Jon Sæland. Landbrukstidende nr. 9. Side 68-1940
Statskonsulent Jon Sæland
I svaret sitt (nr. 7) skriv Fjærli at han « i 15 år som stortingsmann gjorde kva han kunna for
saueholdet». Kva var det so han gjorde? Jau «tvo gonger røysta han for handelstraktatane med
Island som gav dette landet brukbare vilkår for å halda fram med å selja salta sauekjøt til Noreg».
Ikkje nok med dette: Han hev skrive og sagt seg «samd i at den noverande regjeringa gav
islendingane rett til å innføra ei avgrensa mengd av salta sauekjøt». Men døyva ned sauhaldet, det
nektar han likevel å hava vori med på. Han forsvarar at Island skal få koma hit med 8000 tunnor
(896 tonn) lambkjøt svarande til 64,000 lambkroppar mot tredjeparten so høg verntoll (18 øre) som
det er på nautkjøt (54 øre) og 2,7 parten so høg verntoll som det er på flesk (49 øre). I høg grad
hev han soleis vore med på å sett sauen på vetlkrakken.
Men nekta for å hava vori med på dette, det gjer han likevel, - Ja, for den store skaden som er gjort
for sauhaldet med dette, det meinar han at Kjøt- og flesksentralen veg uppatt. Etter at me fekk
denne «går det an å få selje det islandske salte sauekjøttet utan at det trykkjer prisen noko vidare
nedover for ferskt sauekjøt her i landet - og ikkje so svært mykje for salta heller».
Nå! 64,000 lambkroppar, på lag like mykje som alle lamb som det er i heile Trøndelag, hev ikkje noko
nemnande å segja for prisane innanlands, trur Fjærli.
Iminsto greider fleskesentralen å jamna ut, so det ikkje vert «svært mykje» eller «noko vidare».
Men det er vel slikt noko som dette som må kallast å vera godtruen - når ein sjølv batar av det. Kjøt- og flesksentralen som han trur so på her (saualarane hev liti tru) hev ogso flesket å handa med
og taka store innkomor av, men kvifor skal det (som i storum er tufta på utanlandske foremne) hava
på lag tri gonger so høg verntoll som saukjøtet? Kvifor gjorde ikkje Fjærli noko her for å få
jamnstelling (t. d. få ned flesktollen og nautkjøttollen ogso) um so, er at han verkeleg meinar det ålvorsamt det
han skriv at han «gjorde kva han kunna for saueholdet» då han var på stortinget.
Stundom hev han nok ei leid kjensle av at han ikkje hev gjort dette likevel, men han orsakar seg med
at «-vi fekk føremonar for norske fiskarar ved Island m. v.» att for den låge tollen på saukjøtet.
Jaha, og desse fyremune for fiskeinteressone våre på Island finn han -det rett, at norske saualarar
betalar. Han kunde ikkje koma på at det t. d. hadde vore rettare um staten på eit eller anna vis
hadde betalt desse fyremunene. Umsuti hans for sauen hev i alle fall vore mindre enn liti.