Jon Sæland. Landbrukstidende s82, 1936
Jon Sæland, statskonsulent i saueavl
Dette hev eg skrive um m.a. i fyrste bandet av "Ættebok yver verar av dalaslaget". Upphavet er den engelske Leicestersau, i k k j e border-Leicester. Men det ser ikkje ut til at Engdal trur på dette. I nr. 7 av dette bladet skriv han m. a. um "de norske rester av border-Leicester" som me hev "bevart i form av dalasau". Men då dette er reint galt, spurde eg i nr. 8 kvar han hadde dette ifrå, "at dalasauen er rester av border Leicestersauen". Kann ein kalla dette "galt citert"? Nei.
Engdal "tror" framleides (etter det han skriv i nr. 10) at det er border-Leicester i dalasauen. Ja i nr. 7 skriv han jamvel soleis at folk må tru at dalasauen er border Leicester. Høyr her: "Vi holder nu på å få av de beste saueslag i verden for halvblodsavl, nemleg cheviot og b o r d e r L e i c es t e r" (her meiner han dalasauen), skriv han.
Men no når han brukar ei heil side i dette bladet til å svara på spurnaden min, finn han likevel ikkje eit einaste prov for at det nokon gong er innførd border-Leicester til Noreg. Han berre held på med Leicester, og det veit då Engdal at det er stor skilnad på dette og border-Leicester.
Dette siste saueslaget veit ikkje eg av er kome til Noreg n o k o n g o n g når me tek undan 4 verar som eg kjøpte i Skottland 1919. Men desse gjekk av ymse grunnar heilt ut og fekk inkje å segja korkje på dalasauen eller annan sau i landet.
Eitt er visst: dalasauen ættar so å segja einast frå den Leicestersauen som kapteinane Christensen og Tillisch hadde i Vik i Sogn. Litt av Leicesterflokken som Nils Juel på Halsnøy hadde, kann det k a n s k j e vera i han. Ja, so veit me og at det stundom er litt innblanding av cheviot eller andre norske saueslag. Men border-Leicester ? Nei.
Men Engdal "tror fremdeles at dalasauens ull og kroppsform m. v. tyder på innblanding av border-Leicester". Dette er reint uskyneleg, for dalasauen er so ulik border-Leicester som natt og dag. Dette gjeld ogso den dalaflokken som er på Edøy.
Her tek eg med eit bilete av ei typisk border-Leicester gimber. So kann folk få sjå um d e i finn likskap millom denne og dalasauen.
Her ser me eit uvanleg høgføtt smålog med lite og smalt, høgreist hovud, digert bryst, diger bakende, rak rygg og med sers lite og tunn ull som er "perlekrulla".
Det skal ei sterk "tru" til for å finna likskap her.
Jon Sæland