Arne Vardehaug. Landbrukstidende s 82, 1934
Arne Vardehaug
Ja rettno kjem våren; våren som både folk og fe gled seg til, og sauen ikkje minst. Sauen er eit friluftsdyr som gjerne vil ha frisk luft og utsyn, og han lengtar so sårt om å få koma ut frå myrke, tronge, kvalme rom. Sjå berre kor glad både sauer og lam er den første dag dei får vera ute. Dei lika seg på det grønne saftige kulturbeite. Ei lita trø med fint godt kulturbeite er det vel ordna til for sauen og vil eg tru? Er det ikkje, so er det just tida til å ta til, for litt beite må sauen ha heime og vår og haust. Men han skal ikkje vera heime lenge. Sauen skal tilfjelds so fort råd er. Han skal vekk frå heimejordet og heimehavna. Op frå skog og myrar og til høgfjellet der reinen bur.
Ja de har vel gått igang med organisasjon av sauedriften på fjellet no? Har de ikkje, so er det på tide å byrja ordna seg no. Eg skal fortelja dykk litt om korbeis eg meiner de skal ordna dykk: Få ein enkelt mann til å ta på seg det heile; eller skipa eit lag og leia dykk høgfjelshavn og gjætar. Til høgfjellet må sauen. I dalane og låglidene trivs sauen ikkje so godt; sjølv om graset der er som slåtteng, so vert han ikkje so feit, fin og helsug som når han går og nappar smågraset i del høgste høgder. Før eg greier ut om sjølve drifta, må eg få nemna eit par faktorar som spelar ei stor rolle, ja so stor at tiltaket står og fell med del.
Den første faktoren er gjætaren.
Same kva dyr som skal gjætast, er det om å ha ein samvetsfuld fjell- og dyrevant gjætar. Det er ofte når folk skal velja gjætar, so ser del etter den biligste. Større feil kan dei aldri gjera, det har vist seg ofte at slike folk vert dei dyraste. Ein høyrar ofte sagt at ein skal plokka ber, fiska og ha det so gildt og tena pengar uten om gjætinga og. Er det gjætarar som resonerar slik, so veit eg på forhand, dei dur ikkje. So lettvindt er det no ikkje skal ein få alt til å gå vel og etter ei vel uttenkt plan. Eit godt råd vil eg gjeva dykk: skal de ta til med fjelldrifta, få i ein god gjætar. Betal heller godt å få ein dugande mann, alt står og fell med gjætaren.
Den neste faktor er gjætarhunden.
Ein hund er umissande; eg ser meg no ikkje råd med å driva med fjelldrifter utan gode hundar. Hunden gjer ofte meire arbeid enn fleire mann, og betre vett til å behandle dyr har hunden enn mange vyrdlausinger. Eg har om vårane sett kviger å sauer gå klar i drivinga; karane kan ofte denga med uverge, ja skamslær ofte dyra. Men hundane, dei neiter å gå på utkøyrde dyr; men ser på ein med store auga som del vil segja: "Ser du ikkje at dyret ikkje greier meire?". Men er det troll til dyr so går dei på og tuktar, og hunden sin tugt verkar mykje betre enn om ein sto og dengde dyret ein heil månad. Skal ein få glede av hunden, må det vera ein god hund av rett type. Eg har frista både med krydsingsdyr og andre hundetyper enn buhunden; eg tykte eg ikkje hadde råd til å få i dei dyre buhundar. Men det vart meg ei dyr lære; eg freistar ikkje andre hundar meire enn del som so å segja har gjætinga i blodet. Hugs so på å vera god med hunden; ein får ikkje til ein god gjætarhund med å bruka bank, det tolar han ofte lite av. Som sagt, ein god gjætarhund er umissan ved fjelldrifter. Ein kan vera både gamal og støl har ein gode hundar, gjætar ein like godt som den sprekaste unggut, og ikkje betre.
So vil vi sjå litt på samdrift med sau.
Når det ikkje er udyr, kan sauen gå ugjætt; det er det beste for han, når berre sauen då kjem seg op frå skogane og op i høgfjellet. Er han ikkje vant med å gå i høgfjellet so må ein gjæta eit par år iallefall; og det er det gode med sauen, har han han vent seg til ei trakt so held han den. Og er det ein mann som har sau som om våren sjølvmint stryk til høgfjellet og om hausten kjem ned at i feit og fin stand, so må mannen vera var med den sauen. Han må då hugsa at for han, er den sauen den beste; korkje det eine eller andre rasedyret kan då konkurera ut gamlesauen.
Før ein reiser til fjells med sauen må han vera klypt i god tid, eit par md. før, so han ikkje er heilt snau so han frys dei første dagar på fjellet. So må ein ha øyremerke og merkeklave for kvar eigar, og sist men ikkje minst eit driftsmerke for heile drifta. Til det brukar ein ein stor bokstav eller eit stort kryds eller liknande som ein malar på eine sida av sauen. Til maling brukar ein helst tjøra som må gniast godt inn i ulla; då sitt det heile sumaren, og gjætaren kan heile sumaren kjenna s i n e sauer.
Ein må ikkje ordna det slik at gjætaren er ansvarleg for sauen; då kan han verta freista til å halle sauen for mykje samla og ikkje lata dei spreida seg nok på beite. Det vert store tap for saueeigaren, når sauen då kjem heim magre og lamma små om hausten. Det er betre om ein missar eit par av hundrad enn all sauen kjem heim i dårleg forfatning. Det er om å gjera at gjætaren sleppar sauen frå seg litt, lett dei skill seg i småskokkar og lett då kvar småflokk få velja seg ei vol eller lid der dei held. Lett dei so gå der, og driv dei tilbake om det trengs. Det er strevsamare for gjætaren, men for saueeigaren løner det seg godt. Diet er ikkje fårlegt å beholde ein 300-400 sau, når ein held dei samla og om kveldane driv dei i natt-trø. Men det er ikkje best for sauene. Sauen vil i høgda, når det lid på sumaren, og der må han få vera både natt og dag. Og i 3-4 tida om morgonen er han i travel verksamd med å beite og sjå seg om etter nye beitefelt, so gjætaren gjer rett i å halda auga med han då. Natta vert vel stutt; men gjætaren kan ta seg ei dugeleg middagskvile, sauen gjer og det. Gjætar ein sauen slik, so vener han seg til trakta, vert fin og feit, og kan so om eit par år gå ugjætt. Med ei slik gjæting som eg her har nemt kan ein flink mann med eit par flinke hundar fint greida ein 500-800 sau, er det sagt i frå hold der dei driv gjamt med slike drifter.
Ein høyrer ofte at folk er redd å sleppa sauen til langfjellet, når ein har dei småe vårlamma. Det er ingen fåre med om lamma er berre 8 dagar når ein fer tilfjells. Men ein må driva varsomt når ein fer op om vårane. Eg har då sett at feite tunge sauer har gått klar, men aldri har eg sett friske smålam har gjeve op. Og om hausten er gjerne alle smålam tilstades og har vorte store og fine når dei er i høgfjellet. I skogtraktene kan dei ofte koma burt; der er og rev og hundar verre. I høgfjellet er det utsyn so sauen betre kan passa lammet sitt. Og hundar som ferdas der er oftest under kontroll.
Ta so til og ordna sauedriften tilfjells. Skal vi få nokon greie på saueholdet vårt her i Trøndelag, so må vi no: Koma bort frå vinterlaming! - Ha sauene til høgfjellsbeite om sumaren!