Jon Sæland, Landbrukstidende nr 7, 1923. Side 76
Paa s. 570 i denne tidend for 1922 skriv hr. statskonsulent Morseth : "Naar det skal snakkes om non kjøttproduksjon av betydning vil det ikke være nok aa regne bare med det avkom som fødes om vinteren eller vaaren, det vil ikke si svært meget for vaar egen kjøtforsyning." Det er um fjellbygdene han skriv dette.
Lat oss sjaa litt paa dette.
Etter statistikken fører me inn fraa utlandet (1921) paa lag 9 700 000 kg. ferskt kjøt. Lat oss tenkje oss.at me vil laga dette sjølv istadenfor aa taka det fraa utlanda og laga det ved hjelp av meir sau.
Kor mange vanlege lambsøyer meir enn me har no maatte me ha for aa greide det? Me kann gaa ut ifraa at kvar ei slik lambsøye som lamber i april eller mai til hausten gjev i medel eit lamb som slagtar seg til 15 kg. Me maa altso ha (9 700 000: 15 ) 646 666 lambsøyer for aa skaffe like mange kg. fint blankt lambekjøt som alt det ferske kjøtet (dumpingkjøt) me fer fraa utlanda. 646 666 er 67 % av det sauetalet med no har.
For aa skaffe dette kjøtet maatte me altso auke sauetalet me 67 % og lata auken vera lambsøyor eller tilsvarande av annan sau. Men skulde ikkje dette kunna lata seg gjera? Det burde i minsto lata seg gjera. Endaa fekk me ikkje so stort sauetal, som me hadde i 1865.
Men korleis alting er "non betydning" for kjøtproduksjonen kann ingen fraakjenne det avkom som kjem til sjølv um vaaren og vert slakta same hausten.
Gvarv 1. februar 1923.
Jon Sæland.