O. Th. Engdal. Landbrukstidende s98, 1936

Leicester eller Border Leicester i dalasauen

 

0. Th. Engdal, styrar Statens sauealsgard, Edøy

Kan henda, landsens folk ikkje bryr seg meire om denne skrivinga, bladstyraren ikkje heller. Men saka kan få noko å segja for retningslinone i sauealinga frametter og for ein standard for ull og kroppsform, om me eingong kjem so langt. Og so fær me vona, at det går an å greida ut ymse meiningar om ei sak og lel vera like blide.

Hr. Sæland vil framleis ha det til å vera "reint gale", når eg segjer at det er border Leicester i dalasauen, og at eg ikkje fører "eit einaste prov for at det nokon gong er innførd border Leicester til Norig."

Han må difor truleg ikkje vorte var, at eg byrja med å nemna innførsla av sokalla "New-Leicesterfår" i 60-70 åra. Dette betyr nemleg noko anna enn berre Leicester, Disley-Leicester, ophaveleg eller gamalleister. Eg gjekk ut ifrå at han kjende til dette. Eg såg dette namnet første gong i statsagronom Lindequist si "Indberetning om den norske Kvægavl 1857-70". Såg boka hjå statskonsulent Wriedt, som hadde lånt ho frå Selsk. f. Norges vel. Eg skreiv op ymse frå denne boka, m.a. om den store innførsla i 1865, at det vart ført inn 80 Sjeviotlam frå England og 18 saulam og 4 verlam av "New-Leicester". 1 1866 er det att 26 dyr ved "Stamhjorden" hjå Lindequist, "på en nær alle av New-Leicester," segjer han. Dette tyder på, at leisterslaget ogso før må ha vøre jav "New-Leicester". Når han ellest skriv berre Leicester, må ein tru at han meinar nyleister. Med tvo slag måtte det vorte berre rot.

I "Det norske Landbrugs Historie 1815-1870," av landbruksdirektør Smitt vert det ogso sagt, at det i 1865 førtes inn av "NewLeicesterracen". I tida 1846-50 fortel han, at det til Østfold vart ført inn av "den engelske Disley race". Dette er den ekte Leicester eller gamalleister. Landbruksdirektøren skil soleis greidt millom desse tvo.

Dette hadde truleg både han og Lindequist gjort i 1865, om båe slag hadde vore ført inn eller havt saman.

Kva er so "New Leicester" eller nyleister for noko?

I det engelske verket "Farm Live Stock of Great Britain" for 1923 av prof. Robert Wallace finn me s. 643, at dette er det første eller ophavelege namnet på border Leicester. I "British Breeds of Live Stock" for 1913 står, at det først i 1869 var sopas stor skil på Leicester og border Leicester, at "Highland Agricultural Society" fastsette særdeild for dette slaget på sjåa. Truleg vart namnet border Leicester då officielt fastslege. Men det andre namnet heldt seg sakte lenger. Det var altso i 1865 at hr. Lindequist førte leister til Norig. Når han då kalla det "New Leicester", lyt ein med endå meire grunn tru, at dette var border Leicester. Og av dette slaget selde han til folk både aust og vest, nord og sør i landet i fleire år frå "Stamhjorden" sin på Koksenga. Denne bestod i 1867 av 23 søyer, 3 verar og 31 lam, i 68 av 57 dyr. I 1869 ga 20 søyer 31 lam, og han selde lam til 12 spesiedaler stykket. 1 1870 har leisterstammen framleis "særdeles god trivsel", skriv han.

Herifra fekk både Nils Juel på Halsenøy og kaptein Christensen i Sogn aledyr. Det ligg difor nær å tru, at heller ikkje desse hadde gamalleister, men netop --- border Leicester.

Hr. statskonsulenten segjer vidare, at "dalasauen er so ulik border Leicester som natt og dag. Dette gjeld ogso dalaflokken på Edøy". So sett han i bladet eit bilete av ei k u n s t k l ø p t, stuttulla border Leicester-gimber. Jau, då vert det ulikskap. Men lat oss sjå på dei 3 engelske førstepremigibrane her av ekte Leicester, med lang lugg i skallen, perlekrulla ull og høgføtte. Der er ulikskapen, t. d. luggen, større- Dinæst kan me sjå på championveren av HalfBreed (border Leicester - sjeviot). No vert det adskillig mykje likskap med dei beste av dalaslaget. Ulla er t.d. ikkje perlekrulla her. Tek me so det vesle bilete av den store dalasØya, nr. 1006, som statskonsulenten kjøpte hit 1923, so er likskapen ikkje so uskyneleg lenger. Lugg har ho ikkje, og det lange haudet og den snaue nakken er mykje lik på båe. At Half-Breeden held haudet so høgt, kjem mykje av handa som held han. Tek tilslutt med eit (diverre klent) bilete av Half-Breed-veren Purwes, som til prøve vart kjøpt hit frå Skotland 1908. Han er slakteferdig og upussa og held hovudet mykje høgre enn vanleg, for skuld han som held han gale. Ellest hadda han noko grunn til å vera spisk (kry); for han vog 77 kg. slaktvekt. Dette resultat er eit prov på kryssing av sjeviot søye med border Leicester ver, eit prov på kva småvorne søyer som sjeviot kan vera med å gjeva emne til, når veren er av rette slag.

Eg trur at "utgangspunktet", optaket til eit slag har mykje å segja, og at det difor er turvande, at me kjem til heil klårleik ogso i dette spursmålet. Finn hr. statskonsulenten framleis, at eg fer med "dikt", so vonar eg at han gjer so vel å syna dette med betre prov, som slær mine ihel, og då skal eg gje a meg. Det vilde samstundes vore bra å få noko meire greida på, kvar ifrå dalaslaget har det ekte Leicester-blodet sitt.

Det vilde snart vore gildt med ein standard, både for sjeviot- og dalaslaget, for sjevioten av den ikkje for store, men djupe og breide typen med den gode breide etarkjeften, og for dalaslaget ei type med Leicester eller enno betre border-Leicesterblod, som kunde trengja påverknaden til sein vokster undan. Dess før kunde me vona t.d. å få dyr med homozygote eigenskapar til lønsam aling av store lam etter småvorne søyer. Me ser kor stort verde det er i homozygoti, når me alar pelslam med karakulver til kvite søyer av ymse slag og alle lam vert svarte. Kunde me t.d. få store (snarveksande) dalaverar homozygote for snøgg vokster og med det lange fine border Leicesterhaud (utan lugg), vilde småvorne søyer i Norig som i England let kunne føde store halvblodslam. Sauealarane vilde då spara mykje vinterfor, eller dei kunde vinterfora fleire lamsøyer med same formengd og lel få større lam. Og dette lar meire å segja for lønsam saudrift i Norig enn i Skottland og England, der vinterforinga kostar mykje mindre enn hjå oss.

Voner, alle orsakar at dette vart so langt.

Statens sauealsgard, Edøy, 10. mars 1936

0. Th. Engdal