0. Th. Engdal. Landbrukstidende nr. 9. Sidene 68-70, 1941

Ymse som er gjort mot sauesjukdomar

 

0. Th. Engdal, styrar Statens sauealsgard, Edøy

Dette omfangsrike emne skulde vore meir ålment klårlagt av ein veterinær eller biolog. Men det er enno for mykje slik, at ingen hentar dyrlækjar til ein sau. Dessutan vil folk ikkje at nokon skal vita om, at dei misser sau. Både dyrlækjarar og andre jordbrukstenestemenn får isoleis lite greida på skaden og -omfanget av sauesjukdomar i kystbygdene. Til døme skal eg få nemna, at eg heldt på fleire år, før eg fekk tal for kor mange sauer og lam dei neraste grannane mista vinteren og i lammingstida av vassott og anna i vantrivnad. Eine våren mista dei 60-65 % av heile sauebuskapen. Ein på Smøla spurte eg, om det kunde væra optil 100 lus, (krabb) på ein sau. Han svara: Hundra, nei hundra tusen." Han kvidde seg ikkje for å segja i meste laget.

Til ei slik kystbygd kom Statens sauealsgard 1908

I Skotland hadde eg set opne veiter i mest all våtlendt bumark til vern mot vassott (iktesjuke, flundresjuke) o. a. Dei første åra på Edøy vart difor teke 33.000 m slike veiter i bumarka. Garden har difor ikkje havt nemnande iktesjuke på sauene. Men hjå dei neraste naboane rasa denne sjukdomen slik sume år, at 2/3 av buskapen strauk med. Det har vore prøva mange praketiska råder; men ingen hjelpte. Sume trudde på kamfer, andre på noko anna.

Etter føre verdenskrig vilde ein dansk dyrlækjar, Egehøy, på Hitra gjera forsøk med å ryddja vassotta ut på ei mindre øy. Me fekk han til å gjera forsøket hjå alle naboane på Edøy og Kyrhaug, so naboskapet til sauegarden kunde verta smittefritt. Det var "Distol", eit bregneuttrekk (Aspidium Filixmas) som vart bruka og skulde gjera det av med distomatosen. Forsøket viste at dette var ei sers god hjelperåd; men midlet var for dyrt til å koma meire ålment i bruk, og snart var det like ilde.

Det vart etter kvart ellest tydelegare, at det ikkje var berre iktesjuke. Det såg meire ut til å vera fleire slag innvoldssnyltarar, og at vassotta ofta var siste stadiet i tragedien.

Frå fagliteraturen heime og ute veit me, at det er fleire slag rund-, tråd- og bandormar i magar, tarmar, galdegang og -lungor hjå sau. Det kan mest grøsse i ein, når ein les om alle desse i gamle Schumanns samlede verker, som er det mest omfangsrike på norsk.

Vårt land, og serleg kyst-Norge er sovisst ikkje noko undantak. Spurnader frå innlandsbygder viser, at det ikkje er mykje likare der sume stader.

Avlidne statsdyrlækjar Tillier var truleg i si tid stØrste eksperten på dette omkvervet her i landet. Han var fleire vender på sauealsgarden utan å finna noko serleg. Ein haust fann han bendelmakk i eit avmagra lam. Ein annan gong trudde han nokre lam hadde lungeorm og foretok innsprøyting. Saman med distriktsdyrlækjar Undem vart gjort mange granskingar av gjødselen.

På ei utstilling i Newcastle 1925 hadde eg høve til å sjå nokre prøveresultat med koparsulfat mot løypeorm (løpestrongylier), serleg hjå lam. Dette var 1 % opløysing og i så små doser, at me såg inkje verknad her avdet. Seinare er prøva 2 % blåsteinvatn og like mange gram av dette som kg. 1. v. hjå dyra. Dette har i mange høve verka godt. Men me fekk tak i 2 slag engelsk patentmedisin -som ei tid var beste råda mot fleire slag sjukdom. Det eine var kalla "Liver Fluke" mot iktesjuke (leverikter) og det andre "Husk Remedy", serleg mot magesjuke o. a. utrivnad på sauer og lam. Då den nye medisinalloven kom, vart det ikkje mogeleg å få dette inn i landet meir, og der stod me. Det vart so å gå attende til den gamle islandske -og norske husråda. Her er ho: ein kvart (13-20 cm) rulltobak, opløyst i 300 g vatn pr. sau, å deila på 3 morgonar etter kvarandre før foring. Mange utrivelege sauer er kurert med dette utetter tidene.

No leid det so langt, at revekapslinga tok til, og me fekk Serapiskapsler mot vassott; men desse varsopas fårlege, at del kom lite i bruk. Av revekapslar vart serleg Vulpin og Vermitox prøva, her isamråd med noverande prof. Slagsvoll. Tetrakloretylen i desse kapsler synte somtid stor verknad mot vantrivnad, men ikkje alltid. Det var vandt å finna so mange utrivelege dyr, at det vart nok til prøve- og gruppeforsøk på sauealsgarden og hjå naboane og samstundes, gransking av gjødselen og av innvoldar frå slakta dyr. Samstundes vart og gjort prøve med vaskemidlar mot utvortes snyltarar.

Av vaskemidlar synte 1 1/2-2 % råkresol i 1 1/2-2 % grønsåpevatn beste verknaden. Dette drep berre med ein gongs vasking bådde levande avåt samt puppor og egg, og so er det billegare enn noko anna. Dei mykje dyrare som Biggs-, Dougall-, Ceureka-vask m. fl., som einn treng bruka 2 gonger, er ikkje turvanda lenger.

Prøva mot innvoldssnyltarar synte ikkje pålitande verknad t. d. mot bendelmakk. Prøva vart Serpapis, Vulpin, Vermitox, Lentin, Ovinal, kamala, areka, pikrinsyre og 2 % blåstein-vatn. Ovinal synte noko verknad mot ymse anna. Ovinalkapsling har sidan vore mykje bruka mot vassott i kystbygdene i Møre og Trøndelag, kanska serleg på Smøla, og alle er samde om, at dette har berga hundratal sau. Det er tetraklorkulstoff i desse kapslane. Eit døme frå praksis: Ein slaktar i Kr.sund sa, at han i haust fekk finare sauslakt frå Smøla enn frå fjellbeita. Slikt har ikkje hendt før.

Dei siste åra har me på sauealsgarden mot magesjuke og vantrivna bruka nikotinsulfat, Black Leav 40 % (det same som vert bruka til frukttresprøyting) saman med 2 % blåsteinvatn. Til kvar sau 2 gram nikotinsulfat i så mange gram blåsteinvatn, som sauen har kg levandevekt. I haust foreslo Veterinærhøgskolen endå sterkare blåsteinvatn, over 3 %. Veterinær Flatla gjev op denne recepten:

20 g koparsulfat

+ 20 g nikotinsulfat 40 % (Black Leav)

+600 g vatn.

Av denne blandinga rår han til 30 ccm eller gram til vaksne og 15 til lam. Han meinar, at dette ogso skal hjelpa mot bendelmakk. Er det so, vil truleg verste lammesjuken vera daudedømd, og vel er det; men det er enno for tidleg å segia noko visst. Dette er ei so billeg rå, at alle bør prøva ho.

Etterjulsvinteren og våren 1936 hadde me ymse vantrivnad på lam, ikkje noko hjelpte imot. Trass i alle råder frå distriktsdyrlækjar Lægreid o. a. var det kring 30 verlam som ikkje vilde veksa på kraftig foring. Dei letna av, so fleire av dei kreperte. Både sjuke dyr og innvoldar vartsendt Veterinærkliniken, utan noko visst kunde segjast vera orsaken. Det merkelegaste var at 30 lam i ein binge, der lamma av og til fekk gnaga buskfuro, ikkje feilte noko. Granskingar dei seinare år syner at furubær er sers rikt på vitaminer. Til slutt viste me ikkje anna råd enn å prøva få del avmagra lamma ut på eit tidleg vårbeite, der det var elt plantefelt med buskfuro. No kom alle seg snøggt, so ingen av desse krepera. Nokre døme: Det kleinaste vog 16. mai berre 25,5 kg, men 15. sept. 56, eit anna 32,5 og 67. Dei hadde soleis meir enn dubla vekta og fleire hadde tilvekst på over 30 kg som risbitverar frå 16. mai til 15. sept. på kulturbeite.

Nemnde dette for hr. prof. Breirem ved Landbrukshøgskolen -og snakka om vitamin eller mikronæringsprøve. Han fekk straks interesse for eit forsøk med mikroemner samt koksalt, caleium og fosfor til vanleg god foring. Assistent Ulvesli kom opover hausten 1938, og me leita ut 18 jamnlike verlam til 2 prøve- og ein kontrollflokk, 6 i kvar, etterat dei før hadde vore på forings- og tilvekstprøve. Dei vart no heile vinteren fora likt i foringsbolkar på 20 dagar millom kvar veging, 2 dagar kvar gong. Vinteren 1939-40 vart det 4 flokkar med 8 lam i kvar, og det same denne vinteren. Det er enno for tidleg åsegja noko visst; men skort på calcium og fosfor er det ikkje. Dette syner ogso høyanalysen. Mikroemna synte ogso liten verknad første vinteren, 1,59 kg større tilvekst pr. lam enn i kontrollflokken. I fjorvinter var medeltilveksten pr. lam 4,52 kg større i prøveflokken enn i kontrollflokken. Prøveflokken fekk første vinteren av mikroemner: kopar, mangan, jarn, zink og nikkel samt kobolt, andre året ikkje zink og nikkel og i vinter som sporstoffer berre kopar og kobolt. Knokelanalyse og hæmoglobinbestemmelser har vore gjort kvart år, det siste året 2-3 gonger for vinteren. I år vert det fleire gonger.

Me må vona at Veterinær- og Landbrukshøgskolen vil haIda fram med granskingsarbeidet sitt over sauesjukdomar og foringsspursmål. Me treng ogso granskingar over inficering av beiter og rådebøter herimot. Dette vert ikkje aktuelt berre for kystbeitene. Det store belegg og den intensive utnytting av kulturbeitene vil medføre inficering ogso av dem. I desse arbeider må statens, saueavlsgardar framreis kunne hjelpe til. Det vert rettare enn å røma frå vanskane. Dette vert lite hjelp for dei som skal sittja att og livberga seg utan å få den hjelpa dei treng. Dessutan kunde det henda, at nissen flyttja med.

Til sIutt lyt me få segja, at det soleis no er gode råder mot dei verste, både utvortes og innvortes snyltesjukdomar. Råkreosol eller kreosotolje får ein kjøpa hjå dei fleste jarnvarehandlarar. Ein lagar først 1 1/2-2 % grønsåpevatn, då kresolen ikkje blandar seg med reint vatn. I dette såpevatnet rører ein l 1/2 %~ råkresol (1 1/2 eller 2 kg til 100 kg vatn). Dette vert omlag nok vask til 100~ snaukløpte sauer. Ein sett sauen på ende, og med kost eller halmvisk vert han bløydt unner hals, og buk. Deretter får han stå, medan han vert bløyt frå nakke, hals, rygg og attover og vasket godt, gnika inn nedetter sidene. Best er det sjølsagt med vaskekar, som man kan leggja heile sauen nedi. Kvar grend skulde kosta seg eit slikt saman.

Dei flytande medisiner som tobaklaug, blåsteinvatn og nikotinsulfat gjev ein lettast frå ei langhalsa tåteflaske med gradmerker, ved å stikka ho inn i mundvika so sauen vert nøydd å svelja. Ein må ikkje bruka over 2 gram nikotinsulfat. Desse mediciner vert å gjeva før foring om morgonen, tobakken 3 morgonar etter kvarandre, blåstein og nikotinsulfat ein morgon med kring 3 veker imillom. Del har ikkje synt nokon skadeverknad til lamtunge søyer. Ovinalkapslar får ein ikkje utan recept frå dyrlækjar og lyt samrå seg med han om bruken. Vert desse rådene meire ålment kjendt og bruka der dei trengs, skulde det no vera von om å vinna over dei verste sauesjukene i kystbygdene. Eit skipertak treng folk taka straks, om det i vår skal verta von om å berga flest mogeleg sau- og lamliv for kjøtt og ullproduksjonen.

Statens sauealsgard, Edøy

(SAUESIA: Denne rettelsen kom i neste nummer av Landbrukstidende)

Ymse mot sauesjukdomar

I stykket mitt om dette er ymse falt ut, so det vert rettast å taka inn pånytt dette Av revekapslar vart serleg Vulpin -Vermitox prøva her i samråd med prof. Slagsvold. Tetrakloretylen i desse kasplar synte somtid stor verknad mot vantrivnad, men ikkje alltid. Det var vandt å finna so mange utrivelege dyr, at det vart nok til prøve- og kontrollflokkar. 1931/32 fekk likevel prof. Slagsvold gjort nokre gruppeforsøk på saueavlsgarden og hjå naboane og samstundes gransking av gjødselen og av innvoldar frå sjuke dyr. Samstundes vart ogso gjort prøve med vaskemidlar mot utvortes snyltarar.

Av vaskemidlar synte 2 % råkresol (kreosotolje) i grønnsåpevatn beste verknaden. Dette drep berre med ein gongs vasking både levande avåt, pupper og egg, og so vert det bilegare enn noko anna. Dei mykje dyrare som Biggs, Dougalls, Eureka o. a. som ein treng bruka 2 gonger, vert ikkje turvande lenger.

Prøva mot innvortes snyltarar synte ikkje pålitande verknad t. d. mot bendelmakk. Prøva var Serapis, Vulpin, Vermitox, Lentin, Ovinal, Kamala, Aroka, Pikrinsyre og 2 % blåsteinvatn. Ovinal synte seg best mot lerikter (iktesjuke, vassott). 2 % blåsteinvatn synte god verknad mot ymse anna. Ovinalkapsling har sidan vore mykje bruka mot vassott i kystbygdene i Møre og Trøndelag.