Frå kløverdyrkinga sine første dagar

 

Fylkesgartner Jon Hjelde, Landbrukstidende nr 10, 1924. S 75-76

Det er mest rart aa tenkje paa at ein so verdfull forplante som raudkløver ikkje ha vore dyrka her i landet i lengre tid enn godt og vel 100 aar. Kløverdyrkinga er soleis yngre enn potetdyrkinga, som ellest ofte vert nemt som ein av dei yngste kulturar i jordbruket. Heller ikkje i dei andre land i Nord-Europa er kløverdyrkinga so svært gamal. Men dette kjem vel av at kultureng var eit ukjent umgrep i gamle daga, og noko som først er kåme med i den seinare tid.

Da eg kunde tenkje meg at ein eller annan hadde hug aa høyre litt nærmare fraa kløverdyrkinga si soga, skal eg her nemne noko av det som proffessor Schubeler skriv om dette emne i Viridarium Norvegicum.

Den gamle romerske landbruksforfattarar nemner fleire kløverartar, men aldri paa ein slik maate at dei skulde vera dyrka til for. Dei første opplysningar i so maate skriv seg fraa 1550. Etter ymse forfattara fraa den tid ser vi at kløver da vart dyrka som forplante baade i ltalien, Ungarn og Holland. Fraa dei sidstnemnte landet trur dei kløverdyrkinga er vorte kjendt i Tyskland: I alle fall vart de dyrka kløver i Tyskland kalla brabanter, eller hollandisk kløver. Hollendarar som under religions- og frihetskrigarne vart fordrevne til Sachsen og Rhinprovinsorne hadde ogsaa innverknad paa kløverdyrkinga i disse land. Men under dei urolige forholde som i dei dagar raadde i Mellem_Europa gikk det vel heller smaat med aa gjera denne kulturen kjendt.

Etter, sjuaarskrigens herjinger tok dei nordtyske statar seg saman for fremja sitt landbruk. Millom dei oppgaver dei da sette seg var ogso aa fremje kløverdyrkinga. I dette arbeide som i mange framsteg i det nordtyske landbruk var kong Fredrik II av Preusen ein av dei fremste. Men den mann som i Tyskland kom til aa gjera mest til fremgang for kløverdyrkinga var imidlertid ingen konge, men sonen til ein fattig linvevar fraa byen Zeitz i Preusen - Johan Schubart født 1734. Det var ein mand med baade evner og vilje til aa verta noko. Under sjuaarskrigen vart han krigskommisær ved det engelske - hjelpekorps. Reiste seinare mykje om i ymse land, mellom anna i England, gifte seg til rikdom og kjøpte store jordegods, som han dreiv framiraa. Millom anna tok han til aa dyrka forvekstrar og da især lucerne og raudkløver. Det heiter om den innverknad han hadde paa jordbruket der han budde: «Hans bønder og hele stiftet Zeitz ved at følge Schubarts kultursystem forbedret sitt jordbruk, forøget kvegmengden, utvidet ladebygningerne samt betalt 1/2 million kroner paa sin gjeld,»

Utenom sitt praktiske jordbuk dreiv han ogso som forfattar av landbruksskrifter. Eit av disse skrift heiter' «Oprop til bønder som lir ved formangel». Dette skrift vart ogso oversatt til dansk. Og her er det sjølvsagt kløveren han slo eit slag for. Som eit døme pan den verd samtida sette pga arbeidet hans kan nemnast at han fikk tittel av geheimeraad, og seinare oppteken i aldelsstandet med namn, etter den vokster han hadde gjort so mykje for aa odla - Edler von Kleedfeldt. - Og det heiter om han at Tyskland altid vil nemne han mellom deim som har gjort landet sitt den største teneste.

Om kløverdyrking i England heiter det at dit kom ho fraa Holland omkring midten av det 17de hundreaaret. Cromvell gjorde mykje for aa fremja ho; men det vart liten fremgong før i det 18de hundreaaret.

Til Amerika skal kløverdyrkinga vera innført av Beniamin Franklin etter at han kom att feaa Europa i 1762. For aa vekje interesse for den nye vokster, sadde Franklin kløverfrø i ei timothei eng og ordna det slik at somaren etter kunde, lesa med bokstaver av blomstrande kløver midt inde i den graa grønne timothei.

I Danmark vart ikke raudkløveren dyrka før etter 1781; men enda i dei første aara av det, 19de hundreaaret var ikje kløverdyrkinga vorte noko almen i vort naboland i sør. I Sverige derimot, ser det ut som dei hadde vore tidligare ute. Alt i 1750 nemner Linné om kløverdyrking ved Malmø.

I Noreg finn vi kløverdyrking nemnt i sluttet av det 18de hundradaaret. Amtmand Chr. Sommerfeldt nemner soleids i «Efterretninger angåande Kristians amt» «at kløversæd lykkes godt, men brukes ikke av bønderne» - Og i si Agerdyrkingskathechisme nemner han baade kvit- og roudkløver (1779). iI. reisebrev fraa Noreg i aara 1780-1790 vert nemnt at i nærleiken av byerne finn ein stundom «hollandsk kløver». P. Anker paa Bogstad hadde alt omkring aar 1800 bra avlingar av kløver. I omtalen av hans gaardsbruk er timothei ogso første gong nemnt som dyrka her i landet.

Jon Hjelde