Arne Vardehaug, Landbrukstidende nr 17-18, 1944. S 66
Arne Vardehaug
Det vert mange sauedrifter i fjellet i år. Det er då om å gjera å ordna seg slik at resultatet vert best muleg. Eg skal difor her gjeva nokre råd og rettleiingar, som vi av syrgjeleg erfaring har hausta.
Sauen må klyppast i god tid, minst to månader før dei skal oppå det ruskute fjellet. Vi har ofte vore vitne til at magre, nyklypte sauer beint fram kreperer om det vert styggever strakst dei kjem opp på beite. Det vert tap. Lamma går ofte og iveg når mora vert borte. Og det er eit utidigt og unødvendigt dyrplageri. Klypp no strakst, er det ikkje gjort før.
Sauene må få ut ei tid før dei vert drevne til fjells. Det er heller ikkje noko økonomisk saudrift å f6ra sauene inne til i juni. Har ein ikkje beite til dei om våren, som ein skulle ha, så kan ein likevel gjerda av eit mål eller så, å lata dei gå i om dagane. Ein fekk kanskje f6ra som vanleg likevel, men sauene fekk ut, og det heilt frå i april. Elles må ein så fort råd er ordna seg med kulturbeite for sau, til bruk om hausten, og serleg om våren.
Ein må merka sauene godt, så slepp ein dette rotet om hausten. Merkeklave må kvar sau og kv"rt lam ha, og bygdenamnet må og stå på klaven.
Når ein driv opp på beite, må ein driva smått - å så smått --. Det går aldri å samla ihop fleire hundrad uvante sauer nedi bygda og så drive dei oppgjenom ulende og skog og oppå fjellet. Der gjer folk feil! Og gjer den opp og atter opp. Ja sjølv folk som har gjætt, kan vera med på det. Men dei har då ikkje vore med å dreve uvant sau. Den røynde gjætaren gjer det aldri. Når det går gale på dette viset, så skuldar folk på hundane - på gjætarane o.l. Og så skal dei sjølv ikkje vika ein tomme på det dei har sett seg føre. Så går det gale, gong på gong. Nei, når ein skal driva opp uvant sau, så må kvar eigar fara med berre sine eigne sauer første året. Folk vil då gjerne ha lag, men meir enn 3-4 eigarar må ikkje slå seg saman. Og ein må aldri ha meir enn knapt 100 sau i skokken. Dette er eit av grunnprinsippa for at drifta skal gå godt. Går det gale ved oppdriving, så får ikkje den beste gjætaren til å greida opp med det den sumaren.
Ein må ha det ordna på fjellet før ein fér opp. Ein må ha ei god hytte og dei trøer og gjerde som trengs. Og gjætaren må ha nøgda med mat opphavt, så han ikkje treng å gå frå sauene i utide.
Dette var noko av det folk må leggja seg på minne no, når vi skal til å tenkja på sumarbeite for sau att. Vargen trur eg ikkje vert så lei oppå fjella i Innherad i sumar. Nokre er tatt og nokre er skadde, og då held dei seg vel borte noko til å byrja med.