O. Th. Engdal. Landbrukstidende s93, 1939
0. Th. Engdal, Statens sauealsgard, Edøy
Lammingstida er den mest spanande og mest strevsame tida for sauealarane. Spanande, avdi det kjem so mange liv, og avdi desse avgjer om det skal verta vinning eller tap av drifta i eit heilt år. Det gjeld difor om å berga alle desse liva på den best mogelege måten, anten dei kjem natt eller dag. Vanheld i lammingstida kjem som regel berre av at eit eller anna ikkje er gjort rett, eller at ein ikkje har passa på i kvar augneblinken.
Men einn treng om å byrgja passa godt på kring ein månad før lamminga. Er det lause tenner i kjeften, eller anna gjer at søya vert i for klent hold, lyt dette verta retta og dei magre sett på god foring, få ekstra noko sillavfald, litt sillmjøl i heil havre eller blanda med mjøl. 0,1-0,2 kg. kraftfor eller meir pr. søye om dag attåt anna god foring gjev merg og store og gilde snarveksande lam, istaden for sveklingar som ikkje vert liv laga eller berre til hefte og bry.
Kring ein månad før lamminga bør ogso tallen ut av fjøset, so det vert so lite fåre som mogeleg for infeksjon av gjødselbakterier. Det vil og vera godt å kløppa søyene før lamminga. Det vert då mindre fåre for at lamma får i seg ull eller lort frå mora, og so vert søyene høveleg ulla, til dei kjem ut i frost og væte om våren. Det er dyrplaging å snaukløppa straks etter lamminga om våren.
Nerare innåt lammingstida trengs endå meir reinsemd i saufløset, om det ikkje skal verta magesjuke, navleinfeksjon eller anna drepande sjuke på smålamma. All innreiding bør verta reinvaska og veggene so langt op at ikkje smålamma når i og gneg i seg lort. Dessutan lyt ein ei tid fyreåt og unner lamminga bruka rikleg med rein halm eller halm-hakk til strøy, so jura på søyene held seg reine og turre, når lamma skall suge. Reinsemda har mykje meir å segja til å sleppa lammedaude enn noko anna. Det er ikkje å undrast på at det vert lammesjuke og jursjuke i skitne fjøs og på skitten og blaut talle.
Der paringsdagen om hausten er opskriven, veit ein lammingstida om våren. Er søya t. d. para ein dag i november, lammar ho 4-5 dagar før dette dagetalet i april. Det er soleis letvindt å rekna seg til lammingsdagen, og ein trengom fylgja god med so inga søye lammar, uten at nokon er tilstades både natt og dag. Det er sers om å gjera å vera attmed nett i den agneblinken lammet kjem. Det vert oftast fødd i heile pose, og har søya vore mykje klen, so hender det ofte at ho ikkje ansar på straks å sleika i seg hinna, so lammet får pusta. På det viset kreperer mange lam.
Men det kan vera mangt anna å passa på unner lamminga. Straks søya vert lammeklein, bør ein taka ho ut av flokken og setja ho i ein liten binge for seg sjølv, eller der det berre er ei eller tvo. Vert det for lenge, før vatsposen kjem, treng ein kjenne etter med langfingeren, om lammet ligg rett. Ein skal då kjenna 2 klauver, som snur unnerflata ned. Oppå dei skal ein kjenna mulen. Då er alt rett, og det er ikklje fårleg, om lamminga tek både ein time og meir. Tek det for lang tid, før skallen kjem fram, kan ein varsamt hjelpa til. Det vert då rettast å leggja søya ned. Serleg er det om å gjera å snakka vel med ho og roa ho, i vissa om det er ei, som lammar første gongen. Då gjeld det og å vera varsam, med det same lammet kjem, so ho ikkie vert skremd og ikkje vil vita av lammet sitt. Får ein ikkje roa ho til å sleika det, kan det verta uråd seinare. Det hjelper somtid heller ikkje med å strø mjøl på lammet. Slike vanheld kan få store fylgjer, med mykje bry og plunder. Like vel kan det enda med at lammet kreperer og søya får øydelagd jur.
Det er ikkje alltid, at lammet kjem rett. Det hender ofte at eit eller anna er i vegen, sjølv om vatsposan kjem. Ein kan t. d. kjenna berre rompa på lammet eller sjå i ho. Eller det kjem klauver som snurunnerflata op, eller ein kjenner berre haseknokane langt inni. Då er det bakenden som kjem først. Er det berre rompa eller haseknokane ein kjenner, kan ikkje lammet fødast slik. Men dette er lett å retta, om det ikkje vert venta for lenge. Ein skjer og skrapar neglane på høgre handa og smører ho med maskinolje. Ei lita hand er best. Ho kjem lett inn og får skuve lammet so langt framover, at ein varsamt får bakføtene op og fram samstundes med rompa. Ein lyt akta seg, so ikkje navlestrengen vert avriven. Det vert no rettast å få lammet framdrege snarast mogeleg, so ikkje navlestrengen vert klemd saman i bekkenet for lenge, til lammet vert kvelt. Dette er det ingen fåre med, når haudet kjem ut først.
Lammefostret kan liggja galt på fleire måtar. Det kan koma berre haud og ikkje føter. Lammet kan heller ikkje fødast på denne måten. Er haudet alt utkome, gjeld det om å vera snar, so ikkje børa (lamlega) får krympa saman for mykje. Lammet lyt nemleg innat, til ein får fram imindisto ein framfot saman med ha-det. Når ein veit korleis lammet skal liggja, er det i dei fleste høve lett å retta feillega, om det ikkje vert venta for lenge.
Verre er det, om ikkje noko kjem, etterat søya har vore klen ei rid. Ho kan då vera "grodd", d. v. segja at børmunnen ikkje opnar seg. Anten dette kjem av krampe eller anna, lyt ein prøva blokka op børmunnen m.ed fingrane. Nyttar dette ikkje, er det vandt å bruka kniv og å bruka han på rette måten derinne. Dette lyt helst verta gjort av dyrlækjar, om liv skal bergast.
Greida kjem straks etter lamminga. Ho lyt havast ut, so ho ikkje vert liggjande å rotna i tallen. Dreg det for lenge ut, lyt ein prøva draga ho varsamt fram. Det kan gå både ein dag og meir, før det siste losnar. Det kan då verta turvande å skyle ut børa med lunka lysoform,vatn.
Har søya fått tvillinglam, vert det om å gjera at ho har mykje mjølk, og at lamma er store og spræke og kan hjelpa seg sjølve. Det vert ei fest å stella i eit fjøs med mange slike; men er det omvendt, so hutte tu -.
Telkna det til lite mjølk, etter søya har greidd seg, lyt ho få noko heil havre eller anna mjølkedrivande kraftfor attåt anna god foring, so det kan verta nøgda råmjølk til lamma snarast mogeleg. Vert det for lite av denne dei første par døger får ikkje lamma frå seg tarmbekket og kan krepere. Har ei anna søye rikeleg med råmjølk, lyt ein prøva imindsto få eit lam til å suga ho. Men det gjeld å vera merksam på ikkje å taka so mykje at det vert for lite til hennar eiga lam. Medisin har vore prøva til å kvitta tarmbekket; men ikkje noko er pålitande. Somtd har lamma so lite av det, at det ikkje gjer noko. Slike lam kan og greida seg på berre kumjølk del første dagane; men dei fleste stryk med på berre kumjølk.
Ein skynar difor kor turvande det er, at søya er i mjølkegivande hold før lamminga. Er ho det ikkje, vert det kan henda ogso so små, slappe og veike nyføldingar, at dei ikkje greider korkje stå eller suge, og då vert plaga dubbel. Det vert då eilt stendig kav med å hjelpa desse stakkarane både til å få morsmjølk og kumjølk, og lel vert det stor lammedaude og - unnerskot på drifta.
Missar ei mjølkegivande søye lam, so vert det ei hjelp for mjølkelausingane. Det daude lammet lyt flåast straks, og skinnet vert då sauma på eit lam som skal venjast unner. Tilvenjinga går då av seg sjølv. "Skinnet bedrager". Ellest kan det verta vrangt nok å få ei søye til å taka til seg eit framandit lam, om ho misser sitt eige. Ofte hjelper korkje arrest eller myrkt fengsel saman med lammet i ein liten binge.
Når alt er rett førebudd, går lamminga som ein leik og er morosamaste tida, trass i vakting både natt og dag. Ein treng like vel, sjå vel etter, om alle lamma suger og straks verta merksam, om noko er i vegen: Tarmbekket kan klina til rompa og stenge for avføringa, eit tvillinglam kan verta fråjaga av ein rådriken bror eller syster, ein spene kan verta so sår at søya ikkje vil stå o.s. burtetter.
Skulde trass i alt magesjuke syna seg, hjelper ofte nokre dropar opium eller Conradis kolerinedropar. Er det forstopping, kan ein prøva med ein såpepille i endetarmen eller få lammet til å drikka litt sirupvatn. At lamma remjer litt, når dei får frå seg tarmbekket har ikkje noko å segja, når det berre kjem.
Som regel skal alle einlama søyer få nok mjølk på god høyforing. Lauv, rotvokstrar eller silo attåt hjelper til. SkaI tvillinglam veksa snøggt inne, lyt mora attåt få noko kraftfor av eit eller anna slag. 0,1-0,2 kg eller meire om dag vil hjelpa godt på voksteren hjå tvillinglamma.
Er lamma vélso vikegamle inne, får dei gnagelyst for skuld tannvokster og trong etter anna enn berre mjølk. Dei burde no koma ut på nygroe og rein mark. Ellest vil dei bita i alt mogeleg og helst det som ikkje er reint i talle og strø, ull og alt anna. Dei bør difor få metta inn i ei krå for seg sjølve og finna nokre reine og fine høystrå å prøva seg på.
Ein solskinsdag bør dei få vera med ut første gongen. Der lamma er plaga av rakit (krampe) når dei kjem ut, bør ein gjeva dei eit par teskeider tran dei 2-3 første dagane dei er ute.
Statens sauealsgard, Edøy.