0. Th. Engdal. Landbrukstidende s 77, 1934

Fyrr og unner lambinga

 

Av bestyrer Engdahl

No stundar det til vandaste tida for sauealarane, lambingstida. Då vert avgjort om det skal verta stor forteneste eller stort tap av drifta. Det siste kan lett henda, om ein ikkje passar på.

Det er reint gråteleg å høyra, kor mange søyer og lamb sume mister i lambetida, og og kor mykje strev og bal dei har til fånyttes: anten har ikkje søya mjølk, eller lamba er slappe og vil ikkje suge, eller og vert lamba sjuke og kreperer av eit eller anna. Jau, alt dette og meire til kunde ein sloppe, om rett og riktig var gjort fyreåt.

Der sauene går ute vinters dag vert ein frista til å gjeva dei for lite mat inne. Ein ser ikkje den magre skrotten under ullhamen, fyrr ulla byrjar dette av, avdi ullhåra ikkje får næring og snører seg av. Ein bør difor kjenna på lambsøyene sine fleire gonger for vinteren, i minsto ein månad fyre lambinga. Då er det på høg tid. Eit godt hausthold toler letna 4-5 kg. til denne tid; men siste månaden treng ho om å auke i vekt minst like mykje. Utan det lyt ein vera fyrebudd på 99 vanskar etter lambinga.

Kva ein skal gjera? - Jau, ein skal anten gjeva den maten ei lambtung søye treng om, eller so slakta ho fyre lambinga. Ein har då noko att for foringa. Ellest kan ein mista både lambet og søya etter mykje fåfengt mas og strev. Eit eller tvo lambefostre skal veksa mykje siste månaden, har då største voksteren. Framom anna treng dei mykje til å laga bein og kjøtt av. Difor lyt søya siste månaden hava rikleg av mineralemne og kvite i foret sitt. Det vert ikkje halvvtgodt nok med berre utegang, heller ikkje nok med berre høyforing, om det har vore lang utegong fyreåt. Ho lyt hava noko kraftfor attåt, om ho har vorte for mager, sildmjøl, heil sild, sild eller fiskavfall, helst attiblanda heil havre eller nokoslag avfallsmjøl eller mais. 0.2-0.3 kg. sovore kvar dag attåt høy og noko utegang i godt ver gjev store og sterke lamb, og søya får mykje mjølk. Då vert det noko å gleda seg til.

Store og sterke lamb, ja. Det er skil på eit nyfødd lamb som veg 2, og eit som veg 6 kg. Eit lamb skal minst 8-dubble vekta si for sumaren. Dette vert 16 eller 48 kg. lambevekt til hausten. So kan ein velja. Ja, men det vert mykje meir enn denne skilnaden. Eit 2-kg. lamb er ein nyfødd stakkar, som det huttetu kan verta mykje plage med. Kan henda er han so veik og vissen, at du treng om fleire veider for dag å hjelpa han til suge. Etter alt strevet ryk han like vel med, kan henda. Eller so kan søya vera so utmagra at ho inkje mjølk har, og då fyrst vert det storille tilgagns. Einaste vona er då heil havre, so mykje søya vil eta, og so godt stell ellest. Og so lyt du liggja på kne, prøva få stakkaren til å suge, so det vert verksemd i juret, eller du lyt hjelpa han til .å stela råmjølk frå ei anna nylamba søye, so lambestakkaren får fra seg tarmbekket i rett tid. Ellest ryk han med av dette. Det vert difor alt å vinna ved å få ei lambtung søye i skapleg godt hold f yre lambinga. Dette hjelper om ho har litevetta iktesjuke (vass-sott) og. Enda betre vert det, om ho attåt får ein iktekur. Det beste er no kapslar av Ovinal eller eit par teskeider av det engelske Coopers Liver Flucke.

Dermed skulde alt vera gjort til å få store, sterke og snarveksande jamb og mykje mjølk i søyene. So gjeld det å vera attmed søyene, når dei skal lambe. Ikkje ei skal lambe utan tilsyn. Ellest kan det henda at ein mistar dei største lamba, avdi søya då er mest klein og kan verta so utmasa, at ho ikkje ansar å sleika lambet straks, so det døyr i vatsposan. Eller det kan vera ei vimsete gimbra som ikkje vil vita av lambet sitt, eller ei tvillingsøya som tek til seg berre det eine. Men det kan og hend at lambet ikkje kjem på rette måten, kan henda berre haudet eller berre føter eller berre rompa. Slik kan det ikkje fødast, og det ryk med, ja søya og, om det vert for lenge å venta. Det er inga sak å retta på dette o. a. småhende, når ein er attmed. Sopas jordmor lyt kvar og ein saudekar vera. Men ein skal ikkje vera for snar på hjelpa, når lambet kjem på rette måten, med haudet på båe framføtene. Er bakføtene og rompa komne, gjeld det om å få lambet snøgt fram, so det ikkje vert kvelt. Er søya sjuk og inkje kjem, kan det vera verre. Men då og lyt ein ikkje vera rådlaus. Ein gjer rettast i å skjera neglar og vaska høgrehanda og so smyrja ho med maskinolje, og med 2-3 fingrar eller heile handa kjenna etter om alt ligg rett. Gjer det ikkje, so lyt ein retta det snarast mogeleg og med varsemd, so ein ikkje gjer skade på navlestrengen eller anna. Er det ikkje ope inn til livmora, kan det verta verst. Då gjeld det vera meir enn jordmor, men ikkje rådlaus.

Mister el søya likevel lambet sitt, må ho få eit anna istaden. Det gjeld om snarast mogeleg å flå det daude lambet og festa skinnet t.d. på eit tvillinglamb, som får for lite mjølk hjå mor si. Den lamblause tek det med gleda, om alt er gjort rett og snøggt nok, so ho kjenner att lukta av skinnet. "Skinnet bedrager".

Det er soleis råd med alt, og ein treng ikkje om å mista noko lamb under lambinga. Det bør ikkje verta over 5 lamb av 100.

Men enno er noko att som me har prøvd her dei siste åra, og sidan har me ikkje mista meir enn eit lamb av fyrste hundradtalet. Jau, ine har reinvaska fjøset og fjøsinnreidinga nyleg fyre lambinga og so bruka rikleg med rein halm til strøy etterpå og heile tida under lamminga. Søyene et op helvta av det beste, so halmen vert nytta godt. Vaskinga har ryddja vekk tusental millionar gjdselbakteriar o. a. smådevlar av ymse slag fårlege snyltarar, som smålamba ellest kan suge i seg frå eit skittent jur eller sleike i seg frå skitten ull eller i skitten talle og veggjer. Smittetoet kan og frå tallen kreka seg inn gjenom navlestrengen på dei nyfdde lamba, so det vert livsfårleg navleinfeksjon. Jau, det er orsaker nok til dei mange lambesjuker og lambedauder folk klagar over. Ein kan ikkje venta anna, når ein ser kor skittent det er i sume fjøs der søyene lambar. Medisin? - Ja, ein kan prøva 5-10 g. kolerinedropar i vatn mot magesjuke og noko sirupvatn mot forstopping, men mykje betre er å vera - fyre -var.

Kjem ikkje smålamba ut på nygroe vikegamle, vert det nye vanskar. Del treng då um a gnaga og lyt få litevetta fint småhy f o r s e g s j ø l v på ein rein plass. Ellest tek den til å gnaga skitten strøhalm, ull av mor si eller anna lort. Ulla i magen vert til harde runde klumpar, som lambi kreperar av.

Fyrste dagen ute bør helst vera ein solskinnsdag i leik og gaman, og der det ikkje er for mykje ulende. Dei par fyrste dagane lyt ein ansa på om noko av dei største lamba vert sjanglande av seg. Då er det fåre for rakit eller sovore. Dette er god råd med. Ein gjer då rettast straks å gjeva a l l e l a m b -ei eller tvo teskeder alm. tran kveld og morgo dei par fyrste dagane dei er ute. Her har me inkje set, sidan me byrja. med dette.

Statens sauealsgard, Edøy.

0. Th. Engdal.