O. Th. Engdal. Landbrukstidende nr. 12. Sidene 95-96, 1940

Tautersauen må ikkje døy

 

0. Th. Engdal

Hr. tannlækjar Herlofsen ynsykjer høyra, om eg trur at tautersauen ved kryssing kan bli ein god ullog kjøtsau. Først vil eg få nemna noko om røynsler og forsøk frå den tid, det var ein tauterstamme her på garden.

Det vart ført serskilt forrekneskap for den. Desse synte at lamtunge tautersøyer måtte få litt mere vinterfor pr. 50 kg. l.v. enn dei andre slag som var her, sjeviot og sutherlands. Men dette kom av at tautersøyene kvart år hadde fleire tvillinglam enn dei andre, og at dei nytta vinterbeita kleinare, medan det vart rekna likt med dei andre.

Alt i 1921 og 22 gjorde me nøgnare forsøk med sjeviot og tauter unner inneforing på like vilkår. No synte det seg, at båe slag hadde same forbruk av livnæringsfor pr. 150 kg. l.v. Ved auka foring viste det seg at tautersøyene hadde vel so stor tilvekst som sjeviot. Ved gjødforing til første kjøtsjået i Trondheim nådde ein tauterskrott høgste slakteprocent.

Det var på beita herute vinter og sumar at tautersøyene ikkje greidde seg ilag med dei andre. Lamma vaks seinare, og søyene auka mindre i vekt enn del andre til hausten. Dei roa seg heller ikkje ilag med dei andre. På vinterbeita lika dei seg slett ikkje i regn og rusk og kom då sutrande heim lenge før del andre. Når ein ser kor rappkjefta sjeviotsauen er på beita, kor storetande dalasauen er og beintfram grådig f. eks. leicester er til å hava i seg, er det lett å skyna at tautersauen laut tapa i tevlinga på beita herute.

Eg trudde difor, at han vilde greida seg godt, når stammen kom for seg sjølv til eit godt innlandsbeite som på Grande gård, i Namdalen. Av årsmeldingane for 1924-36 ser eg, at søyene har vore i godt hold om hausten, har havt mange lam (tvillingar) og teke fleire førstepremlar på sausjå. Statskons. Sæland sa ofte at dyra var store og fine og hadde god vokster. Stammen må soleis vore fuldt tevlefør; men noko rekneskap for foring og tilvekst har eg ikkje set.

Men sett, at rekneskap hadde synt like stor samla beitetilvekst pr. 100 f.v. vinterfor som andre meir grovullla slag. Tautersauene hadde dermed dokumentert seg som den mest lønsame. Dette syner at me treng kontrollreknskap i saueavlen ogso, om det skal verta slutt på racestrid, og istaden verta eiit pålitande grunnlag å byggja på.

Det er serleg to ting som gjer, at eg trur ei opfrisking ved kryssing er turvande. For det første er det no so lite tautersau, at mest alt er for innavla og nerskyldt. Kanskje dette gjer andre årsaken, nemleg at slaget har for lite energi eller beintfram for lite etarlyst. Vart friskt blod langt utanfrå bruka, kunde både heiterosis og homozygoti i avlen syna gagnleg verknad på fleire måtar, om ein trefte det rette.

Medan stammen var her tenkte eg ofte å gjera framlegg om kjøp av ein Ryelandver. Dette er ein finulla kjøtsau frå vest-England og har merinoblod som tautersauen. Eg kjenner slaget berre frå bøker, og det kan vera andre som kjenner det betre. Engelske bøker segjer m.a. at Ryelandslaget no (etter 1920) er på toppen, eller "very near the topp", som kjøt- og ullsau, og den er sett høgt for produsering av feite lam både med søyer av eige og andre slag, ja lamma skal vera feite, når dei er nyfødd. For skuld si gode kroppsform og sin hard-føre konstitusjon har den vore bruka til grunnlag for shropshiresauen. Den skal gjeva stor produksjon av kjøt og ull på gode belter, men skal også greida seg på sidlendte og simple beiter, der andre slag "Would starve". Desutan ser ein av bilete, at augo ikkje er attvoksne av ull ;som på tauter, noko som er ein fyremun der sauen til seinhaustes skal gå i fjellet. Ein skulde soleis tru, at dette slaget vil høva til opfrisking av tauter. Når elt sovidt finulla slag er lønsamt i England, der finullimporten er den største i verda, so skulde ein tru, at det gjekk endå betre å gjera ein sopas finulla kjøtsau lønande i Noreg.

Trønderne har røynsle frå feavlen for, at innkryssing kan få stort verde. Det er difor ikkje meire enn rett, at dette no vert dryfta for tautersauen. og før det er for seint. Det vil ikkje verta nokon storkostnad å kjøpa inn eit par verar eller helst 3-4 verlam frå England. Dei kunde so verta stasjonert hjå opalarar som hadde høveleg beite og ein stamme tautersau.