Holt forsøksgard. Landbrukstidende nr. 10 og 11. Sidene 73-76 og 81-83, 1942
Holt forsøksgard
I meldinga frå forsøksgarden Holt for 1934 er det skrive om "Engvokster- og engkulturforsøk i Troms fylke for 1926-1935". Alt frøet som blei brukt til engfrøblandingsforsøka i det nemnde tidsrom var vanleg god handelsvare av det beste som var å oppdrive. Resultatet av 49 felthaustingar var ei totalavling av høy frå 510 til 562 kg pr. dekar, og storparten av felta var i 1.-2.-3. års eng ikkje kunsteng, men rein og skir natureng med ein stor ugrasprosent. På forsøksgarden sine felt var det i 3. engåret 72-77 pst. timotei i høyavlinga. Vi hadde ei varigare kunsteng enn jamt over ute i Troms fylke.
Samstundes med dei nemnde engfrøblandingsfelta hadde vi gåande jamførande forsøk med stammar av timotei. Desse forsøka viste ein tydeleg skilnad i avlingsutbyttet for dei ulike stammar og for dei ulike stader der frøet var avla. Timoteifrø avla i NordFinnland, Trøndelag og Nord-Sverige gav avgjort større høyavling og betre overvintring enn amerikansk, dansk og austnorsk avla frø. Dette førte til at vi sette inn i stammeforsøka lokalt avla timoteifrø av finsk opphav og av den stammen som vi har sendt ut under namn av Engmo-timotei.
Forsøka her på forsøksgarden fastslo på ein overtydande måte at lokalavla timoteifrø gav større avling og sikrare overvintring enn nokon av dei timoteistammar som vi har prøva før. Overvintringsforsøka med engsvingel og hundegras viste og tydeleg at lokalavla frø gav plantar som overvintra betre enn stammar som var frøavla lengere sørpå. Når det gjaldt engsvingelen, så var skilnaden mellom overvintringa etter lokalavla frø og anna frø ikkje så stor som hos timoteien og hundegraset. Det var t. d. liten skilnad i overvintringsprosenten hos lokalavla Holt-Tammisto, finsk-avla Tammisto og Løken-engsvingel, frøavla i Valdres.
Stamme- og overvintringsforsøka gav ei kjensle av at vi hadde fått noko meir fast grunn under føttene, og heile engdyrkingskomplekset tok til å løyse seg opp. Del resultat og den røynsle som stamme- og overvintringsforsøka her på forsøksstasjonen hadde gjeve oss, var det all grunn til å prøve å føre vidare utover i Troms og Finnmark på spreidde felt. Målet var å jamføre dei nye stammane av lokalavla frø av timotei, engsvingel og hundegras med beste sort handelsvare for å få slege fast avlingsutbyttet og evna til å greie overvintringa. Var det lokalavla engfrøet ute i distriktet jamtover meir vintersikkert og meir yterikt, så var vegen fram til ei sikrare og meir varig kunsteng utstukken. Vidare har det stor interesse å få slege fast avlinga av rein timotei, rein engsvingel og reint hundegras. Då kløveren mange stader slår dårleg til i kunsteng, kunne det ha ei viss interesse å prøve ei blanding av timotei og engsvingel og timotei og hundegras. I dei engfrøblandingsfelta 1926-35 som er nemnde før, viste det seg at når timoteien (frø av handelsvare) gjekk ut, tok engsvingelen noko av plassen, fylte ut tomrommet og heldt avlinga oppe. Dette var og ei side av saka som vi vilde kike litt på.
I 1935 sette vi i gang spreidde forsøk i Troms og Finnmark mellom lokalavla engfrø og handelsvare med arter og stammar slik som forsøksplanen viser. Når vi jamførte lokalavla frø av Engmotimotei med handelsvare av nordfinsk avl, så var det for å sette Engmo-timoteien på så hard prøve som mogleg. Av våre beste slåttegras som timotei (Phlenum pratense) og engsvingel (Festuca pratensis) er det ingen som veks vill i Troms eller Finnmark fylke. Hundegras (Daetylis glomerata) veks vilt i somme kyststrok i Troms og på Loppa. Troms og Finnmark ligg utanom det naturlege frøavlsområdet for dei nemnde arter.
Troms fylke og Finnmark fylke er eit stort landområde, om lag 75.000 km, eller to gonger så stort som Danmark. Frå Harstad i Sør-Troms til Kirkenes er det 792 km, og frå Trondheim til Kirkenes er det 1579 km. I Troms og Finnmark har vi kystbygder med stor nedbørsmengd, låg temperatur og om vinteren regn, frost, berr mark og snødekt mark i eit stadig skifte. Vi har innlandsbygder med lite nedbør, etter måten høg sommartemperatur, tidleg nattefrost og som regel ein meir eller mindre kald stabil vinter. Vi har dyrkingsområde som berre har under 900 døgngrader i voksterperioden juni-september og andre områder som har omlag 1300 døgngrader utrekna på medeltemperaturen. Årsnedbøren svinger frå 280 til 1600 mm. Vi har om sommaren frå 56 til 76 dager då sola er oppe både dag og natt. I denne landsluten har vi ofte ei overvintringstid - ein dvaleperiode - på 9 mndr. frå sist i september til først i juni.
Det er heilt urimeleg å gå ut frå at vi i dei to nørdste fylka med den jordbotnen og dei klimatiske tilhøva som rår her, skulle makte å skape ei brukbar kunsteng tufta på innført frømateriale som er tillempa og oppale på stader med heilt andre naturtilhøva.
Det viser seg at dei einskilde engplantane våre er meir eller mindre sterkt stadbundne. Skal ein få best mogleg eng, så må ein ha eit engplantemateriale som er så godt avstemt til jordbotn, klima og verlag som det i det heile er mogleg. Langtframande plantar som ikkje har dei spesielle eigenskapar som høver for klimaet og verlaget hos oss, duger ikkje.
Desse spørsmål er serleg greitt og klårt handsama av fleire svenske jordbruksforskarar. Professor dr. Nils Sylven, Svaløf, dr. Fredrik Nilsson og agr. Gust. Eriesson, Våsternorrland, og dr. G. Nilsson. Leissner peikar på at t. d. raudkløveren er sterkt stadbunden og at dei lokale typar som i lengre tid har vore dyrka på ein stad smått om senn er avstemt etter dei naturlege tilhøva på dyrkingsstaden. Typar som ikkje høver, er gått ut eller skuva til side. Professor Sylven skriv: "Frångå aldrig i onøden odling av en sedan gammalt beprøvad lokalstam av svensk senkløver. Forsøk ved kløverfrø inkøp att erhålla frø av nogon av traktens eller områdets båsta lokalstammar, eller inkøp, om dylikt frø ej står til bud, frø av nogon av våra foredlade svenske kløverstammar."
Forsøk som er gjort i Danmark av professor Lindhard og nye forsøk her i landet ved forsøksgarden Møystad, Th. Elle, Åkervekstforsøka, Vik, forsøksgarden Voll, Løvø for å fastlegge dyrkingsverdet av innan- og utanlandske stammar av engfrø, har tydeleg vist at dei innanlandske kløversortane har størst dyrkingsverd. Th. Elle skriv: "Men ett er dog sikkert at de utenlandske kløversortene det her er tale om, er i den grad usikre under våre opplandske forhold at det pa det bestemteste må frarådes å ta dem med i noen alminnelig engdyrking".
Når det gjeld dei vanlege slåttegras, så er det og tydeleg slege fast at dei ikkje er så sterkt stadbundne som kløveren. Men her er det og grenser som ein ikkje ustraffa kan stige over. Å tru eller meine at eit plantemateriale som t. d. er tillempa tilhøva i Sør-Noreg og som blir flytta nordover om lag 2000 km til Troms eller Finnmark, blir dukka ned i dette nordnorske vinterhavet i september for å stige opp att etter 9 mndr. i juni, skal skape ei brukeleg slåtteng, kunsteng, er ikkje logisk forsvarleg. Vi må m. a. o. gå ut frå at dette plantematerialet som i generasjoner er vant med ein heller stutt vinter eller dvaletid på 4-5 mndr., ikkje kan greie å berge livet i ei dvaletid på opptil 9 mndr. Ein stor part av desse plantane må ha brukt opp livskrafta si før vinteren er omme, sjølv om dei andre overvintringstilhøva er bra.
Timotei, engsvingel og hundegras er framandpolinerarar, sterkt heterogene plantar, ei samling av typar med ulikt dyrkingsverd. Når no desse sortane blir dyrka ei lengre tid på same stad, vil dei typane i blandinga som ikkje fyller dei krav som natur og vilkår set, anten døy ut eller bli skuva til side. Dei typane som er best i samsvar med alle vilkåra på vedkommende dyrkingsstad, vil gjere seg gjeldande og sette sit stempel på sorten.
Dei stammeforsøk med timotei som vi sette i verk i 1926 og overvintringsforsøka med timotei, engsvingel og hundegras som vi sette i verk i 1930 viser tydeleg at dyrkings- og avlingsstaden har ein avgjerande verknad på det bruksverd som det innkjøpte frøet har. Stammar som er foredla og frøavla i Danmark, Grindstad-timotei frå Austlandet, Svensk handelsvare, hadde eit langt mindre dyrkingsverd for oss enn Valstad-timotei frå Trøndelag. Men best av alle stod den nordfinske timoteien frå Vasatrakten i Finnland. Dette gav eit so tydeleg fingerpeik at vi tok med i forsøka våre "Bodin", frøavla på Nordland landbruksskole ved Bodø, Bottnia-timotei frå Luleå og Engmo-timotei frå Troms fylke, nordfinske timotei (Vasa), frøavla på Holt, Grindstad- og Valstad-timotei. Resultatet av dette forsøket blei at Engmo frå Troms og "Bodin" frå Nordland gav større avling enn Troms-avla frø av nordfinsk timotei. So kom Valstad, Bottnia og til sist Grindstad. Serleg gjer vi merksam på at den nordfinske timoteien berre var frøavla ein generasjon på Holt.
Andre norske forsøk går i same lei. Forsøksleiar Rasmussen ved forsøksgarden Vågønes kjem til same resultat. I samandraget skriv Rasmussen: "De nordlandske timoteistammer fra Nordland landbruksskole og fra Johan Leite, Sandkollen, viste sammen med finsk timotei og den nordsvenske Bottnia-timotei en avgjort overlegenhet under overvintringen".
I fjellbygdene kommer forsøkslelar Foss også til det resultat at den finske timoteien er meir vintersterk og varig enn norsk og svensk timotei. Professor Vik seier: "De foredlede sydsvenske stammer Svaløvs, Gloria og Primus er underlegen her. Svaløfs Bore, Bottnia og Weibulls Kiimpetimotei synes å stå nær våre egne, men har hittil i hvert fall ikke overgått disse i avling av ren timotei".
Forsøksgarden Forus har drive jamførande forsøk mellom norsk timotei frå Austlandet og amerikansk timotei. Resultatet kan ein tyde slik at i kortvarig eng og når ein tek med håslåtta, kan amerikansk timotei på Jæren gjeve om lag det same forverd som norsk timotei frå Austlandet. Kjem ein lengere nord t.d. til Sunnhordland, er resultatet tvilsomt, og i Nordhordland, Sogn og Fjordane er den amerikanske timoteien tydeleg underlegen. I forsøka våre har den amerikanske timoteien gjeve den minste avling av alle sortane.som blei prøva saman.
Frå Sverige ligg det føre resultat frå forsøk med timotei- og engsvingelstammar frå ulike dyrkingsstader. Dr. Gunnar Nilsson Leissner opplyser at Bottnia og Luleå 64 i Norrland gjev opptil 25 % større avling enn Gloria som er den beste sorten for SørSverige, og dr. Fredrik Nilsson ved Svaløffilialen i Våsternorrland har påvist at lokalstammar frå Ångermannland har gjeve frå 22 til 32 % større avling enn Gloria, medan Bottnia-timoteien berre så vidt kan tevle med Gloria i Våsternorrland.
Om timoteifrø til attlegg for dei ymse strok i Sverige skriv professor dr. Nils Sylvén: "Anvånd vid timotejinsådden i førsta hand frø av for området båst låmpade førådlade svenska timotejsort! Om gammal lokalsort av timotej sedan långe odlats, åvergiv ej denna, førrån densamma vid provning i jæmførande forsøk vid sidan av båsta forådlade timotejsorter visat sig beståmt underlågsen dessa!"
Fleire liknande fråsegner og forsøk kan vi referere, men dette er truleg nok til å syne korleis saka står og at det ikkje går an for fagfolk å gjeve generelle fråsegner om at svensk timotei er mindreverdig i høve til norsk eller omvendt. Spørsmålet er: kva stamme det er tale om, kvar frøet er dyrka og -kvar det skal brukast. Både av svensk, finsk og norsk timotei har vi mange stammar med skiftande verd for dei ulike bruksstader.
Den forsøksserien med spreidde felt i Troms og Finnmark som vi no har avslutta og som er ei jamføring mellom lokalavla engfrø frå Troms og handelsvare av nordfinsk og dansk opphav, er heilt i samsvar med dei synsmåtar som vi har referert.
Det er sjølsagt ein viktig ting å slå fast at t.d. lokalavla frø av Engmo-timotei er heilt overlegen beste sort handelsvare men dermed er ikkje engfrøspørsmålet løyst. Det viktigaste er no å nytte denne kjennskapen til vinning for det praktiske jordbruket. Med den kjennskap som vi no har til desse ting, kan vi berre fullt ut nytte det dyrkingsverd som nemnde timotei har, ved å få opp ein lokal frøavl rundt om i forsøksdistriktet. Det er ikkje så liketilsom mange trur. Vi må være klår over at timoteien jamt over her i fylket blir seinare mogen enn dei byggsortar som brukast, og at frøsoginga derfor er mykje usikker. Vi står derfor framfor det faktum at skal vi få typar av Eng-timotei som høver for Troms og Finnmark og for dei ulike dyrkingsområde i desse fylka, så må frøavlen byggast opp ved foredling og utval av typar som er i samsvar med naturtiltøva. Ved stadig utval og foredling av tidlege typar, ved forsøksmessig å bygge opp rasjonelle dyrkings- og frøavlsmetodar og ved forsøk å peike ut dei mest tenlege frøavlsdistrikt er det full grunn til å gå ut frå at vi smått om senn vil få typar som er tenlege for oss og som gjev nokonlunde årviss frømogning.
Utvalet bør gjerast innanfor dei ymse dyrkingsområda. Det er ingen grunn til å tru at t. d. den timoteien som høver best i Kvæfjord, gjev del beste avlingane og høver best i Alta, Øverbygd eller Tana. Det utvalde materialet bør dyrkast på utvalsstaden, og nye utval gjerast der. Det utvalde og dyrka engfrømaterialet bør pa utvalsstaden stadig kontrollerast ved jamførande forsøk. På denne måten vil ein få eit engplantemateriale som både er tidlegare enn det vi no har og som elles er avstemt etter naturtilhøva på staden. Naturen vil sjølv hjelpe til å plukke ut det som høver best.
Kva verd ein heilt fornuftig oppbygd frøavl har for det nordlegste Noreg, skal vi prøve å syne med nokre enkle tal ikkje tal som er matematisk rette, men som likevel illustrerar tilhøva. Som ein liten smakebette skal vi berre ta føre oss Troms fylke.
Etter siste jordbrukstelling har vi i Troms fylke 195,321 dekar eng på dyrka mark og 231,625 dekar anna slåtteng, ialt 408,946 dekar slåtteng.
Engdyrkingsforsøka våre 1926-1934 viste at vi jamt over av Valstad-timotei fekk ei totalavling av 552 kg høy pr. dekar. Den forsøksserien som vi no er ferdig med, viser at vi jamt over gv nordfinsk timotei har avla 649 kg høy pr. dekar og av lokalavla Engmo-timotei 773 kg pr. dekar. Vi reknar vidare med 4-5-årig eng, godt gjødsla og godt stelt og ein høypris på 6 øre pr. kg. Bruttoverdet av enga på dyrka mark i Troms fylke blir når vi bruker dei 3 før nemnde timoteistammar:
Valstad-timotei kr. 6,469,032
Nordfinsk timotei .. " 7,605,800
Engmo-timotei " 9,058,988
Engmo har gjeve kr. 1,589,956 meir enn beste sort trønderavla Valstad-timotei og kr. 1,453,188 meir enn nordfinsk timotei. Vi kan og seie det slik at når vi kjem så langt at vi er sjølvberga med timoteifrø av lokal avl, så vil vi auke utbyttet av enga på innmark med om lag 19-40%, og alt høykjøp sørfra vil vere "en saga blott".
Timotei
Engmo-timotei. Lokalavla frø av Engmotimoteien har jamtover gjeve ei totalavling av høy på 773 kg pr. dekar. Av det var 730 kg reint timotei og resten, 43 kg pr. dekar, var andre plantar som villgras og ugras. Som medel er det hausta 94,4 % rein timotei og 5,6 % andre plantar. Engmotimoteien har gjeve ei uvanleg stor avling, har vore sers varig og halde enga fri for villgras og ugras.
Handelsvare, nordfinsk avl. Frø av nordfinsk timotei, kjøpt i Tromsø, har i medel gjeve 649 kg høy pr. dekar, derav 500 kg rein timotei og 149 kg villgras og ugras. Prosenten av rein timotei var i medel 77,1 % og av andre plantar som villgras og ugras 22,9 %. Handelsvare av nordfinsk avl har gjeve ei mykje stor totalavling og ei mykje varig eng med ein langt større prosent av rein timotei i enga enn det vi er vane til for handelsvare, men han ligg likevel i totalavling 16 % og for rein timotei 32 % under Engmo.
Engsvingel
Holt-Tammisto. Avlinga av lokalavla engsvingel når på langt, nær ikkje opp mot lokalavla timotei. Den lokalavla engsvingelen har heller ikkje makta å tevla med nordfinsk timotei i totalavling. Totalavling av Holt-Tammisto er jamt over 612 kg pr. dekar. Avlinga av reint engsvingel-høy var 496 kg og av andre plantar 116 kg pr. dekar. Prosenten av engsvingel ver 81,1 og av andre plantar 18,9. Både når det gjeld krava til å vere hardfør og varig, ligg den lokale engsvingelen over handelsvare av timotei, men under lokalavla Engmo-timotei.
Handelsvare, dansk avl. Totalavlinga av handelsvare av engsvingel var 543 kg pr. dekar med 391 reint engsvingel-høy og 152 kg høy av andre plantar - ugras og villgras. I avlinga er det 72 % rein engsvingel og 28 % andre plantar. Handelsvare av engsvingel har vore mindre hardfør og mindre varig enn handelsvare av nordfinsk timotei. Totalavlinga er 11 % og avlinga av reint engsvingel-høy er 21 % mindre enn for den lokalavla engsvingel.
Hundegras
Holt nr. 8 er vilt eller forvilla hundegras frå Troms fylke. Frøet gror mindre godt ved vårsåing og gjev av den grunn lite plantar og glissen eng. Totalavlinga av høy er 528 kg pr. dekar. Derav er 283 kg reint hundegras-høy og 245 kg høy av andre plantar. Medelprosenten av hundegras var 53,6 % og av andre plantar 46,4 %. Denne hundegrasstammen brukt på vanleg måte kan ikkje tevle med engsvingel- og timotei i slåtteng. Dyrka i rader haustsådd eller planta ut om våren gjev stammen stor avling og ser både hardfør og varig ut.
Handelsvare, dansk avl. Totalavlinga er 454 kg pr. dekar med 226 kg reint hundegras-høy og 228 kg høy av andre plantar. I medel var det 49,7 % hundegras og 50,3 % andre plantar. Denne stammen grodde lett ved vårsåing og gav ei tett og fin eng om hausten i attleggsåret, men tok snart skade av frost, blei gul og bleik med avfrosne bladspissar. Alt i første engåret var enga sterk tynnt. Totalavlinga var 16 % og avlinga av reint hundegras 20 % mindre enn lokalavla frø av Holt nr. 8. Handelsvare av det opphav og den kvalitet som her er brukt, har lite verd som slåtteplante i rein stand i Troms og Finnmark.
Timotei og engsvingel
Blanding IV. Lokalavla frø, blanding av 2/3 Engmotimotei og 1/3 engsvingel av Holt-Tammisto stammen. Totalavlinga var 780 kg høy pr. dekar, derav 633 kg timotei-høy, 98 kg engsvingel-høy, i alt etter isådd frø 731 kg og 49 kg høy av andre plantar. I medel var det 81,2 % timotei, 12,5 % engsvingel, i alt etter isådd frø 93,7 % og 6,3 % andre plantar. Totalavlinga er litt større enn for rein timotei, men utslaget er usikkert. Vi har ved å blande lokaiavla engsvingel og Engmo-timotei ikkje auka avlinga merkan de og vi har heller ikkje fått ei reinare eng enn med ublanda Engmo-timotei.
Blanding IX. Handelsvare, blanding av 2/3 nordfinskavla timotei og 1/3 dansk-avla engsvingel. Totalavlinga var 644 kg høy pr. dekar, derav 424 kg timotei-høy, 136 kg engsvingelhøy, i alt etter isådd frø 560 kg og 84 kg av andre plantar. I medel var det 65,9 % timotei, 21,1 % engsvingel og 13,0 % andre plantar. Då handelsvare av timotei ikkje har vore så vintersterk og varig som lokalavla timotei, ligg prosenten av timotei for handelsvare 15,3 % under lokalavla. Denne tynninga har gjort at engsvingelprosenten er 8,6 % større enn for blanding IV. Men trass i dette er prosenten av andre plantar større i blanding IX enn i blanding IV. Vi kan og sikkert drage den slutninga at dersom vi hadde hatt lokalavla engsvingel i blandinga saman med handelsvare, så hadde avlinga av engsvingel vore større og prosenttala av andre plantar mindre. Totalavlinga er 17 % og avlinga etter isådd frø 23 % mindre enn for den tilsvarande blanding av lokalavla frø.
Timotei og hundegras
Blanding V. Lokalavla frø, blanding av 2/3 Engmotimotei og 1/3 hundegras av Holt nr. 8. Totalavlinga var 768 kg pr. dekar, derav 667 kg timotei, 43 kg hundegras, i alt etter isådd frø 710 kg og 58 kg andre plantar. I totalavlinga var det 86,8 % timotei, 5,6 % hundegras, i alt 92,4 % etter isådd frø og 7,6 % andre plantar. Den lokalavla timoteien har teke plassen etter hundegraset eller vore så livssterk at han har trengt ut hundegraset. Skilnaden i totalavlinga mellom denne blandinga og ublanda timotei er liten. I alle høva har det ikkje vore til nokon vinning å bruke ein tredjepart av den normale såmengda med hundegras.
Blanding X. Handelsvare, blanding av 2/3 nordfinskavla timotei og 1/3 dansk-avla hundegras. Totalavlinga er 621 kg høy pr. dekar, derav 480 kg timotei, 45 kg hundegras, i alt 525 kg etter isådd frø og 96 kg høy av andre plantar. I totalavlinga var det 77,3 % timotei, 7,3 % hundegras, i alt etter isådd frø 84,6 % og 15,4 % av andre plantar. andelsvaren av timotei har ikkje på langt nær greidd å fylle ut plassen i enga etter hundegraset, slik som den lokalavla timoteien har gjort. Totalavlinga av denne blandinga er mindre enn for ublanda timotei av handelsvare. Det er absolutt inga vinning i å blande handelsvare av hundegras av det opphav og den kvalitet som her er brukt i timoteien, til attlegg av eng i Troms og Finnmark. Totalavlinga av høy i blanding X er 19 % og etter isådd frø 25 % mindre enn for blanding V.