Jon Sæland, Landbrukstidende nr 17-18, 1945. S 72-73

Spælsauen i strandbygdene

 

Av statskonsulenten i saual, Jon Sæland

Den gamle spælsauen har teke seg noko, framatt i dei siste sneis åri. Millom anna ser det ut til at ikkje so få av strandbygdene likar spælsauen. Han har soleis muna seg ikkje lite fram i Rogaland, noko i Hordaland og lenger nordetter strendene og. Han er komen seg heilt nord til Helgeland og vil soleis snart møtast med den gamle spælsauen som heilt frå gamal tid har halde seg i Finnmark.

På Stadlandet (Stadt) i ytre Nordfjord er det ein bonde - Ole P. Drage, Drage som no i 17 år har halde reinrasa spælsau og røynslone hans kann det vera forvitneleg for sume strandbuarar å få høyra litt um. Byrjan gjorde han i 1927. Då kjøpte han inn nokre gimbrar frå Adne Ålgård (Statens alsstasjon) på Jæren, likeeins eit verlamb. Seinare har han halde rasen rein. Verar har han kjøpt inn, stundom frå Jæren og stundom frå Annlaug Uppstad (Statens alsstasjon) i Sætesdal. No har han "fått til en bra flokk som har bitt seg fast der jeg vil ha dem og jeg liker den svært godt. Jeg har hatt dem ved siden av en flokk sjeviot og jeg anskaffede også i 1927 og utover en liten flokk svartfjes (renraset) fra Åsland. Det var store og pene dyr, men det viste seg at hverken sjeviot eller svartfjes kunde konkurrere med norsk spelsau i avkastning. Svartfjessauen har jeg sluttet med, men jeg har fremdeles noen sjeviot igjen, for ullens skyld. For vårt vedkommende er det greit hva sauras som svarer seg best - spelsauen. Jeg har alltid holdt hver rase strengt ren i avlen. Eventuelle sideskudd har aldri blitt nyttet til avl, enn skjønt det ofte har vært store og kraftige dyr.

Jeg har dem alltid i hus om natten om vinteren og ute om dagen og når det er helt snøfast må jeg ha dem inne hele dagen. Når det er såpass avbert at de kan være ute får de foring inne om kvelden og intet om morgenen. Å ha dem helt som utegangere går ikke her hos oss, det ville da ikke kunne klare seg, her er for meget snø til det. Værlammene har vært fra ca. 33 og opp til 47 kg lev.v. i gode år. De er iallfall like tunge som vi får sjeviotlammene til".

Dette er Drage sine eigne ord. På sausjået i Selje i haust nådde han 2. preml for tvo risbit verar av spælsauslaget. Den eine vog 65 og den andre 68 kg levande. Dette er ei svær vekt til spælsau å vera. Medelvekti på alle sjeviotverane (39), som møtte på sjået i Selje var lågare enn dette. Um hausten som lamb vog desse verane 42,5 og 44 kg.

Drage skriv vidare at "etter de erfaringer jeg no har fått, har jeg den tro at det her i distriktet er spelsauen den som passer bedre enn de andre sauraser som har vært brukt tidligere, når man bare bruker den på rette måten. Å brukes den som helt utegangersau, som mange tror, går ikke, det blir bare skuffelse av".

Drage har truleg ikkje voge søyor og lamb haust og vår for dei ulike sauslagi han har røynt ut på Stadlandet, men trass i dette so segjer ikkje røynslone til ein mann som fylgjer godt med og steller sauene sine sjølv ikkje so lite. På Statens alsstasjon, Tjøtta i Helgeland, har det nokre år vori spælsau og vegingane syner at avdroten der er større for spælsauen enn for dei andre sauslagi på garden.

Men trass i dette og mange liknande røynslor andre stader i frå er det ikkje so at eg rår alle mann til å skifta ut det sauslaget dei har og taka att spælsauen, men det er nog so, at dette sauslaget har fått for mykje vanvyrdnad og vil taka seg framatt ikkje so lite etter kvart som folk lærer det å kjenna.