Jon Sæland. Landbrukstidende s94-95, 1938
Jon Sæland, statskonsulent i saueal
Som alle veit som les Landbrukstidende hev eg tidt rådd til, at folk i Trøndelag som enno fær vinterlamb skulde gjøda desse og selja tidleg um våren når kroppen veg berre 8 kg. og lambi berre millom 15 og 20 kg. Ifjor gjorde eg i eigen sauflokk (karakulblanding) ei utrøyning med slike lamb, 40 stykker ialt: Dei vart fødde i februar-mars og slakta millom 19. mars og 14. mai då dei var frå 30 til 55 dagar gamle. Kjøtkroppane vog då i medel for alle 8 kg. tilsaman 326,1 kg. som på Oslo kjøthall (kommisjonær) vart seld for kr. 1233,77. Utgiftene med salet vart kr. 65,69 (19 øre pr. kg.). Nettoprisen vart soleis kr. 1168,08 eller kr. 29,23 i medel for kvart lamb. Skinni vart selde for tvo kronor stykket (skinnhandlaren i bygdi) og innmaten for 2 kronor (lågt rekna). Medel nettoprisen for lambi vart soleis kr. 35,23 og heile salssummen kr. 1328,08.
Som du ser er ikkje dette ille. Det er b r a. Ein fær ikkje nåme nær so mykje for dubbelt so tunge lamb um hausten når prisen er heller liten. No vart medelprisen kr. 3,80 pr. kg. (brutto) og medel nettoprisen kr. 3,59 og endå var det med i dette fire lamb som var for magre og soleis berre nådde kr. 2,50 pr. kg. og var selde so seint som 14. mai.
Kom ihug at sugarlambi må vera u n g e o g f e i t e um kjøtprisen skal bli høg. Dette skreiv eg um ifjor og fyrre året i denne tidende. Like eins korleis ein :skulde f å dei feite i ung alder.
I Trondheim er det ikkje so fine folk, at del kjøper sugarlamb-(dilamb-)kjøt til stor yverpris. Difor lyt kjøtet sendast til Oslo (eller Bergen). Men kanskje Trondheim kunde venjast til det, dei som andre. Det er det beste kjøtet som er i landet.