Ole Th. Engdal. Landbrukstidende s 82, 1930

Sauesjuker

 

Ole Th. Engdal. Statens saueavlsgard, Edøy.

Det er kjent, at kystbygdene er meir plaga av ymse krøtersjuker enn innlandsbygdene. Verst er disse sjuker for smalen og serleg for sau. "Vassot" er eit sernamn for ymse sjuker, mest iktersjuke, som enkelte år drep mange sauer på ein gard. Dette hender mest om vårane etter våtsumrar, som me hadde i fjor. Det kan difor henda, at det no vert ein vår med mykje sauedaude

På sauegarden her har i fleire år vore freista med ymse råder mot sauesjuker. Garden har isolert sjukefjøs, og her har vore prøvd med skraplam, som er kjøpt andre stader i frå, og med dei skraplam, som har vore på garden.

1. Tobak (nikotin) er ei gamal god råd mot matleide, mot magesjuke og orm (makk i mage og tarmar). Den verkar best som tobaklåg. 15-20, cm. eller like mange gram rulltobak åt kvar sau og noko mindre åt lam er ein høveleg dosis opkoka i 300 gr. vatn. Dette lyt gjevast med 1/3 i 3 morgonar etter kvarandre før foring. Istaden for tobaklåg kan ein deila tobakken i skråer og gjeva dei heile, 1/3 kvar morgo. Men det har synt seg, at dette ikkje verkar so godt som tobaklåg.

2. Coopers Husk Remedy. Dette er ein flytande medicin frå England og skal vera god for mangt. Den er å få hjå S. H. Lundh i Nidaros, men er diverre noko dyr. Men så skal det ikkje mykje til av han, 1/2 teskei til 2-3 matskeier mjølk eller vatn. Mot magesjuke hjå sauer og lam har ingen verka so godt og nøgt som denne. Sjølv pa feitaste håbeite om haustane har 1-2 dosar av denne gjort av med magesjuken.

3. Distol. Dette er ei væta i gelatinkapslar, som framom noko anna skal gjera ende på "vassott". Då sauene her ikkje har hatt "vassott", har "Distol" vore prøva med framande sauer. Dei har havt stor "vassposa" under kjaken og vore mest halvdaude. Um 2 dagar har vassposan vore vekk og sauene spræke att.

Desse kapslane lyt brukast etter visse reglar som stend på yskjone dei er i. Dei er so dyre at det vert mest kr. 4-5 til berging av ein sau.

4. Serapis. Dette er mykje billegare gelatinkapslar for "vassott". Desse er giftige, so ein må helst gjeva litt mindre enn det stend i rettleidinga, som fyl med. So lyt ein ansa vel på med foringa i 4 dagar før og etter dyra har fått "Serapis".

5. 0vinal. Dette er kapslar, som serleg skal høva mot ymse magemakk, serleg rundmakk og ikter og mot magesjuke. Denne er også so giftig at dyra kurar adskillig i fleire dagar etter. Ein må difor fylgja rettleidinga nøgje og ikkje gjeva for mykje.

6. Vulpin. Desse kapslane har her synt seg å verka betre enn noko andre. Dei skal hjelpa for mest alle sortar makk. Og so vert ikkje sauer eller lam sjuke av dei, og der er ikkje noko vanske med foringa før og etter. Som eit døme skal nemnast 4 skraplam, som i haust var berre skinn og bein og magesjuke. Den 12. december vog kvart lam ikkje meir enn 18,5, 19,5, 20,5 og 22 kg. levandevekt. Dei fekk "Vulpin" alle 4, og 10. mars vog dei 33, 34, 40,5 og 38 kg., hadde soleis vokse mykje og vorte feite. Vil serleg gjera folk merksame på denne vedondermedisinen, som er å få utan resept hjå apotekane eller A-S Apotekenes laboratorium, Skøyen. Rettleiding fyl med. Prisen er ikkje urimeleg høg. Det er so, at 4 lam er forlite til ei prøva. Det vil difor verta gjort fleire freistnader med "Vulpin". Men denne prøva har synt so framifrå verknad, at folk bør få vita om ho alt no og gjera freistnader med dei sjuke sauene sine alt i vår.

Sjølvsagt er ikkje berre medisin nok. Avmagra sauer lyt samstundes setjast inn på god foring, kraftforblanding med sillmjøl i, og so mykje høy dei greider eta.