J Birkeland. Landbrukstidende s93-94, 1938
J. Byrkjeland, Fana
At smalen er skjerr er i mange høve eit lyte. Og sume tykkjer dette er so stort eit lyte at dei av den grunn byter smalarase. No er det som me veit spelesau og sheviotsau som i dette stykke er verst. Rygjasau og dalasau er spakare av seg. Dei er ikkje so spræke til beins.
No hender det som me veit, at unfenad og vert skjerre, so ein får mykje bal med å henta dei heim um hausten, og til sist lyt setja manngard på deim, eller jaga dei i fella. Ja jamvel unghest kann verta skjerr so han vert på. Når det gjeld naut og hest, har elles folk som er kjende sine grunnar dei veit å peika på. Oftast vil dei vel kansa på at det er lite dyregode folk som har stjorna dyri, og difor vert dei skjerre.
Merkeleg nok høyrer ein sjeldan same grunnen når det gjeld sau, endå det skulde undra meg um det ikkje er noko av det same. Men det er vel dette at det frå gamalt har kome inn i folkemedvitet at å gjeva sauen ein godbete no og då, det er på ågjegn. Ein kann unna både naut og hest ei mjølsåd og vel so det, men kva skal sauen med slikt?
No kann eg minnast frå min ungdom, at smalen hjå husmennene tidt var mildare enn smalen til gardmennene. Og alle skyna at dette kom av at husmannssmalen vart meir hylla med det som godt var. Ofte var dei so milde at dei ikkje trong jaga smalen heim, men dei lokka dei med seg med eitkvart knusk dei hadde i lumma. Dette kom ikkje då av rasen, men einast av medferdi.
Når det då no ofte går ord um kor skjerr cheviotsmalen er, må eg minnast dette. Og eg tykkjer og eg i nokon mun kann tala av røynsla. Eg har i k k j e vorte ute for at cheviotsmalen er skjerr. Men ein må læra seg til å ansa um sauen samleis som dei andre husdyri. Ven ein han til med å få noko godt medan han er inne eller med han går på heimebeite, skal det vera ein merkeleg cheviotsau, um han ikkje snart vert so mild at du kann lokka han til deg når du vil. Eg vil ikkje nekta for at dalasauen er endå spakare. Det.er no drage so sterkt fram og der at han skal vera lavøyrd og daudlynd. Men med dette daudlynde kann det då og fylgja at denne eigenskapen og kjem fram i andre muner, som er sist skreiv um. At sauen er sprek, kann og vera ein fyremun i dette mangslungne landet.
Det er då eit spursmål um det gode fotalaget til chevioten i seg sjølv er grunn nok tll å avøyda han, når han elles er gild. Vel er det vondt å høyra, at sau vert gangande atti fjellet avdi han er vorten so skjerr at det ikkje står i manna-makt å få han heim til bygdar. Men det må då og takast med i rekningi at ein i alt arbeid ofte lyt taka med utemjingar, som ikkje evnar å gjera det dei er fyresette på ein forsvarleg måte. Skjerrleiken kjem vel ofte av uvitig driving. Ein skræmer sauen i staden or at ein skulde lokka han. Og er då ulukka fyrst skjedd, er han ikkje god å gjera med. Men det er upplagt, at vilde kvar sauehaldar syta for at ein var gode med sauen medan dei var heime, ute eller inne, skulde ein ikkje svært ofte høyra um skjerre sau.
Her i Fana er det mykje sau, og so å segja alt er cheviotsau, men eg har endå ikkje høyrt nokon sauehaldar her klaga på at sauen er skjerr. Men so vert sauen kvart år send til beites, og gjerne driven fram og tilbake i flokk. Det lærer no sauen, kva rase han so er av, til å halda flokken. Dinæst er Fanabøndene svært gode med sauen, og det kann gjera sitt. I vissa er det so at sauen i Fana, endå det er cheviot er likso spak og likso mild som det var dalasau.
Del av huslyden som best steller um sauen vil vanleg kunna lokka han til seg kor som helst, jamvel i fjellbeite, um dei no har noko å bjoda på. Sjølve tykkjer dei dette er ingen kunst. Men ein lyt koma det i hug, når ein høyrer dei i sume bygder gjer denne skjerrleiken til eit stort nummer. Eigenleg er det vel ikkje noko kunst å gjera sauen spak. Vert sauen skjerr, kjem det venteleg av at ein ikkje steller seg med han som ein burde og skulde. Steller ein sauen på rett vis, so vert han mild.