal han på fjellet og bli f e i t.
Eg må taka uppatt at det må hard beitte til. Ein kjem soleis ikkje frem med få sau på eit stort beiteanlegg. Ein må hava t.d. 50 sau på 10-15 mål beite. Med ferre sau lyt ein taka teig for teig.
Men ein ting er visst: det finst ikkje betre og billegare måte å kultivera beite på enn med sau (eller geit) for dei som er skynnuge og kann noko her.